Thomas Schönlebe

Thomas Schönlebe (fødd 6. august 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Frauenstein som tevla for Aust-Tyskland til 1991, sidan for Tyskland. Han vann gullmedaljen på 400 meter under VM 1987 i Roma. Vinnartida 44,33 sekund var europarekord fram til 2023.

Thomas Schönlebe


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 6. august 1965 (58 år)
Frauenstein
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Schönlebe melde seg i verdseliten på 400 meter allereie som 18-åring. Han kvalifiserte seg til finalen på distansen under Friidretts-VM 1983 i Helsinki, der han vart nummer seks. Ettersom Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984 i Los Angeles deltok han ikkje i eit nytt stort meisterskap før enn i 1986. Under EM i friidrett 1986 kjempa han og briten Roger Black drabeleg om EM-tittelen på 400 m, med 44,53 sekund vann Black løpet med ein margin på seks hundredelar, personlege rekordar for begge.

Året etter vart Schönlebe verdsmeister på 400 m under VM i Roma. Tida 44,33 sekund var ny europarekord. Fire år etter storoppgjeret mellom Black og Schönlebe under EM 1986, kjempa dei same to utøvarane like tett på 400 m under Friidretts-EM 1990 i Split. Black forsvarte EM-tittelen med fem hundredels sekund betre tid enn Schönlebe.

Schönlebe var austtysk meister på 400 meter i 1983-85 og 1987 og 1988, samt tysk meister 1992 og 1993. Han la opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1983 i Helsingfors: Nr 6 på 400 m – 45,50
  • EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 400 m – 44,53, bakom Roger Black (44,59)
  • VM 1987 i Roma: Gullmedalje på 400 m – 44,33, framom Innocent Egbunike (44,56)
  • OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 400 m (44,90 – nr 9)
  • EM 1990 i Split: Sølvmedalje 400 m – 45,13, bakom Roger Black (45,08). Bronsemedalje 4x400 m stafett
  • VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje 4x400 m stafett

Kjelder endre