The Mamas & the Papas av The Mamas & the Papas
The Mamas & the Papas Studioalbum av The Mamas & the Papas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. august 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Sunshine pop, folkrock, psykedelisk pop | |
Lengd | 31:07 | |
Selskap | Dunhill | |
Produsent | Lou Adler | |
The Mamas & the Papas-kronologi | ||
---|---|---|
If You Can Believe Your Eyes and Ears (1966) |
The Mamas & the Papas | The Mamas & The Papas Deliver (1967)
|
Singlar frå The Mamas & the Papas | ||
|
The Mamas & the Papas er det andre studioalbumet til The Mamas & the Papas, gjeve ut i 1966.[1] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og 24. plassen i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «I Saw Her Again», klatra til femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 11. plassen på UK Singles Chart. «Words of Love» kom ut som den andre singelen i USA og nådde femteplassen der. I Storbritannia vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «Dancing in the Street» (ein coverversjon av hitten til Martha and the Vandellas frå 1964) og nådde 47. plassen der.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Etter det vart oppdaga at gruppemedlemmen Michelle Phillips hadde eit forhold med Gene Clark i The Byrds, braut det ut krangling i bandet og Phillips fekk sparken frå gruppa 4. juni 1966.[2][3][4] I juni vart ein ny songar henta inn for å erstatte ho. Jill Gibson var kjærasten til produsenten Lou Adler på den tida og hadde alt sunge på fleire Jan and Dean-album.
Biletet for framsida av omslaget var alt tatt, der Michelle Phillips var godt synleg. Dunhill fekk Gibson til å stille seg opp nøyaktig slik Michelle hadde gjort og la så det nye biletet over biletet av Phillips. Men dei tok så ei avgjersle om å ta eit heilt nytt bilete med den nye besetninga, og endre albumtittelen til Crashon Screamon All Fall Down. Fleire tusen eksemplar av denne utgåva vart sende ut til radiostasjonar og distribusjonsselskap, men då Michelle kom attende til gruppa like før albumet kom ut, vart det originale omslaget og den opphavlege tittelen henta attende. Eksemplar av den sjeldne Crashon-utgåva går i dag for høge summar mellom samlarar.
Albumet vart først gjeve ut på CD i 1988 og heile albumet finst på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «No Salt on Her Tail» | 2:35 | |
2. | «Trip, Stumble and Fall» | John Phillips, Michelle Gilliam | 2:35 |
3. | «Dancing Bear» | 4:08 | |
4. | «Words of Love» | 2:13 | |
5. | «My Heart Stood Still» | Richard Rodgers, Lorenz Hart | 1:43 |
6. | «Dancing in the Street» | Marvin Gaye, William Mickey Stevenson, Ivy Jo Hunter | 3:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «I Saw Her Again» | Phillips, Denny Doherty | 2:50 |
8. | «Strange Young Girls» | 2:45 | |
9. | «I Can't Wait» | 2:40 | |
10. | «Even If I Could» | 2:40 | |
11. | «That Kind of Girl» | 2:20 | |
12. | «Once Was a Time I Thought» | 0:58 |
Medverkande
endre- Denny Doherty - vokal
- Cass Elliot - vokal
- John Phillips - vokal, gitar
- Michelle Phillips - vokal
- Jill Gibson - vokal
- Hal Blaine - perkusjon
- Larry Knechtel - orgel, piano
- Joe Osborn - bassgitar
- «Doctor» Eric Hord - gitar
- Tommy Tedesco - gitar
- P. F. Sloan - gitar
- Peter Pilafian - elektrisk fiolin
- Ray Manzarek - orgel, piano på «No Salt on Her Tail»
- Teknisk
- Lou Adler - produsent
- Dayton «Bones» Howe - lydteknikar
- Henry Lewy - lydteknikar
- Bowen David - assisterande lydteknikar
- Jimmie Haskell - strykearrangement på «I Saw Her Again»
- Gene Page - blåsararrangement på «My Heart Stood Still»
- Guy Webster - fotografi
- George Whiteman - kunst
Salslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1966 | Billboard 200 | 4 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Mamas & the Papas (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Mamas & the Papas». AllMusic.
- ↑ Phillips, Michelle (1986). California Dreamin': The True Story of the Mamas and the Papas The Music, the Madness, the Magic that was (1 utg.). Warner Books. s. 86. ISBN 0-446-51308-3.
- ↑ Hall, Doug (2000). The Mamas & The Papas California Dreamin' (1 utg.). Quarry Press. s. 102. ISBN 1-55082-216-0.
- ↑ Fiegel, Eddi (2006). Dream a Little Dream of Me: The Life of Cass Elliot (1 utg.). Pan Books. s. 203. ISBN 0-330-48751-5.