Theatercaféen

(Omdirigert frå Theatercafeen)

59°54′50″N 10°44′03″E / 59.91389°N 10.73417°E / 59.91389; 10.73417

Theatercaféen ligg i fyrste høgda i den eldste delen av Hotel Continental.
Theatercaféen med gjestar og servitørar i 1973, etter at interiøret var ført attende til sin opphavlege glans.
Foto: Leif Ørnelund (1914–1992)

Theatercaféen på hjørnet av Stortingsgata og Klingenberggata i Oslo, i fyrste høgda i den eldste delen av Hotel Continental, er namngjeten for å ha vore møtestad og stamrestaurant for kunstnarar og intellektuelle i årevis. Mellom dei som vanka her, var fleire av skodespelarane på Nationaltheatret, som ligg rett over på andre sida av Stortingsgata og hadde opna i september 1899.

Hotel Continental og Theatercaféen opna i 1900 med Foss Bryggeri som eigar. Då var Theatercaféen ein kafé i jugendstil etter mønster av kafeane i Wien, arkitekt hadde vore Adolf Bredo Stabell Greve (1871-1931). Inngangen låg på gatehjørnet, men vart i 1948 flytta opp til inngangen til hotellet, der han framleis er.

I 1909 overtok Caroline og Christian Boman Hansen drifta av hotellet og caféen, og frå då av har hotellet og Theatercaféen vore i familien Boman Hansens eige.

I 1949 vart Theatercaféen modernisert og mista mykje av det opphavlege særpreget. Men i 1971 vart kafeen brakt attende til den gamle jugendstilen, med Hans-Gabriel Finne (1916-2012) som arkitekt. Arbeidet baserte seg på eldre fotografi og på dei delene av originalinventaret som framleis var intakt. I 2010 vart det innreia eit nytt chambre séparée, og midt i lokalet ein eigen Theatercafébar.

Dei mange frå det norske kunst- og kulturlivet som trufast har gjesta hotellet og restauranten fekk etter kvart portretta sine hengd opp på veggane i restauranten. Dei fyrste kom på veggen i 1924, og med tida har samlinga auka til 81 portrett av forfattarar, skribentar, skodespelarar, kunstmålarar, fotografar, musikarar og komponistar. Teiknarane av dei fleste portretta har vore Henrik Lund, Gösta Hammarlund, Pedro og Ulf Aas, men her er òg arbeid av Finn Graff, Nils Aas, Per Palle Storm, Arne Raknes, Knut Hermod Knudsen, Kristofer Sinding-Larsen, Yukon Gjelseth, Odd Nerdrum og Arne Nøst.

«Valsekongen», pianist og komponisten av mellom anna fleire valsar, Reidar Thommessen (1889–1986), var i mange år leiaren av Theatercaféens vesle orkester, som hadde sin plass oppe på ein balkong i lokalet.

Litteratur endre

  • Paul Grøtvedt. Caféen med veggene : levende portretter og morsomme døde. Oslo 1991: J. M. Stenersen. ISBN 8272011778
  • Walter Øverland. Sett og hørt på Theatercaféen; med tegninger av Pedro og fotografier. Oslo 1991: Norske forfatteres forlag ISBN 8299079209
  • Ellen Brochmann. Til bords og til veggs i Theatercaféen : taler holdt i Theatercaféen. Oslo 1998: Theatercaféen.
  • Caspar Brochmann: Mors hus, Hotel Continental – en personlig affære gjennom 75 år (dei fire siste kapitla er skrivne av Arne Hestenes). Oslo 1986: Grøndahl. ISBN 8250408365

Bakgrunnsstoff endre

Theatercaféen