Thenarditt
Thenarditt er eit mineral, naturleg hendande natriumsulfat, Na2SO4. Det finst særleg i avsetningar frå saltsjøar, til dømes i California.
Thenarditt | |||
Sodaville i Mineral County i Nevada | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | Na2SO4 | ||
Strunz-klassifisering | 07.AC.25 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 142.04 | ||
Farge | Kvit, gråaktig kvit, gulaktig kvit, raudaktig kvit, brunkvit | ||
Krystallform | Dannar skorpeliknande prismatiske samlingar på matriks | ||
Krystallsystem | Ortorombisk (2/m 2/m 2/m), Romgruppe Fddd | ||
Tvilling | Gjensidig gjennomtrengande tvilling på {001}; òg på {100} | ||
Kløyv | {010} perfekt | ||
Brot | Flisete | ||
Mohs hardleiksskala | 2.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.67–2.7, snitt = 2.68 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+), 2V=83° | ||
Brytingsindeks | nα = 1.471, nβ = 1.477, nγ = 1.484 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.013 | ||
Pleokroisme | ingen | ||
Andre eigenskapar | Ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk. Fluorescerande og fosforescerande: kort UV=lys kvit, lang UV=lys kvit | ||
Kjelder | [1][2] |
Det finst i vulkanske grotter i Etna i Italia og er kalla opp etter den franske kjemikaren Louis Jacques Thénard (1777–1826).
Kjelder
endre- Thenarditt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/thenarditt.