Thames Valley på New Zealand
Thames Valley er eit landleg område nord på Nordøya på New Zealand. Det ligg langs breiddene til Waihouelva, tidlegare kalla Thames-elva, sør for havbukta Firth of Thames, søraust for Auckland.
Thames Valley | |||
region | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Thames Valley på New Zealand 37°08′54″S 175°33′10″E / 37.1482782°S 175.5529156°E |
Administrativt ligg området delvis under regionen Waikato for somme føremål, og under distriktet Thames-Coromandel for andre.
Hovudnæringsvegen i området er mjølkeproduksjon, og dei viktigaste byane er Paeroa og Te Aroha.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thames Valley, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2008.