Roger Anthony Black (fødd 31. mars 1966) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Gosport som vart europameister på 400 meter i 1986 og 1990, dessutan vann han tre EM- gull og to VM-gull med Storbritannia i 4 x 400 meter stafett i tida 1986-97. Hans personlege rekord på 44,37 sekundar er frå 1996.

Roger Black


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 31. mars 1966 (58 år)
Portsmouth
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Aktiv endre

Black vann i 1985 400 m ved junior-EM på tida 45,43. Året etter vart han europameister på 400 m med ny personleg rekord, 44,59 sekundar, fattige fire hundredels sekund framom austtyske Thomas Schönlebe. I same meisterskapen spurta han inn til britisk siger i 4 x 400 m stafett, hardt pressa av Vest-Tyskland sin ankermann, Harald Schmid. Med seg på stafettlaget hadde han Derek Redmond, Kriss Akabusi og Brian Whittle. Black fekk ikkje springe 400 m under friidretts-VM 1987, men var med på Storbritannias sølvlag på den lange stafetten. Dei to neste sesongane gjekk han skadd.

I 1990-sesongen var Black tilbake i god form. Under europameisterskapen i Split i september månad forsvarte han begge EM-titlane frå 1986, på 400 meter slo han som sist austtyskaren Schönlebe med få hundredels sekund. Året etter vart han andremann på 400 m i verdsmeisterskapen i Tokyo, med tida 44,62 hamna han fem hundredels sekund bak gullvinnaren og ein hundredels sekund framom bronsevinnaren, høvesvis Antonio Pettigrew og Danny Everett frå USA. Tre dagar seinare sprang Black startetappen då han og dei tre lagkameratane overraska og vann gull på 4 x 400 meter stafett. Etter framifrå etappar av Derek Redmond og John Regis makta Kriss Akabusi å vinne spurten mot USA sin ankermann Antonio Pettigrew ved å bryte målsnora med ein margin på 0,04 sekund og med å setje europeisk rekord i øvinga.

Under EM 1994 i Helsinki sprang Black på ankeretappen seg og Storbritannia inn til den tredje rake EM-triumfen i 4 x 400 m stafett. Tidlegare i meisterskapen sikra han britisk dobbeltsiger på 400 m bakom Du'aine Ladejo.

Den 3. juli 1996 sette Black i Lausanne britisk rekord på 400 meter med tida 44,37, hans livs snøggaste løp på distansen. Ein like sterk prestasjon var sølvmedaljen på 400 meter under sommarleikane i Atlanta i slutten av same månaden, der han vart klokka inn på 44,41 og slått einast av den suverene Michael Johnson frå USA. Til sist i Atlanta-OL sette Storbritannia europeisk rekord med 2.56,6 då det vart sølv på Black & Co på stafetten over 4 x 400 meter.

Black deltok ikkje på 400 m under VM i Aten 1997. Derimot sprang han den andre etappen for det britiske mannskapet som fekk sølv på den lange stafetten, knapt to tidels sekund bakom USA og ein tidels sekund fram Jamaica. Tretten år seinare annullerte Det internasjonale friidrettsforbundet USA sitt resultat då ein av utøvarane på laget vedgjekk doping, Storbritannia vart då tilkjend gullmedaljen i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje på 400 m – 44,59, framom Thomas Schönlebe (44,63) + gull i 4 x 400 m stafett (2.59,8)
  • Samveldeleikane 1986 i Edinburgh: Nr 1 på 400 m – 45,57, og i 4 x 400 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Sølv i 4 x 400 m stafett (2.58,8)
  • EM 1990 i Split: Gull på 400 m – 45,08, framom Thomas Schönlebe (45,13) + gull i 4 x 400 m stafett (2.58,2)
  • VM 1991 i Tokyo: Sølv på 400 m – 44,62, bak Antonio Pettigrew (44,57) + gull i 4 x 400 m stafett (2.57,5)
  • OL 1992 i Barcelona: Bronse i 4 x 400 m stafett (2.59,7)
  • EM 1994 i Helsinki: Sølv på 400 m – 45,20, bak Du'aine Ladejo (45,09) + gull i 4 x 400 m stafett (2.59,1)
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 7 på 400 m – 45,28. Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.03,7)
  • OL 1996 i Atlanta: Sølv på 400 m – 44,41, bakom Michael Johnson (43,49) + sølv i 4 x 400 m stafett (2.56,6)
  • VM 1997 i Aten: Sølv i 4 x 400 m stafett (2.56,6), omgjort til gull i 2010

Kjelder endre