Opna hovudmenyen

Frederick Earl «Shorty» Long (20. mai 194029. juni 1969) var ein amerikansk soulsongar, låtskrivar, musikar og plateprodusent for Motown-etiketten Soul Records. Han vart innlemma i Alabama Jazz Hall of Fame i 1980.

Shorty Long
Fødd20. mai 1940(1940-05-20)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
Død29. juni 1969 (29 år)
DødsstadDetroit i USA
FødenamnFrederick Earl Long
OpphavUSA
SjangerR&B, soul
InstrumentVokal, piano, orgel, trommer, munnspel og trompet
PlateselskapTri-Phi/Harvey, King, Soul/Motown
Verka somsinger-songwriter, songar, musikkprodusent

KarriereEndra

Han vart fødd i Birmingham i Alabama og kom til Motown i 1963 frå selskapet Tri-Phi/Harvey, eigd av syster til Berry Gordy, Gwen, og ektemannen hennar, Harvey Fuqua. Den første utgjevinga hans, «Devil with the Blue Dress On» (1964), skriven med William «Mickey» Stevenson, var den første innspelinga som vart gjeven ut på Soul-etiketten til Motown, som vart laga for meir bluesbaserte artistar som Long. Sjølv om songen aldri gjorde det bra nasjonalt, vart songen spelt inn og vart ein hit i 1966 for Mitch Ryder og The Detroit Wheels. Long-singelen «Function at the Junction» frå 1966 var den første popuære hitten hans og nådde 42. plassen på den nasjonale R&B-lista. andre singlar han gav ut var «It's a Crying Shame» (1964), «Chantilly Lace» (1967), og «Night Fo' Last» (1968).

Den største hitten til Long var «Here Comes the Judge», som i juli 1968 nådde fjerdeplassen på R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100. Songen var inspirert av ein sketsj på Rowan and Martin's Laugh-In om ein dommar spelt av Pigmeat Markham, som sjølv hadde hatt ein hit, «Here Comes the Judge» tre veker etter Long i juli 1968, med eit liknande tema. Denne nådde 19. plassen på Billboard-lista. I 1969 gav Long ut singlane «I Had a Dream» og «A Whiter Shade of Pale». Han gav ut eitt album i levetida si, Here Comes the Judge (1968).

Long spelte mange instrument, som piano, orgel, trommer, munnspel og trompet. Han var seremonimeister for mange Motortown Revue-show og turnear og skreiv fleire av sine eigne songar. Long var den einaste av Motown-artistane i tillegg til Smokey Robinson som fekk lov å produsere sine eigne innspelingar i 1960-åra. Marvin Gaye skildra i David Ritz-biografien Divided Soul: The Life & Times of Marvin Gaye, Shorty Long som «denne vakre karen som hadde to hittar, og så vart ignorert av Motown.»[1] Gaye hevda han «kjempa for karar som Shorty» medan han var i Motown, sidan ingen strekte eg for desse artistane.[1]

DødEndra

Den 29. juni 1969 druna Long og ein ven då båten deira kollsigla på Detroit River i Michigan.[2] Stevie Wonder spelte munnspel i gravferda hans og plasserte det på kista etterpå.[3]

Motown gav ut det siste albumet til Long, The Prime of Shorty Long, kort tid etter han døydde.

DiskografiEndra

AlbumEndra

  • 1968: Here Comes the Judge (LP, SS/SM 709)
  • 1969: The Prime of Shorty Long (LP, SS-719)

SinglarEndra

  • 1964: «Devil with the Blue Dress On»/«Wind It Up» (Soul 35001)
  • 1965: «It's a Crying Shame»/«Out to Get You» (Soul 35005)
  • 1966: «Function at the Junction»/«Call on Me» (Soul 35021)
  • 1967: «Chantilly Lace»/«Your Love is Amazing» (Soul 350031)
  • 1967: «Night Fo' Last» (Vocal) /«Night Fo' Last» (Instrumental) (Soul 35040)
  • 1968: «Here Comes the Judge»/«Sing What You Wanna» (Soul 35044)
  • 1969: «I Had a Dream»/«Ain't No Justice» (Soul 35054)
  • 1969: «A Whiter Shade of Pale»/«When You are Available» (Soul 35064)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ritz, David (2003). Divided Soul: The Life of Marvin Gaye. Basic Books. s. 99. ISBN 0-306-81191-X. 
  2. «'Shorty' Long, Pal, Drown; He's Buried in Alabama». Jet (Johnson Publishing Company) 36 (15): 57. 17. juli 1969. ISSN 0021-5996. 
  3. accompanying booklet to «The Complete Motown Singles Vol. 9, 1968», (2007), Motown Records, pg. 82)]

BakgrunnsstoffEndra