Tom Sawyer av Rush

Tom Sawyer
Singel av Rush
frå albumet Moving Pictures
B-side

«Witch Hunt» (USA)
«A Passage to Bangkok» (UK)

Utgjeve 28. februar 1981
Innspelt oktober - november 1980 i Le Studio i Morin Heights i Quebec
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 4:33
Selskap Mercury
Låtskrivar(ar) Geddy Lee, Neil Peart, Alex Lifeson, Pye Dubois
Produsent Rush and Terry Brown
Rush-kronologi 
«Entre Nous»
(1980)
Tom Sawyer «Limelight»
(1981)


«Tom Sawyer» er ein song av det kanadiske rockebandet Rush, kalla opp etter rollefiguren til Mark Twain. Songen vart gjeven ut av Mercury Records og PolyGram i 1981 på Moving Pictures og fleire samlealbum i ettertid. Han finst òg på mange konsertalbum.

Musikken er tungt basert på synthesizeren til Geddy Lee og trommene til Neil Peart. Geddy Lee har kalla songen «det definitive musikkstykket frå det tidlege 80-talet».[1] Det er ein av dei mest kjende songane til Rush og vert ofte spelt på classic rock-radio. Han nådde 25. plass på singellista i Storbritannia i oktober 1981[2] og 44. plass i USA.[3] I 2009 vart han kåra til den 19. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[4]

«Tom Sawyer» byrjar i 4/4-takt og byter til 7/8-takt og 13/16 takt i instrumentaldelen, før han går attende til 4/4 og så til 7/8 att mot slutten.

I populærkultur endre

I film endre

I fjernsyn endre

Andre versjonar endre

Songen er òg vorte spelt av artistar som The Aquabats, The Bad Plus, Barenaked Ladies, Deadsy, The Lost Fingers, Mindless Self Indulgence, Rage, Run for Cover, Sebastian Bach

Songen vart sampla av Young Black Teenagers i 1994 på deira «Time To Make The Dough Nutz»

Kjelder endre