The Jackson 5
The Jackson 5 var ei amerikansk popgruppe som bestod av syskena i den afro-amerikanske familien Jackson frå Gary i Indiana. Popgruppa var aktiv frå 1962 til 1990, og vart byrjinga til den musikalske karrieren til Michael Jackson. Nokre av dei mest kjende singlane til The Jackson 5, var «I Want You Back», «ABC», «Blame It on the Boogie» og «Can You Feel It». I 1997 vart The Jackson 5 innvald i The Rock and Roll Hall of Fame.
The Jackson 5 | |||
The Jackson 5 på fjernsyn i 1972. | |||
Opphav | Gary, Indiana | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1962 - 1990 | ||
Sjanger | Soul, R&B, disco | ||
Plateselskap | Steeltown, Motown, Philadelphia International, Epic | ||
Medlemmer | Jackie Jackson Tito Jackson Jermaine Jackson Marlon Jackson Michael Jackson Randy Jackson | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame |
Gruppekarrieren
endreThe Jackson 5 begynte med brørne Jackie, Tito, Michael, Jermaine og Marlon. I 1969 fekk dei platekontrakt med Motown Records, og dette førte til at heile Jackson-familien flytte til Los Angeles. Michael, yngstemann i gruppa, var frontfigur då dei slo gjennom med sin fyrste singel, «I Want You Back». Dei starta eit samarbeid med songarinna Diana Ross, som hjelpte dei med debutplata Diana Presents The Jackson 5 frå same året. I åra 1970 - 1975 gav gruppa ut til saman ni album og vart svært populære.
I 1975 vart Jermaine Jackson erstatta med veslebror til Michael, Randy. Både Jermaine og Michael begynte med solokarrierar på åttitalet, noko som gjorde at Jackson 5 vart mindre aktive. Jermaine vart med att i 1984, men både Michael og Marlon slutta i 1987.
Familien Jackson
endreForeldra til Jackson-familien heitte Joseph og Katherine Jackson. Katherine Jackson var Jehovas vitne, og oppdrog ungane sine i det same. Dei fekk til saman ti born, og dei fleste av desse vart profesjonelle musikarar i ei eller anna form.
- Maureen Reillette «Rebbie» Jackson (fødd 29. mai 1950)
- Sigmund Esco «Jackie» Jackson (fødd 4. mai 1951)
- Toriano Adaryll «Tito» Jackson (fødd 15. oktober 1953)
- Jermaine La Jaune Jackson (fødd 11. desember 1954)
- La Toya Yvonne Jackson (fødd 29. mai 1956)
- Marlon David Jackson (fødd 12. mars 1957)
- Brandon Jackson (fødd 12. mars 1957, dødfødd)
- Michael Joseph Jackson (29. august 1958–25. juni 2009)
- Steven Randall «Randy» Jackson (fødd 29. oktober 1961)
- Janet Damita Jo Jackson (fødd 16. mai 1966)
I tillegg fekk Joseph Jackson dottera Joh'Vonnie Jackson (fødd 30. august 1974) med Cheryle Terrell.[1]
Diskografi
endre- Diana Ross Presents The Jackson 5 (1969)
- ABC (1970)
- Third Album (1970)
- The Jackson 5 Christmas Album (1970)
- Maybe Tomorrow (1971)
- Goin' Back to Indiana (1971)
- Greatest Hits (The Jackson 5 album) (late 1971)
- Lookin' Through the Windows (1972)
- Skywriter (1973)
- G.I.T.: Get It Together (1973)
- The Jackson 5 in Japan (1973)
- Dancing Machine (1974)
- Moving Violation (1975)
- Anthology (1975)
- The Jacksons (1976)
- Joyful Jukebox Music (1976)
- Goin' Places (1977)
- Destiny (1978)
- Boogie (1979)
- Triumph (1980)
- The Jacksons Live! (1981)
- 18 Greatest Hits (1983)
- Victory (1984)
- 2300 Jackson Street (1989)
- The Jacksons: An American Dream (1992)
- Children of the Light (1993)
- Soulsation! (1995)
- Jackson 5: The Ultimate Collection (1995)
- The Best of Michael Jackson and The Jackson 5ive – The Motown Years (1997)
- The Steeltown Sessions (1999)
- The Essential Jacksons (2004)
- The Very Best of The Jacksons (2004)
- The Jacksons Story (2004)
- Gold (2005)
- Classic Jackson 5 (2008)
- I Want You Back! Unreleased Masters (2009)
- Can You Feel It! The Jacksons Collection (2009)
- Merry Christmas Jackson 5 (2009)
- J Is for Jackson 5 (2010)
- Live at the Forum (2010)
Kjelder
endre«The_Jackson_5» i Store norske leksikon, snl.no. av Jon Vidar Bergan.
- Engelsk Wikipedia om The Jackson 5 og Jackson 5 discography, henta inn 2. april 2011.