The Acid Queen
Song av The Who
frå albumet Tommy
Utgjeve 23. mai 1969
Innspelt 19. september 1968 til 7. mars 1969
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:34
Selskap Polydor
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert

«The Acid Queen» er ein song skriven av Pete Townshend og den niande songen i rockeoperaen til The Who, Tommy. Songen fortel om foreldra til Tommy som prøver å lækje han. Dei let han vere med ein sigøynar, ei kvinne som kallar seg «Acid Queen» (Syredronninga). Ho gjev Tommy forskjellige hallusinogene stoff.

Songen glir over i det neste sporet på albumet, «Underture», ein lang instrumental som omhandlar hallusinasjonane til Tommy og opplevingane hans med syre.

Fleire kjende songarar har spelt songen, som Merry Clayton, Patti LaBelle, Bette Midler og Tina Turner.

Tina Turner-versjonen endre

Acid Queen
Singel av Tina Turner
Utgjeve 1976
Sjanger Hardrock
Lengd 3:01
Selskap United Artists, EMI
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Ike Turner
Tina Turner-kronologi 
«Whole Lotta Love»
(1976)
Acid Queen «Viva La Money»
(1978)


«Acid Queen» er den tredje singelen frå Tina Turner-albumet Acid Queen, etter «Baby Get It On» og «Whole Lotta Love». Han vart gjeven ut tidleg i 1976. Dette var ei ny innspeling og ikkje den same versjonen som Turner song i filmen Tommy i 1975, der ho spelte Acid Queen.

Songen var den siste Tina Turner-songen som vart produsert av Ike Turner før ho forlet han og the Ike & Tina Turner Revue i 1976.

Den originale filmversjonen av songen finst på samlealbuma The Collected Recordings - Sixties to Nineties (1994), Tina! (2008) og The Platina Collection (2009). Han finst òg på somme Ike & Tina Turner-samlingar som Proud Mary: The Best of Ike & Tina Turner (1991), sjølv om det offisielt er ein Tina Turner-solosong.

Songen vart spelt av Turner på 50th Anniversary Tour i 2008 med element av «Won't Get Fooled Again» og denne finst på DVDen av konsertalbumet Tina Live.

Innhald endre

  1. «Acid Queen» – 3:01
  2. «Let's Spend the Night Together» – 2:58

Kjelder endre