Opna hovudmenyen
Think About Me
av Fleetwood Mac
frå albumet 'Tusk'
B-side «Save Me a Place»
Utgjeve Mars 1980
Innspelt 1979
Sjanger Rock
Lengd 2:44
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Christine McVie
Fleetwood Mac-kronologi
«Not That Funny» Think About Me «Sisters of the Moon»


«Think About Me» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, som kom ut i mars 1980. Songen vart skriven av Fleetwood Mac-medlemmet Christine McVie.

Songen nådde 20. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 24. plassen på den kanadiske RPM Top 100 Singles-lista.[1][2]

«Think About Me» vart rekna som ein liten hit og var ikkje med på samlealbumet Greatest Hits i 1988[3], men var med på The Very Best of Fleetwood Mac i 2002.

Det kanadiske indierockbandet The New Pornographers spelte inn ein versjon av songen i 2012 for samlealbumet A Tribute to Fleetwood Mac.

Lindsey Buckingham syng solo på songen med McVie på refrenget.

ListerEndra

Liste (1980) Plassering

position

Canadian Singles Chart (RPM)[2] 24
US Billboard Hot 100[4] 20

KjelderEndra

  1. «'Think About Me' - Fleetwood Mac - Chart History». Billboard. Henta 11. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 «RPM 100 Singles». RPM (RPM Music Publications Ltd.) 33 (9). 24. mai 1980. Henta 11. august 2015. 
  3. Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas (2002). All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul. Hal Leonard Corporation. s. 414. ISBN 087930653X. Henta 11. august 2015. 
  4. "Mac?f=379&g=Singles Fleetwood Mac Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Fleetwood Mac. Prometheus Global Media. Henta 11. august 2015.

BakgrunnsstoffEndra