Kvithovudalbatross

fugleart
(Omdirigert frå Thalassarche carteri)
Kvithovudalbatross
Thalassarche carteri søraust for Tasmania Foto: JJ Harrison
Thalassarche carteri søraust for Tasmania
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: Kvithovudalbatross T. carteri
Vitskapleg namn
Thalassarche carteri

Kvithovudalbatross (Thalassarche carteri) er ein albatrossart som hekkar på øyar i sørlege Indiahavet, med størst hekkepopulasjon på Île Amsterdam. Det engelske artsnamnet er Indian yellow-nosed albatross eller Indian Yellow-nosed Mollymawk. Dette taksonet er tradisjonelt, og per 2023 av somme som Clementslista ('eBird/Clements checklist'), rekna som ein underart av gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos.

Skildring endre

Kvithovudalbatross er ein liten albatross i denne biologiske slekta, med ei kroppslengd på ca. 76 cm, vengespenn på 200 cm og dei kan ha kroppsvekt i området 1,8-2,9 kg. Han har ei slank kroppsbygging med smale venger og relativt tynnt nebb.[1] Undersida er kvit, undervengen har ei tynn mørk rand både i framkant og bakkant, ryggen, overside av vengen og halefjørene er mørke. Hovudet er i mest kvitt, kjakane har gråleg skugge, men er langt lysare enn på gulnasealbatross. Eit anna kjenneteikn som skil han frå gulnasealbatrossen er den mørke flekken rundt auga som nesten ikkje er synleg på T. carteri. Nebbet er mørkt med ei gul stripe på oversida.[2] Leveområdet utanom hekketida er i sørlege Indiahavet og austover til New Zealand.[3] Populasjonen er trudd å vere ca. 83 000 individ og er minkande.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Scofield, Paul; Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand - A photographic guide. Auckland: Auckland University Press. ISBN 978-0300196825. 
  2. Onley, D.; Scofield, P. 2007. Albatrosses, petrels and shearwaters of the world. Helm Field Guide, Princeton University Press.
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2014)

Bakgrunnsstoff endre