Mike Deasy
Michael William Deasy (fødd 4. februar 1941) er ein amerikansk er ein rocke- og jazzgitarist. Som studiomusikar har Deasy spelt på mange hitsinglar og album spelt inn i Los Angeles frå 1960- til 1980-åra. Han vert stundom omtalt som Mike Deasy Sr..
Mike Deasy | |||
Mike Deasy i Pärnu i Estland 1992 | |||
Fødd | 4. februar 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Michael William Deasy | ||
Alias | Friar Tuck, Lybuk Hyd, The Flower Pot, The Guitar Man | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Rock, jazz | ||
Instrument | Gitar, sitar, song, | ||
Kjende instrument | Fender, PRS | ||
Plateselskap | Capitol, Sparrow, Saltmine | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Biografi
endreMedan han enno var på vidaregåande skule byrja han å spele i banda som akkompagnerte vitjande musikarar som Ricky Nelson og The Everly Brothers, og spelte òg i turnébandet til Ritchie Valens i lag med Bruce Johnston, Larry Knechtel, Sandy Nelson og Jim Horn. I 1959 vart han med i gruppa til Eddie Cochran, the Kelly Four, der han spelte både gitar og barytonsaksofon og gjorde dei første innspelingane sine.[1][2][3] Han spelte òg med The Coasters og Duane Eddy.[4]
Då Cochran døydde i 1960 vart Deasy ein aktiv studiomusikar i Los Angeles.[5] Deasy gifta seg med systera til Jim Horn, Kathie i 1961, og paret starta seinare sitt eige platestudio og produksjonsselskap, Saltmine Recording. Han spelte som medlem av The Wrecking Crew med Hal Blaine, Joe Osborn, Larry Knechtel og andre, på innspelingar for Phil Spector, og spelte gitar på The Beach Boys-albumet Pet Sounds.[4][5] I 1960-åra og i seinare år arbeidde han òg for the Monkees, the Association, Scott McKenzie, Johnny Rivers, the Fifth Dimension, Rick Nelson, Randy Newman, Spanky & Our Gang, Tommy Roe, Fats Domino, The Byrds, Michael Jackson, Frank Zappa og andre.[4][1]
Han spelte gitar (med Tommy Tedesco og Al Casey) på Elvis Presley sin TV-spesial i 1968, Elvis. Han heldt òg konsertar med musikarar som Cannonball Adderley og Little Richard, og vann magasinet Down Beat si lesarundersøking i 1968.[2] I 1969 vart han av plateprodusenten Terry Melcher invitert til å spele med den nyoppdaga songaren og låtskrivaren Charles Manson.[6] Deasy forlét heimen til Manson etter tre dagar «i ein tilstand av doppåverka paranoia».[5]
Deasy heldt fram å spele for leiande musikarar, som Frank Sinatra, Ella Fitzgerald, Barbra Streisand, Chet Baker og Mel Tormé.[4] Gitaren hans er med i musikken til fleire filmar som The Graduate, Guess Who's Coming to Dinner, Duel, Bullitt og Dirty Harry, og mange reklamefilmar.[4][7]
Frå tidleg i 1970-åra vart Deasy nykristen og spelte i aukande grad kristen musikk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Mike Deasy at Musicians Hall of Fame Arkivert 2014-09-03 ved Wayback Machine.. Henta 28. august 2014
- ↑ 2,0 2,1 Rob Whitehurst, Mike Deasy – Rock and Roll, at MikeDeasy.com Arkivert 2008-07-20 ved Wayback Machine.. Henta 28. august 2014
- ↑ Bobby Cochran, Three Steps to Heaven: The Eddie Cochran Story, Hal Leonard Corporation, 2003
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Biography by Bruce Eder at Allmusic.com. Henta 28. august 2014
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Dawn Eden, The Mike Deasy Story: 2001 interview, 29 June 2006. Henta 28. august 2014
- ↑ Jeff Guinn, Manson: The Life and Times of Charles Manson, Simon and Schuster, 2013, p.222
- ↑ Michael Deasy at IMDb. Henta 28. august 2014
Bakgrunnsstoff
endre- Diskografi på MikeDeasy.com Arkivert 2014-09-03 ved Wayback Machine.