The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros
The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros Studioalbum av The Flying Burrito Brothers | ||
Utgjeve | Juni 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | Sunset Sound Studios i Los Angeles | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 36:15 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Jim Dickson, Bob Hughes | |
The Flying Burrito Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
Burrito Deluxe (1970) |
The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros | Last of the Red Hot Burritos (1972)
|
The Flying Burrito Bros er det tredje studioalbumet til den amerikanske countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers, gjeve ut våren 1971. Før innspelinga for albumet kom i gang, vart Gram Parsons sparka frå bandet av Chris Hillman, og berre Hillman og «Sneaky» Pete Kleinow var då att som originale medlemmar i bandet. Som erstattar for Parsons, henta bandet inn den unge, ukjende musikaren Rick Roberts,[3] som seinare vart frontmann i Firefall. Gitaristen Bernie Leadon slutta òg i bandet kort tid etter albumet kom ut for å bli med å skipe Eagles.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C+[2] |
Vinteren 1970-1971 drog bandet i Sunset Studios for å spele inn det tredje albumet sitt. Jim Dickson var igjen produsent, assistert av Bob Hughes, og gruppa utvikla originale songar skrivne av Chris Hillman og Rick Roberts, i tillegg til ein song av Bob Dylan, «To Ramona». Fleire unytta opptak frå innspelinga kom seinare ut på fleire samlealbum etter bandet vart oppløyst. Kleinow slutta òg i bandet etter albumet kom ut, for å fokusere meir på studioinnspelingar for andre artistar.[4]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «White Line Fever» | Merle Haggard | 3:16 |
2. | «Colorado» | Rick Roberts | 4:52 |
3. | «Hand to Mouth» | Rick Roberts, Chris Hillman | 3:44 |
4. | «Tried So Hard» | Gene Clark | 3:08 |
5. | «Just Can't Be» | Rick Roberts, Chris Hillman | 4:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «To Ramona» | Bob Dylan | 3:40 |
7. | «Four Days of Rain» | Rick Roberts | 3:39 |
8. | «Can't You Hear Me Calling» | Rick Roberts, Chris Hillman | 2:23 |
9. | «All Alone» | Rick Roberts, Chris Hillman | 3:33 |
10. | «Why Are You Crying (Rick Roberts)» | Rick Roberts | 3:02 |
Total lengd: | 36:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Tried So Hard» (singel) | Gene Clark | |
12. | «Here Tonight» | Gene Clark | |
13. | «Payday» | Jesse Winchester | |
14. | «In My Own Small Way» | Rick Roberts | |
15. | «Feel Good Music» | Rick Roberts | |
16. | «Beat The Heat» (instrumental) | Pete Kleinow | |
17. | «Did You See» | Rick Roberts | |
18. | «Pick Me Up On Your Way Down» | Harlan Howard |
Medverkande
endre- The Flying Burrito Brothers
- Rick Roberts - vokal, rytmegitar
- Chris Hillman - vokal, bass
- Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar
- Bernie Leadon - vokal, gitar, banjo
- Michael Clarke - trommer
- Andre medverkande
- Earl P. Ball - piano
- Bob Gibson - gitar
- Mike Deasy - gitar
Produksjon
endre- Produsent: Jim Dickson/Bob Hughes
- Lydteknikarar: Lillian Davis Douma / Bob Hughes
- Kunstnarisk leiar: Roland Young
- Fotografi: Jim McCrary
- Design: Chuck Beeson
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Flying Burrito Bros (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2020.
- ↑ Hartenbach, Brett. The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ «Flying Burrito Brothers Biography». CMT. Henta 11. desember 2012.
- ↑ «The Byrds Fly in and Out». burritobrother.com. Henta 17. mars 2015.