Tonight I'll Be Staying Here with You

«Tonight I'll Be Staying Here with You»
Singel av Bob Dylan
frå albumet Nashville Skyline
Utgjeve 1969
Innspelt Februar 1969 Columbia Studio A, Nashville, Tennessee
Sjanger Countryrock
Lengd 3:23
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
«Lay Lady Lay»
(1969)
«Tonight I'll Be Staying Here with You» «Wigwam»
(1970)


«Tonight I'll Be Staying Here with You» er ein song av Bob Dylan på albumet Nashville Skyline frå 1969. Songen vart gjeven ut som singel same året og nådde 50. plassen på den amerikanske Billboard-lista, og topp 20 i mange land.

Songen vert generelt rekna som den mest utførte songen på Nashville Skyline og songen der Dylan syng mest engasjert.[1] Songen vert òg ofte omtalt som ein av Dylan sine personlege favorittar.[1] Songen følgjer ein tradisjonell countrystruktur med rullande piano og flytande basslinjer.

Throw my ticket out the window,
Throw my suitcase out there, too,
Throw my troubles out the door,
I don’t need them anymore
’Cause tonight I’ll be staying here with you.

Bob Dylan

Singelen nådde Topp 20 i mange land og mange artistar har gjeve ut sine utgåver av songen.

Andre utgåver

endre

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre Eddie Adcock, Jeff Beck, Johnny Cash, My Morning Jacket, Cher, Ben E. King, Albert Lee, Limbeck, Ricky Nelson, Orange Bicycle, Ann Peebles, Esther Phillips, Sugarland, The Black Crowes og Zora Young.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre