The Ringling

The Ringling, tidlegare John and Mable Ringling Museum of Art er det offisielle kunstsmuseet til delstaten Florida i USA.[1] Det ligg i Sarasota.[2] Museet blei skipa i 1927 til minne om Mable Burton Ringling og John Ringling for innbyggjarane i Florida. Florida State University tok over drifta av museet i 2000.[3]

The Ringling
Courtyard 3, Ringling Museum.jpg
StadSarasota
Skipa1927, 1931

The Ringling
27°22′53″ N 82°33′33″ W

Institusjonen har 21 galleri med europeiske måleri, kypriotiske antikvitetar og kunst frå Asia og Amerika i tillegg til nyare samtidskunst. Kunstsamlinga til museet omfattar over 10 000 gjenstandar som omfattar måleri, skulptur, teikningar, trykk, fotografi og kunsthandverk frå oldtida til notida frå ulike delar av verda. Museet er særleg kjent for europeiske måleri frå 1500- til 1900-talet mellom anna ei verdskjend samling av måleri av Peter Paul Rubens.[4] Andre kunstnarar representerte i samlinga er Benjamin West, Marcel Duchamp, Mark Kostabi, Diego Velázquez, Paolo Veronese, Rosa Bonheur, Gianlorenzo Bernini, Giuliano Finelli, Lucas Cranach den eldre, Frans Hals, Nicolas Poussin, Joseph Wright of Derby, Thomas Gainsborough, Eugène Boudin og Benedetto Pagni.

I tillegg til kunstsamlinga omfattar også eigedommen herskapshuset til Ringling-paret, Ca' d'Zan, Mable Ringlings rosehage, Circus Museum and Tibbals Learning Center, det historiske Asolo Theater, Ringling Art Library, The Secret Garden, gravstaden til John og Mable Ringling og FSU Center for the Performing Arts.

HistorieEndra

John Ringling testamenterte eigedommen og kunstsamlinga si, i lag med eit legat på 1,2 millionar dollar, til folket i Florida då han døydde i 1936. Ei stipulering i testamentet var at ingen kunne endra det offisielle namnet på museet. Dei neste ti åra var museet ope med ujamne mellomrom, og blei ikkje profesjonelt vedlikehalde. Ca' d'Zan var ikkje opna for publikum, medan delstaten kjempa mot kreditorane til Ringling over arva - Ringling var nær konkurs då han døydde; Florida vann til slutt i retten i 1946). Etter å ha vunne i retten, gjorde Florida Department of State (som fyrst hadde ansvar for museet) gjorde svært lite for å halda eigedommen ved like, medan lokalsamfunnet, som såg på museet som staten sitt ansvar, heller ikkje gjorde noko særleg for museet. Ved slutten av 1990-talet var Ca' d'Zan i forfall. Det same gjaldt vegane og stiane rundt. Museet hadde større taklekkasjar, og tryggleikssystemet var utilstrekkeleg for å verna kunstamlinga. Asolo Theater-bygningen var kondemnert. Legatet på 1,2 millionar hadde berre vokse til 2 millionar.[5]

State of Florida overførte ansvaret for museet til Florida State University i 2000.[6] Som del av omorganiseringa blei det danna eit styre med opptil 31 medlemmar. Minst ein tredel av dei må vera busette i anten Manatee eller Sarasota.[7]

Ringling EstateEndra

Dwarf GardenEndra

 
Steinstatue

Dwarf Garden syner steinstatuar som ekteparet Ringling tok med seg heim gjennom fleire års reise i Europa.

Ca' d'ZanEndra

Ca' d'Zan (venetiansk 'Huset til John') er ein bustad ved vatnet bygd for Mable og John Ringling. Det herskapelege huset blei teikna av arkitekten Dwight James Baum med hjelp frå ekteparet Ringling. Det blei bygd av Owen Burns, og fullført i 1926.

Huset er utforma i venetiansk gotisk stil. Det har utsyn over Sarasotabukta, og var eit kulturelt senter for Sarasota i mange år.[8] Bygningen blei restaurert i 2002.

Rose GardenEndra

Rosehagen til Mable Ringling blei fullført i 1913 medan ho og John budde i eit anna hus på eigedommen. Hagen ligg nær den opphavlege bustaden til Mary Louise og Charles N. Thompson, og har utsyn over Sarasotabukta. John og Mable er begge gravlagde nær denne hagen, like i nord, i det som no blir kalla Secret Garden.

Circus Museum og Tibbals Learning CenterEndra

 
Sirkusvogn

The Circus Museum blei skipa i 1948, og er det fyrste museet til å ta for seg sirkushistorie. Det omfattar plakatar, rekneskap, kostyme, utstyr og paradevogner. Tibbals Learning Center like ved har ein sirkusmodell kalla The Howard Bros. Circus, bygd av Howard Tibbals. Modellen er inspirert av Ringling Bros. and Barnum & Bailey Circus som eksisterte frå 1919 til 1938, og er omtalt som verdas største miniatyrsirkus.[9]

Jernbanevogna WisconsinEndra

 
Jernbanevogna Wisconsin i 2019

John Ringling hadde ei privat jernbanevogn som han brukte frå 1905 til 1917 for å reisa rundt med sirkuset sitt, dra på ferie og på forretningsreiser. Ringling kalla opp vogna etter heimstaten sin Wisconsin, som også var staden der sirkuset hans heldt til utanfor reisesesongen.

KjelderEndra

  1. «The Ringling». Henta March 17, 2014. 
  2. «Title XLVIII, 1004.45(2)(a) 2006 Florida Statutes». Arkivert frå originalen 2016-02-01. Henta 16. september 2015. 
  3. FSU article, 06/28/2004., arkivert frå originalen 2007-06-09, henta 20. september 2022 
  4. «Peter Paul Rubens, Paintings in Museums and Public Art Galleries». ArtCyclopedia.com. Henta 2. mai 2007. 
  5. «About». The Ringling. 1. juli 2000. Arkivert frå originalen 2009-02-03. Henta 17. mars 2014. 
  6. FSU article, 06/28/2004., arkivert frå originalen 2007-06-09, henta 20. september 2022 
  7. «Board of Directors». The Ringling. Arkivert frå originalen 2010-10-26. Henta 17. mars 2014. 
  8. John and Mable Ringling Museum of Art. «Ca' d'Zan Mansion». 
  9. John and Mable Ringling Museum of Art. «Circus Museum». 

BakgrunnsstoffEndra