57°56′50.586″N 11°32′30.260″E / 57.94738500°N 11.54173889°E / 57.94738500; 11.54173889

Klädesholmen

Klädesholmen er ein svensk tettstad og ei øy i Tjörns kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän. I 2005 hadde tettstaden 417 innbyggjarar. Klädesholmen består eigentleg av to øyer, Klädesholmen og Koholmen. Dei var tidlegare kronoholmar, der fiskarar hadde rett til å busette seg og drive fiske.

Øya har samband med Tjörn via ei bru til Bleket og har lange tradisjonar innan sildefiske og konservering.

Historie endre

Forhistorie endre

I Soga om Håkon Håkonsson frå 1200-talet vert det sagt at den norske kongen Håkon Håkonsson grunnla Marstrand og mange andre øysamfunn i Viken i Bohuslän. Klädesholmen kan godt ha vore eit av desse. Då biskop Jens Nielsen i Oslo stift, som Klädesholmen høyrte til i 1685, passerte øya i 1594, omtalte han Klädesholmen som eit gamalt fiskevær.

Sildeperiodene endre

 
Den gamle brua mellom Koholmen og Klädesholmen. Til venstre ser ein det noverande magasinet i Strandgatan 63, og i framgrunnen, ved stranda i Guldsmedsviken, nokre kvinner med tøyvasken sin.

Som dei fleste øy- og kystsamfunn opplevde Klädesholmen eit kraftig oppsving under den store sildeperioden (1747–1809). Folkesetnaden auka kraftig i denne perioden, og det var framfor alt sesongarbeidarar på sildesalteria og trankokeria som utgjorde veksten. Sildefisket fann stad i vinterhalvåret, og arbeidarane fann seg jobbar i jordbruket i lågsesongen. Hamna var fylt med båtar frå fjern og nær som henta salt sild og tran for vidare transport ut i Europa.

I 1808 forsvann silda. Øysamfunnet opplevde krisetider, og folkesetnaden blei redusert til drygt 400 personar i 1830. Oppgangen byrja i 1861 då ein fekk høyre at fanst fisk (torsk og lange) ved fiskebanken Storeggen i Ålesund i Noreg. Dette medførte at mange båtar sette kursen mot Noreg.

Silda kom igjen inn til kysten i perioden 1877–1900, og den omfattande konserveringsindustrien byrja å ta form. Ein bygde store magasin der ein salta sild og konserverte fisk. Folkesetnaden auka igjen, og på slutten av 1800-talet byrja ein òg å bygge bustadhus på Koholmen. I motsetnad til den spontane veksten på Klädesholmen, skjedde utbygginga av Kolholmen i høve til ein byggeplan med 146 tomter.

I 1890 byrja ein å bruke mindre båtar, såkalla jekter. Med desse vitja ein dei fleste svenske hamnene. Frå båtane selde ein produkta sine, mellom anna klippfisk og spekesild.

 
Sildekonservering tidleg på 1900-talet.

1900-talet og framover endre

Då ein på byrjinga av 1900-talet byrja å lære seg krydring av sild og spekesild, byrja ein å selje gaffelbitar og ansjos. Folketalet på Klädesholmen kulminerte i midten av 1920-åra med 925 innbyggjarar.

I 1930-åra blei konserveringsindustrien stor, og omkring 1950 fanst det 25 fabrikkar på øya, i tillegg til dei ca. 150 yrkesfiskarane. Sidan 1970 har konserveringa avgrensa seg til sild, men opp gjennom åra har ein òg konservert sardinar, makrell, hummar, reker, kreps, kaviar, erter, gulrøter, fiskebollar og plommer.

Ein avgjerande faktor for at konserveringsindustrien har overlevd, er brua som knyter øya saman med Tjörn, som blei opna i desember 1983. Før det hadde ein vore avhengig av bilferje i 20 år, og før dette berre personbåt.

Tidleg på 2000-talet var det berre tre konserveringsfabrikkar att på øya. Desse fabrikkane utgjer til saman ein stor del av den svenske konserveringsindustrien. Til dømes kjem meir enn halvparten av all matjessild frå Klädesholmen. For samfunnet tyder dette at Klädesholmen, i motsetnad til andre mindre vestkystsamfunn, har liv og røre året rundt.

Klädesholmen i dag endre

 
Utsikft frå Klädesholmen

Klädesholmen er framleis eit aktivt samfunn, bygd på næringsliv og turisme. Her har ein skule, bibliotek, misjonshus, ei kyrkje (Klädesholmens kyrka), museum, stor badeplass med strand, fleire restaurantar og kafear.

Sidan 1975 har ein arrangert «Samhällets dag» på Klädesholmen. Første laurdagen i juni vert det halde arrangement med start på torget og ulike aktivitetar over heile øya. Om lag halvparten av alle bustader på øya er i dag eigd av sommargjester. Om sommaren strøymer det til fleire hundre vitjande, både frå Sverige og utlandet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre