Thomas C. Schelling
Thomas Crombie Schelling (14. april 1921–13. desember 2016) var ein USA-amerikansk økonom og professor i utanrikssaker, nasjonal tryggleik, atomstrategi og forsvarskontroll ved Universitetet i Maryland, College Park, School of Public Policy.
Thomas C. Schelling | |||
| |||
Fødd | 14. april 1921 Oakland i California | ||
---|---|---|---|
Død | 13. desember 2016 Bethesda | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | samfunnsøkonomi, economics and politics, spelteori, konflikthåndtering, sosialt problem, atomkrig | ||
Yrke | samfunnsøkonom, statsvitar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Harvard University Yale University University of Maryland | ||
Alma mater | Harvard University University of California, Berkeley San Diego High School | ||
Doktorgradsrettleiar | James Duesenberry Wassily Leontief Arthur Smithies | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Econometric Society |
Schelling si mest berømte bok, The Strategy of Conflict (Konfliktstrategiar) frå Harvard University Press i 1960, pionerte studiet av forhandlingar og strategiske val og blir sett på som ei av dei hundre bøkene som har øvd størst innflytnad i Vesten sidan 1945.
I 1971 publiserte han ein ofte-sitert artikkel om rasedynamikk, kalla «Dynamic Models of Segregation» (Dynamiske modellar for segregering). I dette verket forklarte han korleis eit bustadstrøk med berre kvite bebuarar raskt kunne bli eit nabolag med berre mørkhuda, til og med om ingen av dei kvite bebuarane var absolutt imot å bu i eit integrert bustadstrøk.
Schelling deltok i debatten om global oppvarming. Gjennom sin argumentasjon for at problemet har vorte sterkt overdrive, var han ein av dei leiande innan København-konsensusen.
Professor Schelling underviste tidlegare i tjue år ved Harvard University sin John F. Kennedy School of Government, der han var Lucius N. Littauer-professor i politisk økonomi.
Saman med Robert J. Aumann vann han Nobelprisen i økonomi i 2005 for å ha «styrka forståinga vår av konflikt og samarbeid gjennom spelteorianalysar».
Bakgrunnsstoff
endre- Thomas C. Schelling hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)
- Intervju med Schelling i 2005 Arkivert 2005-10-13 ved Wayback Machine.