Opna hovudmenyen

Through the Morning, Through the Night

Through the Morning, Through the Night
Studioalbum av Dillard & Clark
Utgjeve August 1969
Innspelt 1969
Sjanger Countryrock, progressiv bluegrass
Lengd 38:45
Selskap A&M
Produsent Larry Marks
Gene Clark-kronologi
The Fantastic Expedition of Dillard & Clark
(1968)
Through the Morning, Through the Night White Light
(1971)


Through the Morning, Through the Night er det andre og siste albumet til countryrockduoen Dillard & Clark, gjeve ut i august 1969.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Av musikarar på albumet finn ein country- og folkrockpioneren Gene Clark, Doug Dillard, Bernie Leadon, Chris Hillman, Sneaky Pete Kleinow, Byron Berline og Michael Clarke. Fleire av desse spelte òg på første albumet, men på dette albumet var òg kjærasten til Dillard, Donna Washburn, med på harmonivokal og erstatta Leadon som forlet gruppa og slo seg saman med Hillman, Clarke og Kleinow i Flying Burrito Brothers.

Kjernen i bandet bestod av Clark, Dillard, Washburn, David Jackson, felespelar Byron Berline og trommis Jon Corneal, som hadde slutta i The Burritos, og opna opp for at Michael Clarke kunne slå seg saman med desse. Dei mange coversongane på albumet førte til ein del kritikk og ikkje så positive meldingar som det første albumet. Som følgje av dette forlet òg Gene Clark bandet etter at albumet var ferdig. Sjølv om Doug Dillard prøvde å halde fram gruppa som The Doug Dillard Expedition gav gruppa seg like etter.

Songane «Through the Morning, Through the Night» og «Polly» vart spelt inn av Alison Krauss og Robert Plant på albumet deira Raising Sand i 2007.

MottakingEndra

Musikkritikaren Richie Unterberger skreiv for Allmusic og kalla albumet «skuffande i forhold til det langt betre The Fantastic Expedition of Dillard & Clark. Den største skilnaden er at der den første plata baserte seg på dei originale songane til Gene Clark, og ei forholdsvis vågal blanding av country og rock, er denne oppfølgjaren meir i retning av tradisjonell folk og bluegrass. I seg sjølv er albumet greitt nok, behageleg og kraftig bluegrassbasert med få overraskingar.»[1]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «No Longer a Sweetheart of Mine»  Don Reno, Red Smiley, Swift 3:16
2. «Through the Morning, Through the Night»  Gene Clark 4:06
3. «Rocky Top»  Boudleaux Bryant, Felice Bryant 2:47
4. «So Sad»  Don Everly, Phil Everly 3:21
5. «Corner Street Bar»  Gene Clark 3:35
6. «I Bowed My Head and Cried Holy»  Trad. arr. Dillard & Clark 3:33
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Kansas City Southern»  Gene Clark 3:40
8. «Four Walls»  George Campbell, Marvin Moore 3:40
9. «Polly»  Gene Clark 4:22
10. «Roll in My Sweet Baby's Arms»  Bill Monroe 2:50
11. «Don't Let Me Down»  John Lennon, Paul McCartney 3:52

MedverkandeEndra

ProduksjonEndra

  • Produsent: Larry Marks
  • Lydteknikarar: Dick Bogert & Ray Gerhardt
  • Kunstnarisk leiar: Tom Wilkes
  • Fotografi: Jim McCrary
  • Notat i omslaget: Barry Ballard

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Unterberger, Richie. «Through the Morning, Through the Night > Review». Allmusic. Henta 3. januar 2019.