Sisters of the Moon

Sisters of the Moon
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tusk
B-side

«Walk a Thin Line»

Utgjeve Juni 1980 (USA)
Innspelt 1979
Sjanger Hardrock
Lengd 4:36 (album), 4:41 (singel)
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat
Fleetwood Mac-kronologi 
«Think About Me»
(1980)
Sisters of the Moon «Fireflies»
(1981)


«Sisters of the Moon» er ein song av det engelsk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Han vart skriven og framført av Stevie Nicks og vart gjeven ut i USA som den fjerde singelen frå albumet Tusk, som kom ut i 1979. Singelen nådde 86. plassen på Billboard Hot 100.

Songen vart ikkje gjeven ut i Storbritannia, der «Not That Funny» vart gjeven ut i staden for. Den sjeldne «singelversjonen» av «Sisters of the Moon» er med på samleplataThe Very Best of Fleetwood Mac.

Når songen vart framført på konsertar, kunne han ofte var over åtte minuttar.[treng kjelde] Ei kjend utgåve er frå Mirage-turneen i 1982, der Stevie Nicks syng avslutninga så kraftig at det ikkje er mogeleg å tyde teksten.

Fleetwood Mac spelte denne songen for første gongen sidan 1982 den 4. april 2013 på konserten deira i Columbus i Ohio.[treng kjelde]

Medverkande endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre