«Tom Dooley» er ei skillingvise og folkesong frå North Carolina i USA frå slutten av 1800-talet. Sidan 1929 er den innspilt ei rekkje gonger - først på engelsk, seinare òg på andre språk, mellom dei norsk. Ho er òg blitt parodiert.

The Kingston Trio hadde ein særs stor hit med den i 1958 og selde over 6 mill. eksemplar. Ho er òg innspelt av mellom anna Lonnie Donegan, franske Line Renaud, og i 2012 av Neil Young og Crazy Horse.

Bakgrunn endre

Den 1. mai 1868 vart Thomas G. Dula hengd for mordet på Laura Foster i 1866. Doola stakk henne i hel med ein kniv, fordi ho hadde vore utru mot han. Han hadde akkurat vendt attende frå den amerikanske borgarkrigen. Han var sliten, nedbrutt og i sterk psykisk ubalanse då han utførte ugjerninga. Melodien er eldre enn teksta.

Tom Dooley på norsk endre

Hartvig Kiran omsette visa til nynorsk i boka Tom Duley og andre viser frå 1962. Visa er innspelt på bokmål på albumet Frem fra Glemselen kap. 8 med Rita Engebretsen og Helge Borglund, men kven som har omsett visa til bokmål er ukjend.  Thomas Dybdahl og Lillebjørn Nilsen framførte songen live i TV-programmet Store studio i 2009.[1]

Jonas Fjeld har skrive ei humoristisk norsk tekst med tittelen «Trond Bone». Denne versjonen vart spelt inn av Jonas Fjeld Band og utgjeve på LP-plata Endelig (Uff, ikke nå igjen) (Mercury 9114 200) i 1975.

Kjelder endre

Referansar
  1. Thomas Dypdahl og Lillebjørn Nilsen - Tom DooleyYouTube