Return to Base
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 1. oktober 1979
Innspelt 1979
Sjanger
Lengd 33:48
Selskap Barn
Produsent Slade
Slade-kronologi 
Slade Alive, Vol. 2
(1978)
Return to Base Slade Smashes!
(1980)


Singlar frå Return to Base
  1. «Ginny, Ginny»
    Utgjeve: 18. mai 1979
  2. «Sign of the Times (berre Storbritannia)»
    Utgjeve: Oktober 1979
  3. «I'm a Rocker (berre Belgia)»
    Utgjeve: 12. mars 1980

Return to Base er det åttande studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 1. oktober 1979 på Barn Records, og gjekk ikkje inn på nokre av albumlistene noko stad. På tidspunktet for utgjevinga hadde suksessen til bandet avtatt . Bandet var tvinga til å spela i små hallar og klubbar rundt om i Storbritannia, og den einaste faste inntekta dei hadde var honorara Noddy Holder og Jim Lea fekk som låtskrivarar. Dei siste singlane deira hadde selt dårleg, og dei trekte ikkje lenger eit stort publikum. Før dei spelte på Readingfestivalen i 1980, var dei på nippet til å gje seg.

Førre albumet til bandet, Whatever Happened to Slade (1977), inneheldt ein «streit» hardrockstil, og droppa glamrock-imaget sitt, og trass i kritisk heider hadde det gjeve bandet få inntekter. Return to Base vart tenkt som ei fortsetjing av stilen deira, og eit forsøk på å auke inntektene deira. Bandet hadde som mål å spela inn tjue songar, og setje dei beste elleve på albumet. I fanklubbladet deira frå juli-august 1979 stadfesta trommeslagaren Don Powell at dei hadde spelt inn sytten spor på den tida.[1] Sjølv om den kritiske reaksjonen på albumet generelt var positiv, selde albumet dårleg, noko som delvis vart klandra Barn Records, som berre trykte totalt 3500 eksemplar av den første singelen frå albumet «Ginny, Ginny», og praktisk talt garanterte at det ikkje gjekk inn på salslista. Heller ikkje singelen som følgde, «Sign of the Times», klarte ikkje å gå inn på singellista, og dei fleste eksemplar som vart igjen vart smelta ned.

Nokre av spora frå Return to Base dukka opp igjen på Slade-albumet frå 1981, We'll Bring the House Down, som vart gjeve ut etter den vellykka konserten deira på Readingfestivalen i 1980. Resten av spora frå Return to Base vart inkludert som bonusspor på 2007-utgåva av We'll Bring The House Down. Sånn sett var albumet det einaste album deira som ikkje vart ommastra.

Bakgrunn endre

 
Slade på scenen i 1977.

Etter å ha komme tilbake til Storbritannia frå USA i august 1976, fann Slade seg forbigått av punkrockeksplsjonen i Storbritannia. Albumet deira Whatever Happened to Slade frå 1977 viste seg å bli ein kommersiell fiasko medan turnéen på våren hadde vist at dei ikkje lenger kunne fylla store arenaer. Den avtakande suksessen til Slade førte snart til at bandet tok dei konsertane dei kunne. Dei spelte på små arenaer, hovudsakleg universitet og klubbar. Turneane deira gjekk ofte med tap, og bandet måtte ta med eige PA-anlegg og lysshow. Bassisten Jim Lea var likevel upåverka. «Eg syntest framleis at bandet var flott», sa han til Chris Charlesworth i 1983, «me spelte òg om ikkje betre enn me nokon gong hadde ... no hadde me noko å bevisa igjen.»[2]

Sjølv om dei lykkast med å fylla små arenaer på konsertane sine, selde knapt dei nye platene til bandet. Sidan den nye produksjonen til bandet ikkje lenger vart gjeven ut på Polydor Records, men i staden på selskapet til manageren Chas Chandler, Barn Records, gjekk ingen av singlane som «Burning in the Heat of Love», «Give Us a Goal», «Rock 'n' Roll Bolero» og «Ginny, Ginny» inn på singellista. Sjølv det andre konsertalbumet deira, Slade Alive, Vol. 2 (1978), oppfølgjaren til det kritikarroste og kommersielt vellykka Slade Alive! (1972), var ein kommersiell fiasko.[2]

Innspeling endre

Albumet vart spelt inn over ein periode på seks veker i 1979.[3] Det var første albumet bandet produserte saman. I eit fanklubbintervju frå 1979 sa Hill: «me produserte bestemte delar kvar for oss på eiga hand - noko som gjer det til det første albumet me utelukkande har produsert sjølv.»

Usemjer mellom gruppa - særskild Lea og produsenten/manageren deira Chas Chandler - hadde brygd sidan innspelinga av Whatever Happened to Slade, og etter å ha halde fram gjennom 1978 toppa det seg under innspelinga for Return to Base. «Jim vart meir og meir involvert i den sida av sakene,» sa vokalisten Noddy Holder til Chris Charlesworth. «Han ønskte å produsera gruppa, og han syntest ikkje at Chas leverte varene.» Chandler på si side var lite imponert over det noverande materialet til gruppa: «Dei følte at ein flott lyd var det viktigaste», sa han til Charlesworth. «Eg har alltid følt at songen kjem først, og så lagar du lyden din slik at han passar til songen ... ikkje omvendt.» Sjølv om Chandler tilbaud seg å avslutta sambandet med Slade heilt, bad bandet han om å bli verande som manager medan dei produserte seg sjølv. Chandler sa: «Eg sa ja til dette fordi viss eg nekta følte eg at eg ville ha sparka dei når dei var nede.»

Då han vart spurd i 1979 om tankane sine om albumet, sa Hill: «Eg er veldig nøgd med det. Det har ei blanding av forskjellige typar songar, som alle bidrar til at det er eit godt album! Favorittane mine er rock 'n' roll-nummeret 'I'm a Rocker' og instrumentalen 'Lemme Love into Ya' - truleg på grunn av måten dei kjem over på scena meir enn noko anna.»[4][1]

I eit fanklubbintervju frå 1980 snakka Holder om albumet. «I løpet av dei siste par åra har eg og Jim skrive mange songar, men me har ikkje visst korleis me eigentleg skulle nærma oss dei. Med Return to Base var me veldig nøgd med albumet, me trudde at det verkeleg vart bra, men den selde ikkje. Alle rundt bandet sa til oss at me ikkje kom på så gode songar som me pleidde, men eg og Jim visste at me gjorde det, me visste at me kom med sterke songar. Nokre av songane på Return to Base syntest me var nokre av dei beste songane me nokon gong har skrive. Det syntest berre å vera meg og Jim som hadde tillit til songane; folk som Chas, Dave og Don sa at dei syntest ikkje songane våre var like sterke, nokre av dei gjorde dei, men nokre av dei gjorde dei ikkje. Men me trudde sjølv at dei var det. Dermed gjaldt det å få albumet ned, og i tankane våre vart det eit flott album.»[5][6]

Under innspelinga av Return to Base vart Slade overtalt av lydteknikaren Andy Miller til å spela inn ein song han hadde skrive saman med Bernie Frost. Songen, «Another Win», vart spelt inn av Slade, men ikkje gjeven ut.[7][8] I 2011 dukka songen opp på internett gjennom nettstaden Slade in England.[9]

Musikk endre

Som albumtittelen indikerer, fortset albumet «back to basics»-stilen frå det førre albumet deira Whatever Happened to Slade (1977). AllMusic uttalte at «stilen av denne plata går attende til den populære singelstilen deira, litt mindre overdriven og tung, og litt lettare. Det dukkar til og med opp akustiske gitarar.»[10]

Side ein endre

«Wheels Ain't Coming Down» fortel historia om ei flyoppleving nær døden som Holder og Lea opplevde under ei reise til Los Angeles. Sporet vart seinare gjeven ut på singel i 1981 og nådde då 60. plassen på den britiske singellista.[11] «Hold on to Your Hats» er eit mjøllemstempo-spor påverka av ein meir rock 'n' roll-lyd. Sporet bruker bakoverklangseffekter og har ein spørsmål og svar-teknikk mellom Holder og dei andre bandmedlemmene Hill og Lea under refrenget. «Chakeeta» er eit meir kommersielt klingande spor på albumet. «Don't Waste Your Time (Back Seat Star)» er ein akustiskbasert ballade, skildra av Holder i 1988 som ein «surrealistisk sosial kommentar».[12][13] «Sign of the Times» er ein ballade basert på den teknologisk revolusjonen. Han vart gjeven ut på singel i, men nådde ikkje singellista. Han vart seinare gjeven ut som B-side til hitsingelen deira «Lock Up Your Daughters» i 1981.[14]

Side to endre

«I'm a Rocker» er ein coverversjon av Chuck Berry. For å marknadsføre albumet i Belgia filma eit belgisk filmteam bandet som framførte songar i Portland Studios i London.[15] Songen vart gjeven ut på singel i Belgia i 1980, og nådde toppen av lista der.[16] Holder merka seg opphavleg songen då han vart spelt på Radio One av DJ Annie Nightingale. I eit intervju frå 1980 sa Holder: «Eg likte det [og] nemnde for dei andre i bandet at eg hadde høyrt eit veldig bra Chuck Berry-nummer». Etter å ha brukt tid på å prøva å få tak i ein kopi av songen, skaffa Holder albumet med same namn frå ein importbutikk. Holder sa: «Etter å ha lytta til det, byrja me å spela han på konsertane, først og fremst som ein jam på slutten av settet. Så ein kveld gjekk me inn i studio, me hadde alle vore på puben, og me hadde ein halvtime igjen på slutten av ei økt, og me bestemte oss for å spela han inn, og me fekk han ned på eitt forsøk. Kjensla er der i den songen, det er oss, Slade - det er det me handlar om.»[6][17]

«Nuts Bolts and Screws» er eit anna rockebasert spor som AllMusic meinte å vera blant dei beste songane til bandet.[11] «My Baby's Got It», er eit spor påverka av rock 'n' roll og boogierock.[18] «I'm Mad» er eit akustisk-basert spor som skildrar ein mann som er i fantasiane og draumane sine sin vold. Record Mirror uttalte at songen «er den næraste tingen til ein hitsingel med den sprettande rytmen og reine sekstitalls akkordendringar.» «Lemme Love into Ya» er ein ballade i moll som vanlegvis vart spelt på konsertane deira. Record Mirror skreiv at songen hadde «baklengs gitarintro med tremolo» og «veldig ambient lyd». Songen vart seinare omarbeidd til songen «Poland», som Lea spelte inn som eit soloverk under namnet Greenfields of Tong. Versjonen hans vart gjeven ut på singel i 1982.[19] «Lemme Love into Ya» vart kåra til den nest beste av dei tre beste Slade-albumspora i Slade Fan Club Poll i 1979.[20][21]

«Ginny, Ginny» vart òg gjeven ut i mai same år, og gjeven ut som den leiande singel frå albumet (sjølv om han kom ut fem månader i forkant av sjølve albumet). Singelen klarte ikkje å nå salslista. I følgje nyhendebrev frå fanklubben til Slade på den tida hadde han likevel komme inn på topp 200-lista i Storbritannia.[22] Songen fekk opphavleg namnet «Jeanie Jeanie» og vart gjeven ut på ein gul vinyl som singel i håp om å interessere kjøparar.[23] Lea spelte òg inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Han vart spelt inn i løpet av 1979–80, men kom først ut i 1991 på A Day in the Life of the Dummies, som samla innspelingane til The Dummies.[24]

Tittel og plateomslag endre

Albumtittelen er ei linje frå songen til albumet «Sign of the Times». Som svar på korleis tittelen til albumet vart bestemd, sa Hill at bandet «hadde ei heil liste med forslag til tittelen, og Return To Base er frå ei av linjene i songen 'Sign of the Timst'.[1] I fanklubbmagasinet frå november - desember 1979 , vart det uttalt at tittelen til albumet òg skildra handlingane til bandet på den tida. Både Lea og Hill budde i Wolverhampton medan Holder og Powell budde i London. Då albumet kom ut budde alle medlemmane i Wolverhampton.[1]

I eit reint, raudt omslag med ein skarp, svart tittel i stor skrift, var albumomslaget meint å gjenspegla ein streit, enkel haldning. sjølv om det vart notert at «det enda med å sjå like keisamt ut som mykje av publikum rekna at Slade var.» Då han spurde om omslaget til albumet var designa, svarte Hill «Det vert arbeida på no, men eg forstår det slik at det skal ha eit bilete av ei ticker-melding på framsida som seier 'Return To Base' i dataliknande skrift. Men det kjem til å bli eit veldig enkelt omslag - slik at det heng saman med den «enkle» referansen i tittelen.»[4]

Utgjeving endre

Albumet vart gjeve ut på manageren deira Chas Chandlers sitt Barn Records den 1. oktober 1979 i Storbritannia, over to og eit halvt år etter det førre albumet deira, Whatever Happened to Slade, kom ut som det første albumet deira på etiketten.

I Storbritannia fortsette albumet den kommersielle nedturen til bandet, og fann ikkje noko anna publikum enn den allereie eksisterande fanskaren deira. Som med Whatever Happened to Slade, kom albumet ikkje inn på UK Album Chart. Singelen deira «Okey Cokey» kom ut i desember 1979, men klarte heller ikkje å komma inn på UK Singles Chart. Ein liknande lagnad fekk den 12" EP-en Six of the Best, i juni 1980. EP-en vart selt til ein billeg pris på 1,49 pund og inneheldt tre spor frå Return to Base og tre nye spor.

Albumet vart ein suksess i Belgia i 1980 og nådde toppen av albumlista. Sidan albumet ikkje var tilgjengeleg i Belgia, måtte fans i landet opphavleg kjøpa albumet som import. Albumet klatra snart til topps på Telemoustique-lista, ei vekentleg rockeliste som vart sett saman av offentlege stemmer. Det toppa òg den belgiske radiostasjonen Impedances si daglege liste ved fleire høve. Som eit resultat av interessa for albumet vart albumet gjeve ut i landet av Warner Bros. i 1980.[5][25] Albumet klatra til nummer éin der, det same gjorde den belgiske singelen «I'm a Rocker».[17]

I eit fanklubbintervju frå 1980 snakka Noddy Holder om suksessen i Belgia: «Det som skjedde i Belgia var at Return to Base var tilgjengeleg på import, og det byrja å klatra på importlistene. Eg veit ikkje kvifor, det var overraskande for oss som for alle andre. Warner Bros. sa så til oss at albumet er nummer éin der borte!»[6][17] Holder sa om «I'm a Rocker»: «Det var sporet som vart mest spelt på radio frå albumet. Men det gjaldt ikkje berre i Belgia - me har fått så mange som skriv til oss og spør kvifor me ikkje har gitt han ut på singel. «I'm a Rocker» er ikkje eingong ein av songane våre - det er eit Chuck Berry-nummer.»[17][25]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Sounds     [26]
Record Mirror     [27]
Wolverhampton Express and Star(positiv)[1]
Trouser Press(positiv)[28]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [29]
Classic Rock(positiv)

Rett før utgjevinga av albumet sa nyhenebrevsredaktøren i fanklubben til Slade, Dave Kemp, tankane sine om den uferdige kopien han hadde høyrt. «Etter å ha høyrt den uferdige kopien av det, kan eg berre seia at det er fantastisk, heilt annleis enn alt Slade har gjort før, du kjem til å elska det.»[1][30]

Då albumet kom ut var kritikken generelt blanda. Record Mirror uttalte: «Føresett at tittelen skal forståast som at gruppa prøver å gå attende til dei territorielle krigsmarkene for dei gylne åra sine på singellistene, trur eg dei er i sjokk. Eg forventar litt meir enn referansar til Big Brother, Stereo, Radio etc., i det elles fengjande «Sign of the Times» og refleksjonen av «Born to Run» i «Wheels Ain't Coming Down». På «Nuts Bolts & Screws» og «My Baby's Got It» byrjar Slade å rocka, men det er ikkje noko her for å skilja dei frå nokre andre rockeband. Eg hadde ikkje forventa ein annan «Cum On Feel the Noize» «eller «My Friend Stan», men berre noko litt meir inspirert. Frå eit nytt band ville dette vera ein ganske god debut, frå Slade vil eg ha meir.»[14][26] Sounds skreiv på liknande vis: «Slade har klart å trekka god til imponerande framferd ut av sekken med denne. For new wave-øyre høyrest det datert ut, men Return to Base rockar framleis som ei god ei, ved å bruka standard rock 'n' roll/hardrock-fundament med stram og klassisk rock. Noddy har ein av dei heilt klassiske rockestemmene då han roper seg gjennom ti dampande originalar og ein Chuck Berry-cover. Slade kan ha stått stille, men deira eige rockemerke høyrest framleis godt ut for desse partiske ørane.»[26]

Ei meir positiv melding kom frå Wolverhampton Express and Star: «Slade har ikkje hatt ein stor hit på ei stund no, men det ville vera dumt å avskriva dei endå. Det er definitivt ei 60-tals-kjensle på nokre av songane, sjølv om andre er klassisk Slade. Det mest slåande med albumet er variasjonen, for Slade har losna litt for denne og inkluderte mykje meir variasjon i stemninga. Det lønner seg absolutt. Nok ein slåande faktor er gitarspelet til Dave Hill, som verkeleg har fått lov til å slå seg laus på denne plata. Alt i alt er det eit album som vil gleda den framleis store fanskaren til Slade, både for truskapen til Slade - lyden og for oppfinnsomheita og friskheita deira.» I mai 1980 melde Jon Young frå New York-magasinet Trouser Press albumet og uttalte: «På Return to Base koplar sju av dei elleve kutta seg på alle moglege måtar, til eit slaggjennomsnitt på .636. Viss det hadde kome i 1973, ville den klassiske «Nuts, Bolts and Screws» lett ha toppa dei britiske hitlistene. Ok, det er ikkje noko her som er like fantastisk som «Cum On Feel the Noize». Men kven si skuld er det? Denne typen musikk er ikkje meint for eit vakuum! Det er meint å nytast! Gje Slade litt oppmuntring! Du blir glad for at du gjorde det!»[28][31]

Albumet vart kåra til det nest beste av dei tre beste Slade-albuma i Slade Fan Club Poll i 1979.[20][21]

I midten av 1980, då bandet var på nippet til å gje seg, fekk bandet tilbod om å spele på Readingfestivalen i august 1980 etter å ha blitt oppringd i siste augneblink. Bandet hadde berre eit par av scenearbeidarane sinetil å hjelpa seg på dagen. Jim Lea sa «me måtte betala for å parkera i det offentlege området. Utan scenearbeidarar måtte me bera vårt eige utstyr, og det var til og med problem å komma seg inn i backstage-området.» Trass i den mislykka Return to Base og mangel på suksess, var framsyninga på festivalen ein suksess og bandet vart populært nok ein gang.[2] Som eit resultat av denne suksessen dukka fleire spor frå albumet opp som bandet vurderte som dei sterkaste på neste albumet deira, We'll Bring the House Down (1981), som lykkast med å gje bandet suksess på ny, både kritisk og kommersielt.

I ei melding frå AllMusic skreiv dei at albumet «markerer eit lågpunkt når det gjeld popularitet og moral», og var blanda i omtalen av albumet. Dei gav det to stjerner av fem og noterte at albumet «absolutt ikkje var eit høgdepunkt for bandet, men dei fortsette å fortsetja, uansett kvar ille det vart. Dei var trygge på at praktisk talt ingen hadde høyrt plata, gjorde Slade til slutt plata som We'll Bring the House Down, ein fullstendig realisert prosjekt.»[10] Tidleg i 2010 såg på Classic Rock albumet som «overlegent, rykte-sementerande» og skreiv: «We'll Bring the House Down vart raskt sett saman etter Reading-triumfen deira, stort sett frå innhaldet av Return to Base.» Colin Harper frå Record Collector sa: «I leitinga etter den britiske tidsanda hadde den no ufatteleg uklåre Return to Base frå 1979 ein ironisk nok ein behageleg mangfaldig, gjenoppliva musikalsk palett.»[32]

Albumet vart gjeve ut på nytt på CD i Tyskland i 1997 på RCA og BMG,[33] og vart ommastra for ei ny CD-utgjeving i Japan i 2006 på Air Mail Recordings.[34] Albumet vart likevel ikkje ommastra for ei eiga utgåve i 2007 for den britiske «Feel the Noize: Slade Remastered»-serien i motsetnad til alle dei andre studioalbuma deira. I staden vart songane frå albumet som ikkje òg dukka opp på We'll Bring This House Down (1981) ommastra som bonusspor for dette albumet.[34] Dermed er Return to Base det einaste Slade-albumet som aldri vart gjeve ut i Storbritannia på CD, eller gjeve ut på nytt i noko anna format.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea, utanom «I'm a Rocker» av Chuck Berry.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Wheels Ain't Coming Down»3:40
2.«Hold on to Your Hats»2:32
3.«Chakeeta»2:26
4.«Don't Waste Your Time (Back Seat Star)»3:28
5.«Sign of the Times»3:57
Side to
Nr.TittelLengd
6.«I'm a Rocker»2:46
7.«Nuts Bolts and Screws»2:30
8.«My Baby's Got It»2:34
9.«I'm Mad»2:46
10.«Lemme Love into Ya»3:26
11.«Ginny, Ginny»3:38

Salslister endre

Liste (1980) Plassering
Belgia Telemoustique-lista[35] 1

Medverkande endre

Slade
  • Noddy Holder – solovokal, rytmegitar, produsent
  • Dave Hill – sologitar, korvokal, produsent
  • Jim Lea – bass, piano, synthesizer, korvokal, produsent
  • Don Powell – trommer, perkusjon, korvokal, produsent
Andre medverkande
  • Andy Miller – lydteknikar
  • Dave Garland, Mark O'Donoughue – assisterande lydteknikarar
  • George Peckham – miksing
  • Eric Massey – kunstnarisk leiar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «1979 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 14. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 CD-heftet til We'll Bring the House Down - 2007 Salvo
  3. November–desember 1979 Slade News magazine.
  4. 4,0 4,1 Slade Fan Club Newsletter Nov–Dec 1979
  5. 5,0 5,1 «1980 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 14. oktober 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Slade Fan Club Newsletter November–Desember 1980
  7. «6119927_orig.jpg (546x800 pixels)». Archive.is. 10. oktober 2021. Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  8. Slade Supporters Club Newsletter May – June 1981
  9. Mickey P. (26. februar 2004). «From Roots To Boots!: Another Win». Sladestory.blogspot.com. Henta 14. oktober 2021. 
  10. 10,0 10,1 Geoff Ginsberg. «Return to Base – Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  11. 11,0 11,1 Ginsberg, Geoff. «Return to Base – Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  12. «1988 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 14. oktober 2021. 
  13. Slade International Fan Club newsletter October – November – Desember 1988
  14. 14,0 14,1 «Slade Scrapbook Website – Cuttings 1979». Sladescrapbook.com. 27. oktober 1979. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 14. oktober 2021. 
  15. «Slade – I'm a Rocker». YouTube. Henta 14. oktober 2021. 
  16. «3275309_orig.jpg (561x800 pixels)». Archive.is. 15. juli 2012. Arkivert frå originalen 15. juli 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 «1980 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 14. oktober 2021. 
  18. «SLADE». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2011. Henta 14. oktober 2021. 
  19. «Greenfields of Tong – Poland / (Instrumental) – Speed Records Ltd. – UK – FIRED 2». 45cat. Henta 14. oktober 2021. 
  20. 20,0 20,1 «7869225_orig.jpg (544x800 pixels)». Archive.is. 10. oktober 2021. Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 12. oktober 2021. 
  21. 21,0 21,1 Slade Fan Club Magazine January–Februar 1980
  22. Mickey P. (10. september 1950). «From Roots To Boots!: Slade News Issue 4». Sladestory.blogspot.com. Henta 14. oktober 2021. 
  23. «SLADE». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2011. Henta 14. oktober 2021. 
  24. «The Dummies (3) - a day in the life of The Dummies (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs. Henta 12. oktober 2021. 
  25. 25,0 25,1 Slade Fan Club Newsletter September–October 1980
  26. 26,0 26,1 26,2 «SLADE Return to base». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  27. «1979 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 5. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021. 
  28. 28,0 28,1 «1979 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 14. oktober 2021. 
  29. Ginsberg, Geoff. «Return to Base – Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  30. Slade News – Issue 6 – November–Desember 1979
  31. Slade Fan Club Magazine September–October 1980
  32. «Whatever Happened To Slade? / We'll Bring The House / Till Deaf Do Us Part - Record Collector Magazine». Recordcollectormag.com. 26. mai 2011. Henta 12. oktober 2021. 
  33. «Slade – Return To Base (CD) at Discogs». Discogs. Henta 14. oktober 2021. 
  34. 34,0 34,1 «Slade – Return To Base (CD, Album) at Discogs». Discogs. 27. desember 2006. Henta 14. oktober 2021. 
  35. «Hot Top 20». Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 29. januar 2011.