Tonghua
Tonghua (kinesisk skrift 通化, pinyin Tōnghuà) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina I sør-søraust grensar Tonghua mot Nord-Korea og i vest-sørvest mot provinsen Liaoning. Prefekturet har eit areal på 15 698 km² og 2 325 242 innbyggjarar i 2010. 506 877 menneske budde i sjølve byen.
Tonghua | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 15 611,54 km² | ||
Folketal | 1 302 778 (2020)[1] | ||
Tonghua 41°43′49″N 125°56′49″E / 41.73015°N 125.94705°E | |||
Wikimedia Commons: Tonghua |
Byprefekturet Tonghua omfattar to distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Samferdsle
endreRiksveg 201 i Kina fører gjennom området. Han tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og går via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian. Også Kinas riksveg 303 fører gjennom området. Han går frå Ji'an i Jilin til Xilinhot i Indre Mongolia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tonghua» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Tonghua» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.