Acid Queen
- Denne artikkelen handlar om Tina Turner-albumet. For The Who-songen, som albumet er kalla opp etter, sjå The Acid Queen.
Acid Queen Studioalbum av Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Pop, R&B, rock, soul | |
Lengd | 35:29 | |
Selskap | United Artists, EMI | |
Produsent | Denny Diante, Spencer Proffer, Ike Turner | |
Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Tina Turns the Country On! (1974) |
Acid Queen | Rough (1978) |
Singlar frå Acid Queen | ||
|
Acid Queen er det andre studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i 1975 på EMI i Storbritannia og United Artists i USA. Sjølv om det er eit soloalbum av Tina Turner, var den første singelen frå albumet, «Baby Get It On», ein duett med Ike Turner, som var den musikalske partneren og ektemannen til Tina Turner på den tida. Det vart det siste studioalbumet ho gav ut før ho forlet Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
Oversyn
endreAcid Queen har henta tittelen frå rolla til Tina Turner i Ken Russell sin filmversjon av den klassiske rockeoperaen til The Who, Tommy, der òg Elton John, Eric Clapton, Jack Nicholson, Ann-Margret og Roger Daltrey spelte.
Side A av den originale vinylplata består av coverversjonar av rockelåtar. Utanom ei nyinnspeling av tittelsporet, inneheld han Rolling Stones sine «Under My Thumb» og «Let's Spend the Night Together», The Who sin «I Can See For Miles» og Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love». Side B var skriven og hovudsakleg produsert av Ike og Tina Turner, og inneheld den siste middels suksessrike R&B-singelen for Ike & Tina Turner, den disco-aktige «Baby Get It On» (US #88, R&B #31). Andre singlar frå albumet var «Whole Lotta Love» (#61 R&B) og «Acid Queen», som kom ut tidleg i 1976.
Acid Queen-albumet er gjeve ut på både vinyl og CD med forskjellige omslag av både EMI Music og den nederlandske etiketten Disky Communications. Den første utgjevinga av albumet på CD inneheld tre bonusspor henta frå Ike & Tina Turner-albuma The Hunter og Outta Season.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Under My Thumb» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:22 |
2. | «Let's Spend the Night Together» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:54 |
3. | «Acid Queen» | Pete Townshend | 3:01 |
4. | «I Can See for Miles» | Pete Townshend | 2:53 |
5. | «Whole Lotta Love» | John Bonham, Willie Dixon, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant | 5:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Baby Get It On» (Ike & Tina Turner) | Ike Turner, Tina Turner | 5:34 |
7. | «Bootsy Whitelaw» | Ike Turner, Tina Turner | 5:06 |
8. | «Pick Me Tonight» | Ike Turner, Tina Turner | 3:13 |
9. | «Rockin' and Rollin'» | Ike Turner, Tina Turner | 4:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «I Know» (Ike & Tina Turner) | Barbara George | 3:22 |
11. | «Crazy 'Bout You Baby» (Ike & Tina Turner) | Sonny Boy Williamson II | 3:26 |
12. | «I've Been Loving You Too Long» (Ike & Tina Turner) | Otis Redding, Jerry Butler | 3:55 |
Medverkande
endre- Tina Turner – solovokal
- Ike Turner – vokal på «Baby Get It On»
- Ed Greene – trommer
- Henry Davis – bassgitar
- Ray Parker jr. – gitar
- Spencer Proffer – gitarar
- Jerry Peters – klaverinstruments
- Clarence McDonald – klaverinstrument
- Jeffrey Marmelzat – klaverinstrument
- Joe Clayton – congas
- Allen Lindgren – Arp, Moog & strykarensemble
- Jimmie Haskell – Arp, Moog & strykarensemble
- The Sid Sharp Strings – strykarar
- Tom Scott – saksofon, elektrisk fløyte, piccolotrompet
- Plas Johnson – saksofon
- Bill Perkins – saksofon
- Lew McCreary – trombone
- Tony Terran – trompet
- Charley Finley – trompet
- Denny Diante – perkusjonsinstrument
Produksjon
endre- Spor A1-A5 produsert av Denny Diante & Spencer Proffer
- Innspeling og miksing: Ron Malo
- Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell
- Strykarar og blåsarar arrangerte av Jimmie Haskell
- Spor B1 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner
- Arrangert av Ike Turner, Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell
- Orkestrert Jimmie Haskell
- Spor B2-B4 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner
- Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Ike Turner
- Innspeling og miksing av Ron Malo
- Orkestrering av Jimmie Haskell
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Acid Queen (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Christgau, Robert (1975). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 12. april 2016.