Thor Solberg (28. mars 189327. februar 1967) var ein norsk flypioner.

Thor Solberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1893
Flora kommune
Død

27. februar 1967 (73 år)
Branchburg

Yrke flygar

Liv endre

Thor Simonsen Solberg var frå garden Solberg på Årebrot i Flora kommune. Han tok flysertifikat i 1919 og vart ein viktig norsk flypioner. Etter råd frå venen Roald Amundsen reiste han til Amerika, og i 1935 gjennomførte han den første atlanterhavsflyginga frå USA til Noreg med amfibieflyet «Leiv Eiriksson». Thor Solberg starta flyskole i USA og bygde eigen flyplass ved New York. Under den andre verdskrigen utdanna han over 2 000 krigsflygarar.

Atlanterhavsflyginga endre

 
Solbergs Loening Air Yacht.
 
I 1942 gav Solberg og ein norsk-amerikansk fabrikkeigar, Sivertsen, to Interstate Cadet-fly til bruk ved Little Norway i Canada. Eit er verna, og står utstilt ved Flysamlingen på Gardermoen

Det var sett opp ein pris på 10 000 dollar til den første som kunne fly strekninga USA – Noreg, og Solberg tok utfordringa. Etter eit mislukka forsøk i 1932 med Carl O. Petersen som telegrafist i eit Bellancafly kom dei ikkje lenger enn til Harbour GraceLabrador. Planen vart gjeven opp, men eit nytt forsøk vart snart planlagt med eit anna fly, eit Loening amfibiefly. Han skulle eigenleg ha bytt motoren, og hadde vorte lova økonomisk støtte frå Gustav Henriksen, Amerikalinjens representant, men på grunn av at Wright-fabrikken ikkje kunne levera før seinare på året måtte dette oppgjevast.

Solberg starta frå Floyd Bennet-flyplassen utanfor New York den 18. juli 1935. Han følgde det ein kalla «Grønlandsruten» som, vart gjennomført i ni etappar via Montreal. Han mellomlanda på St. Lawrence-elva og den 21. jul nådde han Cartwright, der han måtte venta på klårt vêr til den 28. Neste stopp vart JulianehåbGrønland. Den 30. juli heldt ferda fram til Ammassalik. No var Reykjavík neste mål. Men ei mellomlanding på nordkysten av Island førte til at han nådde Reykjavík den 2. august. I Reykjavík vart han liggjande til 14. august før han kunne setja kurs for Bergen. Tåka tvinga han nok ein gong ned, i Hornafjord på Islands sydkyst. Etter to dagars venting kunne han endeleg setja kurs for Bergen med ei mellomlanding i ThorshavnFærøyane. Det var ein tur som tok ti timar. Frå Bergen til Oslo neste dag gjekk det utan problem av noka art.

Etter dette føretaket fekk han i 1935 Norsk Aero Klubb sitt Heiderstegn og Solberg amfibiefly er i dag permanent plassert i Norsk Teknisk Museum.

 
Statuen på Florø lufthamn

Seinare liv endre

I Noreg starta Solberg på 1930-talet eige flyselskap, «Solbergfly», som importerte Seabee amfibiefly sett saman på Flatøy, og deretter dreiv rutetrafikk på Vestlandet.[1]I 1957 starta han flyskole på Jarlsberg flyplass i Vestfold.

I 1939 gav Solberg ut boka Med Noreg som mål, der han fortel om pionerturen over Atlanterhavet. I Florø er gata mot flyplassen oppkalla etter han, og i 1986 vart det avduka eit minnesmerke over han ved Florø lufthamn.

Kjelder endre