Tormod Torfæus
Tormod Torfæus (27. mai 1636–31. juli 1719), òg kjend som Þormóður Torfason, var ein islandsk-norsk historikar. Han levde heile sitt vaksne liv i Kopervik på Karmøy i Noreg.
Tormod Torfæus | |||
| |||
Fødd | 27. mai 1636 Engey | ||
---|---|---|---|
Død | 31. januar 1719 Karmøy kommune | ||
Nasjonalitet | Island, Noreg | ||
Område | islandsk historie, norsk historie | ||
Yrke | historikar, skribent | ||
Alma mater | Københavns Universitet |
Torfæus vart utnemnd til kongeleg historikar av kongedømet Danmark-Noreg. Torfæus gjorde mykje for å berga gamle manuskript frå mellomalderen og var ein av dei første historikarane i nyare tid. Han omsette fleire islandske tekstar til dansk og forfatta Historia Vinlandiœ Antiquœ (1705); Grœnlandia Antiqua ([706); og Historia Rerum Norvegicarum[1] (1711). Hans noregssoge på latin vart utgjeven i fire band og var den første omfattande presentasjonen av norsk historie sidan Snorre Sturlasson si Heimskringla på 1200-talet. Verket vart omsett til norsk og utgjeve på nytt i 2005.
Liv
endreTormod Torfæus vart fødd på Engey på Island i 1636 og vart utdanna på Københavns Universitet. I 1660 fekk han arbeid som kongeleg omsetjar av «islandske antiquiteter», det vil seia mellomaldermanuskript frå Island. I 1664 utnemnde kong Fredrik III av Danmark-Noreg han til ‘stiftamtskriver’ i dåverande Stavanger stift og i 1682 til kongeleg histograf for Noreg. I 1665 gifta han seg med den rike enkja Anna Stangeland frå Kopervik. Ho kom frå Stavanger og hadde eigedomar der. Dei fekk ikkje barn saman, men det er påstått at Torfæus hadde fleire etterkomarar utanom ekteskap.
Torfæus hadde eit hissig sinnelag. Etter eit forlis utanfor Skagen i Danmark i 1671 reiste han vidare til Samsø. Der kom han i krangel med ein annan gjest i eit vertshus og tok livet av han med ein kårde. For dette drapet fekk Torfæus ein dødsdom, men sidan det var gjort i sjølvforsvar, søkte han om nåde. Han fekk nåde av dansk Høgsterett. Torfæus engasjerte seg for andre menneske, og i 1680 berga han ei uskuldig norsk kvinne som var dømd til å verta brend som heks.
Referansar
endre- ↑ Historia rerum Norvagicarum av Thormod Torfæus (latinsk tekst)
Bakgrunnsstoff
endre- Jon Gunnar Jørgensen: Tormod Torfæus og det fantastiske i sagalitteraturen
- Torgrim Titlestad: Tormod Torfæus – biografisk portrett Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Tormod Torfæus stiftinga Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Kongegaven fra Universitet i Stavanger Arkivert 2005-12-27 ved Wayback Machine.
- Torfæus – drapsmann og Norges-historiker[daud lenkje] artikkel i Stavanger Aftenblad
- Fødsels- og dødsdato frå NBL-artikkel om Torfæus av Torgrim Titlestad.