The McCalmans var ein skotsk folkemusikktrio. Gruppa blei danna i 1964, og turnerte uavbrote fram til ho blei oppløyst i 2010. Musikken til gruppa bygde på trestemmig harmoni, humor og respekt for den skotske songtradisjonen.

The McCalmans
Aktiv1964–2010
Tidlegare medlemmerIan McCalman
Derek Moffat
Hamish Bayne
Nick Keir
Stephen Quigg

The McCalmans har i alt hatt fem medlemmer sidan byrjinga. Ian McCalman, Hamish Bayne og Derek Moffat var dei tre opphavlege medlemmene. Hamish Bayne forlet gruppa i 1982, og blei erstatta av Nick Keir. Då Derek Moffat døydde i 2001, blei han erstatta av ein venn av gruppa gjennom mange år, Stephen Quigg.

Gruppa har opptredd i heile Europa og i USA, Canada, Australia, New Zealand, Bermuda, Kenya, Belize og tilmed på Falklandsøyene.

I Skottland har The McCalmans opptredd i seks store tv-seriar og radioseriar i BBC Radio.

Medlemmane har også drive med separate prosjekt. Ian McCalman har drive eit musikkstudio, medan Stephen Quigg og Nick Keir har opptredd som solistar og Nick Keir arbeidde med skodespel og film.

Diskografi

endre

The McCalmans spelte inn 22 album. I tillegg er det kome ut gjenutgjevingar og samlealbum.

  • All in One Mind (1968)
  • Singers Three (1969)
  • Turn Again (1970)
  • No Strings Attached (1971)
  • An Audience With The McCalmans (1973)
  • Smuggler (1975)
  • House Full (1976)
  • Side By Side By Side (1977)
  • Burn The Witch (1978)
  • The Best Of The McCalmans (1979)
  • The Ettrick Shepherd (1980)
  • At Your Service (1980)
  • Bonnie Bands Again (1982)
  • Ancestral Manoeuvres (1984)
  • Scottish Songs (1986)
  • Peace and Plenty (1986)
  • Listen To The Heat (1988)
  • Flames On The Water (1990)
  • Songs From Scotland (1991)
  • Honest Poverty (1993)
  • In Harmony (1994)
  • Festival Lights (1995)
  • High Ground (1997)
  • Keepers (1999)
  • Hard Night’s Day (2000)
  • Where the Sky Meets the Sea (2002)
  • Tangled Web (2004)
  • Scots Abroad (2006)

Kjelder

endre