Tollef Gjedrem
Tollef Asbjørnsson Gjedrem (fødd 11. desember 1857) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant frå Bjerkreim i Rogaland. Han var medlem av partiet Venstre.
Tollef Gjedrem | |||
| |||
Fødd | 11. desember 1857 | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juli 1950 (92 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Gjedrem var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen 1876/77 og deretter lærarskule i Flekkefjord. Frå 1881 var han lærar i heimbygda Bjerkreim i nær femten år. Han overtok farsgarden i 1885 og vart lensmann i Bjerkreim i 1896, ei stilling han hadde fram til 1923.
Gjedrem var ordførar 1894-96 i Bjerkreim, og hadde fleire kommunale og private verv. Han representerte einmannskrinsen Dalane på Stortinget frå 1906 til -21. Heile tida frå 1906 til -16 var han medlem av tollkomiteen, som sekretær bolken 1909-12 og som nestformann 1913-16. Medlem av jarnbanekomiteen ein større del av tida mellom 1918 og 1921. Siste valperioden på Stortinget var han medlem av utanrikskomiteen 1919-20, permittert i 1921, samt av fullmaktskomiteen 1919-21.
Frå 1921 til -32 var Gjedrem styrar av Noregs Bank si avdeling i Stavanger.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914