Tiffany Porter
Tiffany Porter (fødd 13. november 1987), fødd Tiffany Ofili, er ein USA-britisk friidrettsutøvar fødd i Ypsilanti delstaten Michigan i USA. Ho representerte Storbritannia då ho i 2014 vann 100 meter hekk under Friidretts-VM i Zürich.
Tiffany Porter | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 13. november 1987 (37 år) Ypsilanti |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter hekk kvinner |
Karriere
endreAktiv
endreTiffany Ofili nådde ikkje opp mellom dei kvinnelege hekkeløparane i USA, og byrja frå 2011 å tevle for Storbritannia, fødelandet til mor hennar. Allereie same året vart ho nummer fire i VM-finalen på 100 meter hekk, sidan sprang ho som Tiffany Porter under VM 2013 i mål til bronsemedalje på personbeste 12,55 sekundar.
Midt i august 2014 tok Porter gullmedaljen ved europameisterskapen i Zürich med tre hundredels sekunds margin til nummer to. Ein månad seinare flytta ho den personlege rekorden til 12,51 sekundar i eit stemne i Marrakech. I EM 2016 vart Porter nummer tre på korthekken.
Porter er eldre syster til Cindy Ofili. Under Sommar-OL 2016 tok begge systrene seg til finalen på 100 meter hekk. Veslesystera var då best med ein fjerdeplass, Porter vart nummer sju.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 12,63
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (12,79=nr 10)
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 12,55
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 12,66, framom Cindy Billaud (12,69)
- VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 12,68
- EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 12,76
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 12,76
- VM 2017 i London: Utslått i forsøket (13,18=nr 29)
- OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane (12,86=nr 18)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tiffany Porter» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2019.