Opna hovudmenyen

Anthony T. «Tony» Thompson (15. november 195412. november 2003) var ein amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem av Chic. Han voks opp i ein middelklasseheim i Springfield Gardens i Queens i New York City.

Tony Thompson
Fødd15. november 1954
FødestadNew York by
Død12. november 2003
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1970-åra–2003
Sjangernew wave, alternativ rock, hardrock, disco, funk, rhythm and blues, Poprock, Hiphop
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar, trommeslagar

KarriereEndra

ChicEndra

Thompson spelte først trommer i bandet Labelle, og så ein kort periode med Raymond Jones i discobandet Ecstasy, Passion & Pain. Han vart så medlem i ein lang periode i Chic, der han var med å skape hittar som «Dance Dance Dance (Yowsah, Yowsah, Yowsah)», «Le Freak» og «Good Times». Han har òg spelt med medlemmar av Chic på «We Are Family» og «He's The Greatest Dancer» av Sister Sledge og «Upside Down» og «I'm Coming Out» av Diana Ross.

Etter at Chic vart mellombels oppløyst i 1983, vart den tidlegare gitaristen og bassisten i bandet, Nile Rodgers og Bernard Edwards kjende produsentar, og Thompson spelte ofte trommer for dei. Thomspon spelte med mange artistar som Jody Watley, Madonna (på albumet hennar Like a Virgin frå 1984), Rod Stewart, Robert Palmer, Adam Ant, Mick Jagger og David Bowie (på hans Let's Dance og den påfølgjande Serious Moonlight-turneen).

Andre bandEndra

Thompson var òg medlem av bandet Power Station i lag med Robert Palmer og John og Andy Taylor frå Duran Duran. Han spelte på Live Aid-konserten i 1985 med Power Station, samt i lag med dei gjenverande medlemmane av Led Zeppelin (i lag med Phil Collins) på John F. Kennedy Stadium. I eit forsøk på ei gjenforeining i 1986, spurte Led Zeppelin Thompson om han ønskte å bli med dei i bandet for John Bonham, men det heile stoppa opp då Thompson vart utsett for ei alvorleg bilulukke.[1]

Thompson vart sidan med i grupper som The Distance og Crown Of Thorn med Jean Beauvoir. I midten av 1990-åra vart han igjen med i Power Station.

Død og ettermæleEndra

Thompson døydde ein månad etter han fekk diagnosen nyrekreft den 12. november 2003 i Los Angeles, berre to månader etter Power Station-medlem Robert Palmer døydde frå hjarteattak. Den 19. september 2005 vart Thompson og resten av Chic innlemma i Dance Music Hall of Fame.

KjelderEndra

  1. Zildjian artist profile

BakgrunnsstoffEndra