Tjörns kommun
Tjörn kommune ligg på øya Tjörn, som er den sjette største øya i Sverige i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Bohuslän. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Skärhamn.
Tjörns kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västra Götalands län | ||
Landskap | Bohuslän | ||
Del av | Bohuslän, Q61482568, Q61484076 | ||
Areal | 168,16 km² | ||
• land | 167,36 km² | ||
• vatn | 0,8 km² | ||
Folketal | 14 960[1] (2011) | ||
Tjörns kommun 58°00′N 11°33′E / 58°N 11.55°E | |||
Kart som viser Tjörns kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Tjörn Municipality |
Geografi
endreTjörn er knytt til Stenungsund på fastlandet via Tjörnbrua, og til Orust i nord via Skåpesundbrua. Største tettstaden er Skärhamn, der òg kommuneadministrasjonen ligg. Andre samfunn, som gamle fiskevær, er til dømes Rönnäng, Klädesholmen og Kyrkesund. Billströmska folkhögskolan med kulturprofil ligg midt på Tjörn. På halvøya Mjörn på nordlege Tjörn finst forutan vakker natur òg Sundsby Säteri som på 1600-talet vart eigd av Margrethe Huitfeldt, mest kjend gjennom overleveringar, myter og segn.
Næringsliv
endreNæringsliv på Tjörn er for ein stor del prega av sjøfarten. Tjörn husar nokre av dei større reiarlaga i Europa, mellom andre Viking Supply Ships AB (tidlegare B&N) med hovudkontor i Skärhamn, og Tarbit shipping (som er eit av dei større reiarlaga innan Nord-Europa som driv med frakt av varmlaster som bitumen (asfalt)). Wallhamn på austsida av øya har kapasitet til å ta hand om 100 000 bilar per år. Rett sør for Wallhamn ligg Djupviks verft som for det meste lagar aluminiumsbåtar for ulike styresmakter som politi, kystvakt og sjøredning. Rönnängs verft bygger mest middels store trålarar for eksport til Irland, men tar seg òg av reparasjon og renovering av eldre kanalbåtar.
Turisme
endreUnder sommarmånadane aukar folkemengda frå 15 000 til nesten 30 000. Ein stor del av turistverksemda er konsentrert til sørlege Tjörn. I Skärhamn finst mellom anna Nordiska akvarellmuseet, ein velrenommert gjestehamn, samt Bästkustens turistbyrå. Den tettbygde vesle øya Åstol med ca. 300 fastbuande er kjend for det omgjorte røykeriet med fullbooka visekveldar gjennom heile sommaren. I Säby finst den 200 år gamle Säbygården som er open for alle på onsdagar om sommaren. På Säby øy finst det eit steinhus frå 1860-talet som òg er verdt eit besøk.
Tettstader
endreTjörn kommune har ni tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Skärhamn | 3 180 |
2. | Rönnäng | 1 474 |
3. | Höviksnäs | 1 289 |
4. | Myggenäs | 1 270 |
5. | Kållekärr | 557 |
6. | Klädesholmen | 417 |
7. | Stora Dyrön | 272 |
8. | Åstol | 238 |
9. | Bleket | 236 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tjörn kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Vitja 7. januar 2012.