Svartefredag

Black Friday, svartfredag eller svartefredag, er ein årleg handledag som finn stad dagen etter thanksgiving i USA. Dagen er den tradisjonelle byrjinga på julehandelen, og mange utsalsstader vert ofte så opna tidleg om natta og tilbyr ei rekkje salsvarer, ofte avgrensa i mengd eller tidsrom. Sidan thanksgiving i USA alltid fell på den fjerde torsdagen i november, vil Black Friday finna stad på ein fredag mellom 23. og 29. november.

Kundar utanfor The Apple Store på Fifth Avenue i New York i USA på Black Friday 23. november 2011.
Ein kunde ventar på Black Friday-tilbod utanfor ein butikk i Tyler i Texas 27. november 2013.

«Black Friday» er eit uttrykk som har vorte nytta i mange samanhengar. Som handelsdag har det amerikansk opphav og går attende til 1800-talet,[1] der det i USA vart assosiert med finanskrisa i 1869.[2][3] Den eldste kjende bruken av «Black Friday» var ein handledag som kom etter thanksgiving ('Takkedagen', då amerikanarar likevel hadde fri) som skjedde den 1. desember 1961 i ei utgåve av avisa The Shortsville-Manchester Enterprise (Shortsville, New York). I denne artikkelen vert det referert til ein bruk av omgrepet av politiet i Rochester i New York.

Det har òg vorte hevda at «Black Friday» skildrar at handelen denne dagen bidreg til at mange butikkar igjen går med overskot – og dermed går frå raude til svarte tal i rekneskapen.[4] Dagen er òg ein viktig indikator på korleis julehandelen kjem til å verta; han fungerer som eit barometer på viljen til folk til å bruka pengar.

Språkrådet har foreslått «svartfredag» eller «svartefredag» for bruk på norsk.[5]

I NoregEndra

Den 26. november 2010 vart shoppingfenomenet «Black Friday» for første gong brukt i Noreg, då Norwegian Outlet i Vestby introduserte handledagen. Komplett.no var den første nettbutikken i Noreg som arrangerte Black Friday, òg i 2010.[6] Eit av dei første norske media som kasta seg på fenomenet kommersielt var Nettavisen, som lenkja til amerikanske nettbutikkar i 2004.[7] Dei seinaste årane har avisa følgt sala i Noreg og USA direkte.[8]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «How Did 'Black Friday' Get Its Name?». Urban Legends Reference Pages. Snopes.com
  2. «Definition of 'Black Friday», Investopedia.com
  3. «The “Black Friday” Gold Scandal, 145 Years Ago», History.com. Sitat: «The stock market joined in on the plunge, dropping a full 20 percentage points and bankrupting or inflicting severe damage on some of Wall Street’s most venerable firms. Thousands of speculators were left financially ruined, and at least one committed suicide. Foreign trade ground to a halt. Farmers may have felt the squeeze most of all, with many seeing the value of their wheat and corn harvests dip by 50 percent.»
  4. Kringstad, Kirsti (26. november 2015): «– Black Friday har virkelig tatt av i år», NRK
  5. «Svartfredag». Språkrådet. 24. november 2016. Henta 23. november 2017. 
  6. Ervik, Kristian (28. november 2014): Derfor heter det «Black Friday», TV2
  7. Jerijervi, Dag Robert. «Nettavisen håver inn på «Black Friday»» (norsk). Henta 19. november 2017. 
  8. «Black Friday tilbud og salg - Nettavisen». blackfriday.nettavisen.no (norsk bokmål). Henta 19. november 2017.