Timanhøgdene

(Omdirigert frå Timanryggen)

Timan eller Timanhøgdene (russisk Тиманский кряж, Timanskij Krjazj) er eit høgdedrag lengst nord i den europeiske delen av Russland. Mesteparten av Timan ligg i Republikken Komi, medan den aller nordlegaste delen ligg i det autonome området Nenetsia og Arkhangelsk oblast. Det høgaste punktet i Timan er 463 moh.

Plasseringa av Timanhøgdene i Europa.

Timanhøgdene, som ligg vest for dei nordlege Uralfjella, er ein del av Den austeuropeiske sletta. Ho ligg vest for elva Petsjora og delar Det nordrussiske låglandet i ein vestleg og ein austleg del. Timan endar ved Barentshavet i nord.

Landskapsbiletet i Timanhøgdene, som ligg i taiga- og tundrabelta, er kjenneteikna av eit bakkete og berglendt åsterreng som er vorte slipt og forma av ismassane under istidene. Fleire elvar har kjeldene sine i Timanhøgdene. Dei viktigaste er Petsjora sine sideelvar Izjma, Mezen og Vytsjegda, som er ei sideelv til Nordre Dvina.

Den største byen i det elles tynt folkesette Timan er Ukhta, som vart grunnlagt på 1930-talet for å opne Timan for utvinning av råstoff. I Timan-området finst mange forskjellige naturressursar − mellom anna gass, olje, bauxitt og titanmineral.

Kjelder endre