Thomas Campion
Thomas Campion, ofte Campian (fødd 12. februar 1567 i London, død 1. mars 1620 i London) var ein engelsk komponist, poet og lege.
Thomas Campion | |||
Thomas Campions notar | |||
Fødd | 12. februar 1567 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Død | 1. mars 1620 (53 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Opphav | Kongeriket England | ||
Aktiv | 1601-1617 | ||
Sjanger | Renessansemusikk | ||
Instrument | Lutt | ||
Verka som | Komponist |
Campion studerte ved Peterhouse College i Cambridge, men enda studiet utan å ta noko grad. Han studerte seinare rettsvitskap i London, men ser ikkje ut til å ha praktisert som jurist. 10. februar 1605 fekk han i staden ein medisinsk grad ved Universitet i Caen.
Han debuterte som poet i 1591 då fem av arbeida hans vart publisert i ei utgåve av Sir Philip Sidneys Astrophel and Stella.
Campion skreiv over hundre songar med luttakkompagnement, den første samlinga gav han ut saman med Philip Rosseter i 1601 og fire fleire følgde. I 1615 publiserte han ei bok om kontrapunkt, A New Way of Making Fowre Parts in Counterpoint By a Most Familiar and Infallible Rule, gjeven ut på ny i 1660. Campion døydd i 1620 i London, truleg i pesten.
Bakgrunnsstoff
endre- Thomas Campion: MIDI-filer Tony Catalano's Classical Guitar MIDI Page Arkivert 2008-06-19 ved Wayback Machine.
Notar
endre- Fritt tilgjengelege notar av Thomas Campion i Werner Icking Music Archive (WIMA)
- Fritt tilgjengelege notar av Thomas Campion i Choral Public Domain Library (ChoralWiki)
- Fritt tilgjengelege notar av Thomas Campion ved International Music Score Library Project (IMSLP)
Media
endre
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thomas Campion» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2010.