Thorstein Wereide

Thorstein Gunnarssøn Wereide (fødd 9. mars 1882 i Gloppen, død 14. desember 1969) var ein norsk fysikar.

Thorstein Wereide

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1882
Død

14. desember 1969 (87 år)

Yrke fysikar, kunstmålar

Han vart dr.philos. i 1913 over diffusjon i løysingar med avhandlinga Sorets fenomæn. Han studerte 1913–14 teoretisk fysikk i Paris under Jean Baptiste Perrin og Paul Langevin, i 1915–16 i Leipzig og Göttingen og 1920 det etterlatne arbeidet til Kristian Birkeland i Egypt. Frå 1919 til 1952 var han dosent i fysikk ved Universitetet i Oslo. Det publiserte arbeidet hans omhandlar statistisk mekanikk, termodynamikk, strålingsteori og relativitetsteori.

Han var òg ein kjend kunstmålar og har mellom anna gjeve ei større samling måleri til Nordjord folkehøgskule.

Han skreiv saman med hustrua si Sophie Margrethe Wereide, f. Bredsdorff (1880–1967), om parapsykologiske fenomen, og var aktiv i Norsk Selskap for Psykisk Forskning og Norsk Selskap for Parapsykologisk Forskning.

Kjelder endre