Thor Erik Høiskar
Thor Erik Svendsen Høiskar (fødd 1. januar 1966 i Bodø) er ein norsk jurist og statsadvokat. Han har tidlegare arbeidd som konsernadvokat i DNB og lagdommar i Hålogaland lagmannsrett.[1] I ungdomsåra spelte han i Hjertesvikt A/S, som var det første pønkbandet frå Bodø.[2]
Thor Erik Høiskar | |
Nasjonalitet | Noreg |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. januar 1966 (58 år) Bodø |
Utdanning | Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo |
Yrke | Aktor Statsadvokat (2013–) |
Medlem av | Ny Gate (1979–1986) Hjertesvikt A/S (1982–1984) |
Thor Erik Høiskar på Commons |
Høiskar har vore aktor i fleire store straffesaker. I 2024 var han aktor i Omegle-saka som involverte 250 fornærma, der 189 vart identifiserte. Saka blir omtalt som ei av dei største overgrepssakene i noregshistoria.[3][4] Han har også prosedert ei rekkje saker for Noregs Høgsterett.[5]
Bakgrunn
endreHøiskar er fødd og oppvaksen i Bodø og har to barn. Han er far til Elias Høiskar, som er tidlegare landslagsutøver i Taekwondo.[6]. Han avla juridisk embetseksamen (cand.jur.) ved Universitetet i Oslo i 1994, og byrja karrieren som advokatfullmektig i DNB før han vart dommarfullmektig i Vesterålen tingrett.[7] Frå 2001 til 2003 var han direksjonssekretær i DNB, og deretter advokat i Nordlandsbanken, fram til han i 2013 vart utnemnd til statsadvokat ved Nordland statsadvokatembete av Kongen i statsråd.[8]
Utvalde saker
endreNest største narkotikasaka i Nord-Noreg
endreI 2019 tok statsadvokat Høiskar ut tiltale mot 9 personar i det som var den største narkotikasaka i Nordland og den nest største i Nord-Noreg.[9] Tiltalen omfatta eit narkotikanettverk der dei 9 tiltalte hadde ansvar for ulike delar av verksemda, som omfatta import, distribusjon, finansiering og vidaresal av amfetamin og hasj med utgangspunkt i Lofoten. Det vart gjort beslag på omkring 7,5 kilo hasj og 14 kilo amfetamin, noko som utgjorde det største amfetaminbeslaget i Nordlands historie. Nettverket forsynte fleire kommunar i Nordland med narkotika.[10]
Saka gjekk for Salten tingrett i februar 2020, og det vart sett av lang tid til behandlinga, då ei stor mengd bevis skulle leggjast fram. I retten uttalte Høiskar: «Dette er ikkje ei komplisert sak, men det er litt som å sjå på Detektimen - du skjønner ikkje kvifor denne detaljen er viktig før du kjem på eit seinare tidspunkt i saka».[11]
Det store omfanget i saka medførte at det var svært folksamt i rettssalen under behandlinga. Det var ni tiltalte, ni forsvararar, fire dommarar og meddommarar, og dessutan tre frå aktoratet. I tillegg var det fleire tolkar til stades, og dessutan vaktstyrken til politiet som bestod av «ei viss mengd folk», slik ein politibetjent beskreiv det.[12]
Alle dei ni tiltalte vart dømde til fengelsstraff (nokon fekk fengsel på vilkår) av varierande lengd, med ei samla straff på nærare 50 års fengsel. Importøren (hovudmannen) fekk den strengaste straffa og vart dømt til over 10 års fengsel for rolla si i nettverket.[13]
Narkotika-saka mot Øystein Meier Johannessen
endreI 2021 førte Høiskar ei narkotikasak for lagmannsretten mot grunnleggjaren av Samfunnspartiet og politikar Øystein Meier Johannessen, etter at politiet våren 2020 fann sopp, amfetamin, MDMA og LSD heime hos han.[14] Behandlinga av saka gjekk føre seg i Hålogaland lagmannsrett, og advokat John Christian Elden var forsvarar for Johannessen. Saka var av prinsipiell betydning då Johannessen, som medlem av trussamfunnet «Noregs Psykedeliske Tros-og Livssynssamfunn», meinte at han kunne bruka narkotika lovleg så lenge det var som ein del av religionsutøvinga si.[15]
Ifølgje Johnnessen brukte medlemmene av trussamfunnet psykedeliske stoff som sakrament, mellom anna for å bli «meir empatiske og betre menneske».[16] Spørsmålet om kor langt religionsfridommen (som er verna i Grunnloven § 16 og EMK artikkel 9) strekkjer seg, vart dermed sett på spissen i saka.
I lagmannsretten vart Johannessen dømt til 60 dagars fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år, i tråd med Høiskars påstand.[17][18] Elden anka dommen til Høgsterett, som avviste saka.[19] Saka vart deretter klaga inn til Strasbourg og Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), som i 2022 vedtok at han ikkje ville behandla ho.[20]
Omegle-saka
endreI 2023 vart ei av dei største overgrepssakene i noregshistoria avdekt via ei Vipps-overføring.[21] Overgrepa skjedde på nettstaden Omegle, der ein mann i 50-åra fekk barna til å utføra seksuelle handlingar mot seg sjølv og andre medan overgriparen filma.[22]
Det vaer over 250 fornærma i saka, og 189 vart identifiserte. Dei fornærma var frå heile landet og ifølgje politiet mellom 6 og 14 år. Høiskar tok ut tiltale mot mannen, ein tidlegare skuletilsett, i mars 2024. Det mest alvorlege tiltalepunktet hadde ei strafferamme på 21 år i fengsel.[23] Saka gjekk for Salten og Lofoten tingrett i juni 2024 og Høiskar la ned påstand om 20 års forvaring med ei minstetid på 13 år.[24]
Fem månader etter rettssaka hadde det framleis ikkje komme dom i saka. Årsaka var at partane måtte møtast i retten på nytt fordi det oppstod eit juridisk spørsmål om det er straffbart å medverka til at to barn utfører seksuelle handlingar mot kvarandre. Forsvararen til den tiltalte, Sol Elden, hevda at forholdet ikkje var straffbart. Høiskar, på vegner av påtalemakta, motsette seg dette og viste til Høgsteretts praksis i andre saker.[25]
29. november 2024 vart det kjent at mannen vert dømd til 20 års fengsel for 215 seksuelle overgrep og krenkjande åtferd mot barn. Han vart òg dømd for fleire tilfelle av medverknad. I tillegg vart han dømd til å betale 28 millionar kroner i oppreisingserstatning.[26] [27]
Omegle vart lagt ned i november 2023 etter stor kritikk mot chattetenesta.[28]
Musikk
endreI 1980-åra var Høiskar medlem av bandane Hjertesvikt A/S og Ny Gate, der han mellom anna spelte saman med Petter Pogo, som seinare vann Spellemannprisen med Jokke & Valentinerne i 1991.[29][30] I 1982 drog han på noregsturné med Hjertesvikt A/S, og opptredde på kjende scener som Club 7 og Afrika i Oslo. På Afrika-konserten hadde Raga Rockers debuten sin som oppvarmingsband for Hjertesvikt A/S.[31]
Han var med på TV-opptredenar med både Hjertesvikt A/S og Ny Gate. I 1983 framførte han to låtar med Hjertesvikt A/S i programposten «Musikk Landet Rundt» i programmet Flimra på NRK, og i 1985 vart musikkvideoen «Blå Korridor» med Ny Gate sendt på programserien Nordnorsk rock på bordet på NRK, med Erik Meyn som programleiar.[32][33] TV-opptredenane bidrog til å gi dei eit publikum på landsbasis.[34]
Diskografi
endreHjertesvikt A/S
endre- Splitt 7"EP (1999)
Ny Gate
endre- Demo (1984)
- Blå korridor (1984)
- Ny Gate (1986)
Kjelder
endre- ↑ «– Det er et skifte fra det å snakke, lese og fremføre ting, til å lytte, skrive og levere fra seg en dom eller kjennelse» (på norsk bokmål). Advokatwatch. 10. november 2022. Henta 16. november 2024.
- ↑ «Petter Pogo – gutten som har opplevd alt». Norway Rock Magazine (på norsk bokmål). 8. januar 2023.
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (17. juni 2023). «En av historiens største overgrepssaker ble avdekket via Vipps». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (6. juni 2024). «Aktor ber om 20 års forvaring etter overgrep på Omegle». NRK (på norsk bokmål).
- ↑ Lovdata, bl.a. HR-2016-2261-A, HR-2015-348-A & HR-2016-739-A. Besøkt 14. november 2024.
- ↑ «Uttak ITF landslag EM i Spania 2021» (på norsk). National Taekwon-Do Norway. 8. september 2021. Henta 24. november 2024.
- ↑ «Disse har søkt på dommerjobber i Trøndelag tingrett og Hålogaland lagmannsrett» (på norsk). Advokatwatch. 19. mai 2022. Henta 16. november 2024.
- ↑ kontor, Statsministerens (25. januar 2013). «Offisielt frå statsrådet 25. januar 2013». Regjeringa.no. Henta 16. november 2024.
- ↑ Johansen, John Inge (6. desember 2019). «Ni tiltalt etter Nordlands største amfetaminbeslag». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Johansen, John Inge (11. februar 2020). «-Ble tilbudt penger, bil og leilighet for å ta på meg skylda». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Johansen, John Inge (11. februar 2020). «- Ble tilbudt penger, bil og leilighet for å ta på meg skylda». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Dette er ikke en komplisert sak. Men det er litt som å se på Detektimen. Du skjønner ikke hvorfor denne detaljen er viktig, før du kommer på et senere tidspunkt i saken»
- ↑ Johansen, John Inge (12. februar 2020). «Ni forsvarere står klar i omfattende narkosak: - Kan ikke huske å ha hatt så mange tiltalte». NRK Nordland (på norsk bokmål). «På toppen av dette kommer to tolker samt politiets vaktstyrke som består av "en viss mengde folk", som en politibetjent beskrev det»
- ↑ Johansen, John Inge (22. april 2020). «Ni personer dømt i Nord-Norges nest største narkosak - fikk nærmere 50 års fengsel». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (9. desember 2021). «Politiker vil slippe narkostraff - mener religionen gir han lov». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (9. desember 2021). «Politiker vil slippe narkostraff - mener religionen gir han lov». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Kan man oppbevare narkotika lovlig så lenge det brukes som en del av et trossamfunn? Det mener Øystein Meier Johannessen (69)»
- ↑ Pettersen, Beth Mørch (21. desember 2021). «Dømt for å ha brukt narkotika som del av religion: Nå tar Elden saka til Høyesterett». NRK Nordland (på norsk bokmål). «I lagmannsretten fortalte han at de brukte narkotika for å bli mer empatiske og bedre mennesker»
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (9. desember 2021). «Politiker vil slippe narkostraff - mener religionen gir han lov». NRK Nordland (på norsk bokmål). «I lagmannsretten la aktor ned påstand om 60 dagers betinget fengsel, med en prøvetid på to år»
- ↑ Pettersen, Beth Mørch (21. desember 2021). «Dømt for å ha brukt narkotika som del av religion: Nå tar Elden saka til Høyesterett». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Nå har lagmannsretten dømt ham til 60 dagers betinget fengsel, med en prøvetid på to år»
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (20. mai 2022). «Vil bruke narkotika i trossamfunn - tar saken til Strasbourg». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Johannessen var ikke enig og tok saken til Høyesterett. De ville ikke behandle saken.»
- ↑ «Ble ikke hørt i Strasbourg». NRK Nordland (på norsk bokmål). 10. mars 2023.
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (2. oktober 2023). «En av historiens største overgrepssaker ble avdekket via Vipps». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (20. november 2023). «254 barn fornærmet i stor overgrepssak - siktet mann ber om å bli løslatt». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Saken oppsummert: Overgrepene skjedde på nettstedet Omegle, hvor barne ble lurt til å utføre seksuelle handlinger mot seg selv mens overgriperen filmet»
- ↑ Sørgård, Katrine Olsen (15. mars 2024). «Tiltalt for overgrep mot 254 barn på nett: - Foreldre følger skyld og skam». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Det mest alvorlige tiltalepunktet går på grov voldtekt av barn under ti år. Det har en strafferamme på 21 år i fengsel. Det gjelder ni barn.»
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (6. juni 2024). «Omegle-saken: Ber om 20 års forvaring for nettovergrep mot 250 barn». NRK Nordland (på norsk bokmål).
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (11. november 2024). «Har ventet fem måneder på dom i stor overgrepssak: - En stor belastning». NRK Nordland (på norsk bokmål). «Påtalemyndigheten mener at det er straffbart, og som vi forstår det har Høyesterett gjort det i andre saker»
- ↑ Karlsen, Alexander Kjønsø (29. november 2024). «Må betale 28 millioner etter 215 overgrep: – Beløpet blir uoverkommelig». NRK Nordland (på norsk bokmål). Henta 2. desember 2024. «Mannen fra Nordland dømmes til 20 år fengsel for 215 seksuelle overgrep og krenkende adferd mot barn»
- ↑ «Mann dømt til 20 års fengsel for over 200 nettovergrep mot barn på Omegle». VG. 29. november 2024. Henta 2. desember 2024.
- ↑ «Omstridt chattetjeneste legges ned». Nettavisen (på norsk bokmål). 10. november 2023.
- ↑ «Petter Pogo – gutten som har opplevd alt». Norway Rock Magazine (på norsk bokmål). 8. januar 2023.
- ↑ «Ny Gate biografi» (på norsk bokmål). Rockipedia. Henta 16. november 2024.
- ↑ Stemland, Tore (7. september 2004). «Muzakk: Hjertesvikt A/S». Muzakk. Henta 16. november 2024.
- ↑ (video) https://tv.nrk.no/se?v=FBUA07002982&t=1664s. Henta 17. november 2024. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ (video) https://tv.nrk.no/serie/nordnorsk-rock-paa-bordet/sesong/1985/episode/FTRO00000685. Henta 17. november 2024. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ «Ny Gate biografi» (på norsk bokmål). Rockipedia. Henta 16. november 2024. «Disse to TV-opptredenene var for alvor med på å etablere bandet utenfor en snevrere krets av konsertgjengere på lokale rockeklubber»
- Denne artikkelen bygger på «Thor Erik Høiskar» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2024.