Te Aroha er ein landleg by i Thames Valley i regionen WaikatoNew Zealand. Han ligg i distriktet Matamata-Piako. Innbyggjartalet var 3 768 ved folketeljinga i 2006. Byen ligg 53 km nordaust for Hamilton og 50 km sør for Thames. Namnet Te Aroha kjem av maorinamnet på fjellet Mount Te Aroha. I ei maoriforteljing klatra Rāhiri opp på fjellet og såg heimbygda si i det fjerne, og fekk ei kjensle av kjærleik (aroha) for henne. Namnet er ofte attgjeve på engelsk som place of love ('kjærleiksstaden').

Te Aroha
by
Land  New Zealand
Region Waikato
Distrikt Matamata-Piako
Folketal 4 470 (30. juli 2018)
Kart
Te Aroha
37°32′20″S 175°42′33″E / 37.538796°S 175.709143°E / -37.538796; 175.709143
Wikimedia Commons: Te Aroha
Utsikt over Te Aroh frå eit framspring på Mount Te Aroha

Næringsvegar endre

Te Aroha ligg midt i eit jordbruksområde med vekt på mjølkeproduksjon, og mykje av aktiviteten i byen dreier seg om tenesteyting til denne verksemda. Turisme er også veksande i byen.

Geografi endre

Waihouelva renn gjennom Te Aroha. I nærleiken, mot aust, ligg foten til fjellrekkja Kaimai Ranges, og byen ligg under det 952 meter høge fjellet Mount Te Aroha. Mot nord ligg det sumpaktige låglandet i Hauraki Plains. Sist på 1800-talet var Te Aroha ein kjend badeby dit folk drog for å «ta vatnet». Varme kjelder og mineralvasskjelder ligg i nærleiken av bysentrum, det same også verdas einaste naturlege varme sodavass-kjelde (Mokena).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre