Let's Dance av David Bowie

Let's Dance
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 14. april 1983
Innspelt Desember 1982
Studio Power Station (New York City)
Sjanger
Lengd 39:41
Selskap EMI America
Produsent
David Bowie-kronologi 
Rare
(1982)
Let's Dance Golden Years
(1983)


Singlar frå Let's Dance
  1. «Let's Dance» / «Cat People (Putting Out Fire)»
    Utgjeve: 14. mars 1983
  2. «China Girl» / «Shake It»
    Utgjeve: 31. mai 1983
  3. «Modern Love» / «Modern Love (Live)»
    Utgjeve: 12. september 1983
  4. «Without You» / «Criminal World»
    Utgjeve: November 1983

Let's Dance er det 15. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. april 1983 på EMI America Records. Etter utgjevinga av Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) dreiv Bowie ei tid på med ulike musikalske samarbeid og filmjobbar. På denne tida drog han òg frå RCA Records fordi han var misnøgd med selskapet. Etter at han signerte for EMI America seint i 1982, ønskte Bowie å starte med blanke ark og Nile Rodgers frå rock/disco-bandet Chic vart vald ut som medprodusent for det neste albumet.

Albumet vart spelt inn i desember 1982 i Power Station i New York City. Alle musikarane på innspelinga var nye for Bowie, inkludert den då ukjende Texas blues-gitaristen Stevie Ray Vaughan på sologitar. For første gongen på plate, spelte ikkje Bowie nokre instrument på albumet, og berre song. Musikalsk er Let's Dance blitt skildra som eit post-disco-album med element av dance-rock, dance-pop og new wave. Det inneheld tre coversongar: Iggy Pop sin «China Girl», som Bowie og Pop spelte inn i lag for Pop-albumet The Idiot (1977), Metro sin «Criminal World» og ein ny versjon av «Cat People (Putting Out Fire)», opphavleg spelt inn av Bowie og Giorgio Moroder i 1982 for filmen med same namn.

Let's Dance vart ein massiv salssuksess og gjekk til topps i mange land, og gjorde Bowie til ei stor superstjerne. Det er framleis det bestseljande albumet til Bowie. Dei fire singlane frå albumet, inkludert tittelsporet, selde òg alle godt. Men albumet fek middels kritikk frå kritikarane, som hadde ulike meiningar om det kunstnariske innhaldet. Det vart laga musikkvideoar for tittelsporet og «China Girl», som vart mykje spelte på MTV. Albumet vart marknadsført av Serious Moonlight-turneen, der gitaristane Carlos Alomar og Earl Slick kom attende.

Trass i den massive suksessen til albumet, var Let's Dance starten på ein mindre kreativ periode for Bowie. Han følte at han måtte hengi musikken sin til sitt nyerverva publikum, som førte til at oppfølgjarane Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987) vart slakta av kritikarane. Han reflekterte sidan dårleg på perioden som byrja med Let's Dance, og kalla det «Phil Collins-åra» hans. Albumet vart ommastra i 2018 og teken med i plateboksen Loving the Alien (1983–1988).

Bakgrunn

endre

I 1980 gav Bowie ut det 14. studioalbumet sitt, Scary Monsters (and Super Creeps). Med denne plata oppnådde Bowie det biografen David Buckley kalla «den perfekte balansen» mellom kreativitet og popularitet.[1] Etter innspelinga for Scary Monsters, spelte Bowie hovudrolla som Joseph «John» Merrick i Broadway-skodespelet The Elephant Man mellom juli 1980 og januar 1981.[2][3] På denne tida filma han òg ei lita rolle i Uli Edel-filmen Christiane F. (1981).[4]

Mordet på John Lennon i desember 1980 råka Bowie hardt og han avlyste ein planlagt turné for Scary Monsters og drog heim til Sveits der han levde tilbaketrekt[2][5] og fortsette å arbeide. I juli 1981 samarbeidde han med Giorgio Moroder for «Cat People (Putting Out Fire)», tittelsongen for Paul Schrader-filmen Cat People (1982), og på same innspelinga spelte han inn «Under Pressure» med rockebandet Queen.[6][7] Etter innspelinga byrja han å øve til hovudrolla i BBC-utgåva av Bertolt Brecht-skodespelet Baal, regissert av Alan Clarke. Skodespelet vart spelt inn i august 1981 og sendt i mars 1982. Bowie spelte òg inn ein EP med musikken frå skodespelet, som vart gjeven ut av RCA i februar 1982 i samband med sendinga.[8] I 1982 filma òg Bowie roller i The Hunger og Merry Christmas, Mr. Lawrence, begge i 1983.[9][10] Under filminga av sistnemnde lytta Bowie mykje til artistar frå 1950- og 1960-åra, som James Brown, Buddy Guy, Elmore James og Albert King. Dei musikalske ideala frå desse artistane kom i stor grad til å påverka det nye albumet.[11]

Scary Monsters var det siste studioalbumet til Bowie for RCA Records, som hadde vore selskapet hans sidan Hunky Dory (1971).[12] Bowie hadde òg blitt stadig meir misnøgd med selskapet, som han følte «mjølka» katalogen hans, i følgje biografen Nicholas Pegg.[13] Bowie var òg klar for å bli kvitt sluttvederlagavtalen hans frå 1975 med den gamle manageren Tony Defries, som kom til å gå ut i september 1982.[14] Sjølv om RCA var villige til å signere ny kontrakt, i lag med Columbia og Geffen Records, valde Bowie å signere ny kontrakt med EMI America Records for ein avtale estimert til kring 17 million amerikanske dollar.[15]

Utvikling

endre
 
Bowie ønskte ein kommersiell hit og henta inn Nile Rodgers (avbilda i 2018) for å samprodusere albumet.

Med eit nytt selskap og ein idé om å skape ein kommersiell stil, ønskte Bowie å byrje med blanke ark og ein ny produsent. Han valde Nile Rodgers frå rockebandet Chic, ei av dei mest kommersielt suksessrike gruppene frå slutten av 1970-åra, med hittar som «Le Freak» (1978) og «Good Times» (1979).[16] Låtskrivinga og produksjonsarbeidet hans på den tida, inkludert Sister Sledge sin «We Are Family» (1979) og Diana Ross sin «Upside Down» (1980),[17] vart rekna som «danseklassikarar» av Pegg.[18] Bowie og Rodgers møtte kvarandre på The Continental i New York City hausten 1982, der dei fann ut at dei hadde liknande inspirasjonskjelder i gammal blues og R&B.[16][18] Rodgers snakka til Musician i 1983 og sa: «David kunne fått ein kvar produsent - kvit eller svart - om han ønskte. Han kunne gått med Quincy Jones og ein meir sikker sjanse til å få ein hit. Men han ringde meg, og eg kjenner meg æra.»[18]

Tony Visconti, produsenten på dei fire siste studioalbuma til Bowie, var opphavleg sett av til å produsere det nye albumet. Men Bowie valde Rodgers og fortalte det ikkje til Visconti, noko som var overraskande for Visconti, som hadde sett av tid til å gjere jobben.[16] Visconti vart særs såra av dette og sa seinare «eg vart såra fordi eg vart hyra inn for å gjere Let's Dance og han stengde meg ute to veker før... i tre månadar hadde han sagt 'Sett av desember, me skal gå inn og spele inn musikk då'. Nærmare desember ringde Visconti den personlege assistenten til Bowie, Coco, som sa: «Vel, du kan like gjerne få vite det - han har vore i studio dei siste to vekene med nokon andre. Det har fungert særs bra og me treng deg ikkje. Han er veldig lei seg.»[16][18] Dette øydela forholdet mellom dei to og Visconti arbeidde ikkje med Bowie igjen for nesten 20 år (før Heathen i 2002).[19]

Bowie og Rodgers drog så til Montreux i Sveits for å byrje demoinnspelingar.[20] Bowie sa til Rodgers, «eg vil berre lage ei god plate med groove», noko som overraska Rodgers. Han sa seinare: «Eg venta meg Scary Monsters 2».[21] Rodgers fortalte vidare i Radio 2-dokumentaren Golden Years i 1990-åra: «Då eg kom til Sveits, fortalte han meg at han ville at eg skulle gjere det eg kunne best – 'Nile, eg vil verkeleg at du skal lage hittar.' Og eg vart litt overraska, fordi eg alltid rekna med at David Bowie gjorde kunst først, og om det så kom til å bli ein hit, så fekk det berre bli slik!»[18] Sjølv om han i starten vart skuffa over at han ikkje fekk høve til å bruke plata til å oppnå respekt hos eit kvitt publikum, forstod han at han måtte gjere det han kunne best for å garantere ein hit. I Montreux spelte Bowie han dei nye songane på ein 12-strengs akustisk gitar.[22] Den første songen han spelte for Rodgers var «Let's Dance», i eit roleg vokalarrangement. Rodgers forstod at det ikkje var ein dansesong. Dei to brukte så gamle 50- og 60-talsplater for arrangere sporet til eit ferdig produkt.[23] I løpet av tre dagar laga dei to demoar av dei nye spora, med hjelp frå den tyrkiske multi-instrumentalisten Erdal Kızılçay, som kom til å arbeide mykje med Bowie.[18]

Innspeling

endre

«Dette er det kjappaste eg har arbeidd nokon gong. Bowie sa han liker å arbeide kjapt og eg planlegg å gjere det same resten av karrieren min. Det er berre den mest energiske måten å lage ei plate på. Musikarane var verkeleg oppjaga på grunn av det høge tempoet, og på grunn av det fekk me nokre flotte framføringar.»[24]

—Nile Rodgers om innspelinga, 1983

Let's Dance vart spelt inn i Power Station i New York City—der Bowie spelte inn Scary Monsters[18]—i løpet av dei første tre vekene av desember 1982[25] og vart fullført på 17 dagar.[26][27] Lydteknikar for innspelinga var Bob Clearmountain.[28] Rodgers meinte at lyden på plata fekk hjelp frå klangen i studioet og sa: «The Power Station er kjend for den flotte trommelyden. Og me hadde veldig gode musikarar òg.»[29] I lag med ein ny produsent vart det henta inn heilt nye musikarar for plata og Bowie sa: «Eg ønskte å ta ein liten pause frå dei eg vanlegvis arbeider med. Eg ønskte å prøve folk eg aldri hadde arbeidd med før, slik at eg ikkje kunne føresjå kva dei kom til å spele.» Pegg skreiv at det var første gongen sidan Space Oddity (1969) at Bowie ikkje beheldt minst ein musikar frå det førre albumet.[18] Den mangeårige samarbeidspartnaren Carlos Alomar, som hadde arbeidd med Bowie sidan midten av 1970-åra og som kom til å arbeide med Bowie inn i midten av 1990-åra, såg fram til å arbeide med Rodgers. Men han hevda at han fekk tilbodet om ei «latterleg låg» betaling for å spele på albumet og avslo.[30][31] Då han arbeidde på oppfølgjaralbumet til Bowie, Tonight, sa han at han ikkje spelte på Let's Dance fordi Bowie berre gav han melding to veker før og han allereie hadde anna arbeid han var forplikta til.[32] Med Alomar ute, tok Rodgers sjølv over rolla på rytmegitar. Han rekrutterte òg dei fleste nye musikarane, som dei faste Chic-samarbeidspartnarane — klaverspelaren Robert Sabino, perkusjonisten Sammy Figueroa og korvokalistane Frank og George Simms. Dei andre musikarane var mellom andre trommeslagaren Omar Hakim (som Bowie kalla «ein fascinerande trommeslagar med upåklageleg timing»); bassisten Carmine Rojas; trompetisten Mac Gollehon; og saksofonistane Stan Harrison, Robert Aaron og Steve Elson.[33] Mot slutten av innspelinga henta Rodgers inn Chic-trommeslagaren Tony Thompson og bassisten Bernard Edwards for ekstra arbeid. Han var motvillig til å hente dei inn tidlegare fordi dei sleit med dopmisbruk. Då dei kom var bidraga til Thompson og Edwards avgrensa, og dei var berre på høvesvis tre og eitt spor. Edwards spelte inn sin del for «Without You» på 13 minutt, og Rodgers skreiv seinare i memoara sine «eg var aldri meir stolt av han og det skjedde på den siste innspelingsdagen.»[24] For første gongen i karrieren spelte ikkje Bowie nokre instrument sjølv. «Eg spelar ikkje ein jævla ting. Dette var ein songar sitt album», sa han.[27] Bowie spelte inn all vokalen for albumet i løpet av to dagar.[24]

 
Bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan (avbilda i 1983) speler sologitar på plata.

Under Montreux Jazz Festival i Sveits i 1982 såg Bowie Stevie Ray Vaughan spele gitar. På den tida var Vaughan ein ukjend 28 år gammal bluesgitarist frå Texas. Debutalbumet hans med bandet Double Trouble var enno ikkje komen ut.[18][34] Etter konserten til Vaughan var Bowie så imponert at han spora han opp fleire månader seinare for å få han til å spele sologitar på albumet.[27] Rodgers var i starten ikkje særskild imponert over valet til Bowie av Vaughan, og syntest at han høyrdest ut som Albert King. Bowie kjende på seg at Vaughan var annleis og sa til han «han har ein heilt annan ting på gang.»[26] Vaughan spelte inn gitaren sin mot slutten av innspelinga.[24] I følgje biografen Paul Trynka brukte Vaughan ein gammal Fender Stratocaster plugga inn i ein gammal Fender-forsterkar, «all tonen kjem frå spelaren».[26] I eit samtidig intervju skildra Vaughan innspelinga for albumet: «Bowie er verkeleg lett å arbeide med. Han veit kva han gjer i studio og han rotar ikkje...Han kom med meininga si om det han likte og det som trengde meir arbeid. Nesten alt vart spelt inn på eitt eller to forsøk. Eg trur det berre var ein sak som trengde tre forsøk.»[35] I følgje biografane til Vaughan, Joe Patoski og Bill Crawford, spelte Vaughan på seks av åtte songar på albumet.[36] I Strange Fascination meinte Buckley at Vaughan var eit «bisarr» val for ein sologitarist, sidan han på den tida var «like langt borte frå Robert Fripp og Adrian Belew som du kunne kome».[34] Uansett hylla både Bowie og Rodgers spelinga til Vaughan på albumet, og Rodgers vart ein av dei næraste venene til Vaughan etter innspelinga var over.[24][34]

Då innspelinga var ferdig drog Bowie på ferie til Mexico, der han filma ei lita rolle i Mel Damski-filmen Yellowbeard frå 1983.[37] Etter ferien drog Bowie attende til New York for å fullføre post-produksjonen og signerte avtalen med EMI America mot slutten av januar 1983. Bowie leverte så albumet til selskapet og drog til Australia for å filme musikkvideoar for dei første to singlane.[24]

Songar

endre

Songane på Let's Dance er av kommentatorar blitt skildra som post-disco,[38] dance-rock,[39] new wave,[40] og dance-pop.[41] Consequence of Sound kalla stilen på plata «til fordel for rein disco, dance og funk med Bowie som kjem ned til jorda» og at Bowie bygde vidare på post-punk- og new wave-stilen frå dei førre albuma hans.[42][43] I eit intervju med Details i 1991 skildra Bowie albumet som «ei gjenoppdaging av kvit-engelsk-eks-kunst-skule-student-møter-svart-amerikansk-funk, ei nyfokusering av Young Americans (1975)».[44]

Side ein

endre

Opningssporet, «Modern Love», er ein kjapp popsong med ein kall-og-svar-struktur[45] inspirert av Little Richard.[46] Dave Thompson i AllMusic kalla det «ein høgenergisk, sprudlande rockar» som «skildrar alt som var bra med gjennoppfinninga av Bowie frå 1983 som ei villig superstjerne».[47] Medan Pegg hylla musikken, syntest han teksten var «overflatisk» samanlikna med tidlegare songar av Bowie.[48] O'Leary samanlikna teksten med eit flytdiagram, som flytta seg frå «modern love» til «church on time» til «God and man».[46]

«China Girl» var skriven av Bowie og Iggy Pop i 1976, og kom først ut på debutalbumet til Pop som soloartist i 1977, The Idiot, som Bowie sjølv produserte.[49] Buckley kalla versjonen til Bowie ein «ultra-kul versjon» av originalen til Pop.[45] For sin versjon la Bowie til korvokal medan Rodgers komponerte gitarriffet.[49] O'Leary skreiv at vokalen til Bowie er meir «leiken» enn Pop sin, medan sjølve musikken har «asiatiske» kvalitetar.[50] BBC Online-meldaren David Quantick snakka om effekten av produksjonen til Rodgers på songen, og hevda at «ingen andre enn Rodgers kunne ha tatt ein song som 'China Girl', med sine paranoide referansar til 'visions of swastikas', og gjere det om til ein søt, romantisk hitsingel».[51] Pegg kalla utgåva til Bowie «ein enormt effektiv bit av hardcore pop», og meinte at teksten reflekterer det gjennomgåande temaet på albumet om «kulturell identitet» og «desperat kjærleik».[49]

Pegg reknar tittelsporet som ein av dei beste songane til Bowie frå 1980-åra og ein av «tidenes beste popsongar.»[52] Han vart skildra av Ed Power i Irish Examiner som «ein anstendig bit av funkrock».[53] Han opnar med ei gruppe songarar som vert høgare og høgare før det eksploderer i eit massivt klimaks. O'Leary og Pegg samanlikna introen til The Beatles sin versjon av «Twist and Shout».[54][55] Den sju minuttar lange albumversjonen har fleire instrumentale parti enn den kortare singelversjonen.[55] Gitarsoloen til Vaughan har eit bluespreg over seg. Teksten instruerer lyttaren om å «put on your red shoes» («ta på deg dei raude skoa dine») og danse under «serious moonlight» («alvorleg månelys»).[54] «Without You» er av Pegg skildra som «ein bortkasta kjærleikssong» og det svakaste punktet på albumet, og såg bort frå både musikk og tekst.[56] O'Leary kritiserte på liknande vis vokalen til Bowie, gjort i «skjør falsett».[57] På den andre sida skreiv Ken Tucker i Rolling Stone at «Without You» inneheldt noko av den mest vågale låtskrivinga i karrieren til Bowie og likte vokalframføringa til Bowie.[58]

Side to

endre

Biografar har skrive at «Ricochet» er det einaste sporet på albumet som minnar om den eksperimentelle karakteren i innspelingane til Bowie i slutten av 1970-åra.[45][59][60] Pegg skreiv at han har ein R&B- og swing-aktig repeterande korvokal.[59] Bowie skildra songen i 1987: «Eg tenkte det var ein flott song og at rytmen ikkje var heilt rett. Han rulla ikkje av stad slik han burde. Synkoperinga var feil. Han hadde eit uhyggeleg steg, men burde ha flytt. ... Nile gjorde si eiga greie på songen, men det var ikkje heilt det eg hadde i tankane då eg skreiv songen.»[61] «Criminal World» vart opphavleg skriven og spelt inn av Metro i 1977, men versjonen deira vart bannlyst av BBC på grunn av biseksuelle undertonar.[62] O'Leary skreiv at Bowie tok han med på Let's Dance for å «snike inn ein ein transgressiv song på ei platina-plate».[63] Pegg skriv at Bowie oppdaterte stilen på songen til å matche Let's Dance, med ein popaktig reggae-groove,[64] og kalla gitarsoloen til Vaughan den beste han spelte på plata.[62] Både Buckley og O'Leary hyllar Bowie si utgåve som ein sterk coverversjon.[45][63]

«Cat People (Putting Out Fire)» vart spelt inn i 1981 av Bowie og Giorgio Moroder som temasongen for filmen Cat People frå 1982.[65][14][64] Bowie var misnøgd med den originale versjonen og spurte Rodgers om å spele han inn på ny for Let's Dance. O'Leary skildra nyinnspelinga som «meir aggressiv». Han hylla gitarsoloen til Vaughan som langt betre enn originalen, men kritiserer vokalen til Bowie som dårlegare.[66] Pegg vurderte òg Let's Dance-versjonen som dårlegare og meinte det var ei skam at nyinnspelinga er den meir kjende versjonen.[65] Albumet endar med «Shake It», som Pegg kalla «eit greitt nok stykke lo».[67] O'Leary skildra songen som ei oppsummering av dei «dårlege vanane» til Bowie i 1980-åra: «ei likegyldig haldning til kvalitet».[68] Biografen Marc Spitz skreiv at stilen er ein forgjengar for U2-songen «Lemon» frå 1993.[64]

Utgjeving

endre

Etter å ha levert albumet til selskapet, reiste Bowie til Australia i februar 1983 for å filme musikkvideoane til dei to første singlane, «Let's Dance» og «China Girl». Videoen for «Let's Dance» vart regissert av Bowie sjølv og David Mallet,[54] som hadde regissert videoane til Bowie frå Lodger og «Ashes to Ashes».[69] Videoen hadde ingenting å gjere med sjølve songen, utanom eit kort glimt av raude sko. Han følgjer eit ungt aborigin-par som gjer forskjellige ting som forfører dei til kommersialismen i det kvite, urbane Australia. Bowie dukkar opp og syng teksten inn i kamera. Videoen er ein allegori meint å representere handsaminga av aboriginane av kvite australske kapitalistar.[70][71] Videoen for «China Girl», igjen regissert av Mallet, har eit liknande tema med samanstøytande perspektiv, og stiller leiarar i Sydney opp mot den kinesiske folkesetnaden i byen. Den newzealandske skodespelarinna Geeling Ng som[72] gjenskapte den kjende strandscenen frå From Here to Eternity (1953) med Bowie.[73][74] Buckley skreiv at dei provoserande allegoriane og scenane i videoen garanterte kraftig rotasjon på MTV.[75]

«Let's Dance» kom ut på EMI America i forkorta form som den første singelen frå albumet den 14. mars 1983, med katalognummer EA 152 og nyinnspelinga av «Cat People» som B-side.[76] Tre dagar seinare heldt Bowie ein pressekonferanse i London der han annonserte det nye albumet, kalla Let's Dance, det nye selskapet og den komande Serious Moonlight-turneen. Han fekk ein ny utsjånad, med bleika blondt hår og ein kvit dress. Eit par dagar seinare hadde videoen til «Let's Dance» premiere på det britiske rockeshowet The Tube, i lag med intervju med Jools Holland.[77] Veka etter gjekk «Let's Dance» inn på UK Singles Chart på femteplassen, før han gjekk heilt til topps på lista for tre veker (og skyvde ned Duran Duran sin «Is There Something I Should Know?»). Han låg inne på lista i 14 veker. Han gjekk i tillegg til topps på den amerikanske Billboard Hot 100 i april og vart den største hitsingelen til Bowie til då.[78] I følgje Buckley vart singelen spelt «endelaust» på britisk radio.[79]

Let's Dance kom ut på EMI America den 14. april 1983,[80] med katalognummer AML 3029.[11] Plateomslaget, som synte Bowie som skuggeboksar mot horisonten av ein by, vart teken av fotografen Greg Gorman.[11][79] «China Girl» kom ut, igjen i forkorta form, som den andre singelen i mai 1983[81] med katalognummer EA 157 og «Shake It» som B-side.[82] Sjølv om han ikkje vart ein like stor suksess som tittelsporet, nådde han andreplassen på UK Singles Chart i juni, berre bak The Police-songen «Every Breath You Take». I USA nådde singelen tiandeplassen på Billboard Hot 100.[81]

«Modern Love» kom ut i forkorta form som den tredje singelen frå albumet i september 1983 med katalognummer EA 158.[82] B-sida var eit konsertopptak, spelt inn i Montreal den 13. juli 1983. Som «China Girl», nådde «Modern Love» andreplassen i Storbritannia, bak Culture Club sin «Karma Chameleon». I USA nådde songen 14. plassen. Han vart marknadsført av ein musikkvideo, regissert av Jim Yukich, av Bowie som framfører songen i Philadelphia den 20. juli 1983.[48] «Without You» kom ut som den fjerde og siste singelen frå albumet i november 1983 med katalognummer B8190 og «Criminal World» som B-side. Denne kom berre ut i Nederland, Japan, Spania og USA, der han nådde 73. plassen.[56][82]

Salshistorie

endre

Let's Dance kom ut gjekk det inn på UK Albums Chart på toppen av lista og låg der i tre veker.[83] Sjølv om Aladdin Sane, Pin Ups (begge 1973) og Diamond Dogs (1974) låg lenger på førsteplassen, låg Let's Dance inne på albumlista i over eitt år.[84] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200 den 24. juni 1983, og låg 69 veker på lista.[85] EMI erklærte Let's Dance for det raskast seljande albumet deira sidan The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (1967). Det gamle selskapet til Bowie, RCA, gav ut ei samleplate med songar frå heile katalogen til Bowie, for å utnytte suksessen.[86] Alle albuma til Bowie som kom ut mellom 1969 og 1974: Space Oddity, The Man Who Sold the World, Hunky Dory, The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, Aladdin Sane, Pin Ups og Diamond Dogs, i tillegg til Low og “Heroes” (begge 1977), gjekk inn att på salslista.[79] Innan juli hadde Bowie ti album på den britiske topp 100-lista. Dette gjorde Bowie til den artisten med nest høgaste tal på individuelle album-veker gjennom tidene med 198 veker, berre slått av rockebandet Dire Straits, som hadde 217 individuelle albumveker i 1986.[86]

Let's Dance har selt over 10 millionar eksemplar verda over og er det bestseljande albumet til Bowie.[87]

Turné

endre
For meir om dette emnet, sjå Serious Moonlight-turneen.
 
Bowie under Serious Moonlight-turneen.

For å marknadsføre Let's Dance la Bowie ut på Serious Moonlight-turneen, som gjekk frå 18. mai til 8. desember 1983.[88] Bowie hadde ikkje turnert sidan Isolar II-turneen i 1978, så innsatsen var høg. Intervju før turneen lovde eit ekstravagant show.[89] Øvingane for turneen byrja våren 1983 med Alomar attende som bandleiar.[90] Dei fleste som spelte på Let's Dance vart med på turneen, med unntak av Vaughan. Sjølv om Vaughan var med på øvingane, fekk han sparken berre dagar før den europeiske delen av turneen skulle i gang, på grunn av alkohol- og dopmisbruk, eit krav om at bandet hans Double Trouble skulle vere oppvarmingsband for Bowie og at han visstnok var misnøgd med at Bowie hadde mima gitarsoloen hans i musikkvideoen til «Let's Dance». Vaughan vart erstatta av Earl Slick, som tidlegare hadde spelt på Diamond Dogs-turneen (1974) og Station to Station (1976).[91][92]

Kulissane på turneen vart skapt av Mark Ravitz, som hadde gjort det same for Diamond Dogs-turneen. Det var dei mest utførlege kulissane til Bowie til då. Det bestod av strukturar som store søyler, overhengande overliggarar og ei enorm høgrehand som peikte oppover. Hovudskilnaden mellom Serious Moonlight-turneen og dei tidlegare turneane til Bowie var at det vart lagt vekt på lys i staden for rekvisittar.[89] Alomar sa seinare til Buckley at det var favoritturneen hans blant Bowie-turneane, hovudsakleg fordi «det var første turneen der me spelte alle hittane».[93] Pegg sa at setlista var «uten skam ein greatest hits-pakke som tok sikte på å gjere det nye massepublikummet kjent med heile katalogen til Bowie.»[94] Buckley skildra setlista på turneen som «relativ mainstream pop-rock», utan nokre av «dei sære» frå turneane seint i 1970-åra. Mange av arrangementa vart omgjort med blåsarar slik at alle songane høyrdest moderne ut.[93]

Turneen vart ein massiv suksess og vart den største turneen i 1983. Det nye publikummet til Bowie var stornøgd og i lag med Let's Dance, gjorde det Bowie til ei massiv superstjerne. Turneen fekk stort sett god kritikk, men britiske kritikarar hadde ein tendens til å vere meir aggressive enn dei amerikanske.[95] Filmen Serious Moonlight kom ut i 1984 og dokumenterte to konsertar den 11. og 12. september 1983 i Vancouver.[96] Sjølv om turneen vart ein enorm suksess for Bowie, fortalte han seinare at han hadde blanda kjensler for turneen. «Eg var noko eg ikkje ønskte å vere,» sa han seinare. «Eg var ein godt akseptert artist. Eg hadde byrja å appellere til folk som kjøpte Phil Collins-album. Eg likar Phil Collins som person, tru meg, men han er ikkje på platespelaren min 2 timar om dagen. Brått kjende eg ikkje publikummet mitt og enno verre, eg brydde meg ikkje om dei.»[97] Då turneen var over fann Bowie seg i ein ein kreativ, fastlåst posisjon. Press frå selskapet gjorde at han gav ut ein oppfølgjar i studio våren 1984. Resultatet vart Tonight, som vert rekna som det kunstnariske lågpunktet hans.[98]

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [38]
Blender     [99]
Chicago Tribune    [100]
Encyclopedia of Popular Music     [101]
Pitchfork8.4/10[102]
Q     [103]
Rolling Stone     [58]
The Rolling Stone Album Guide     [104]
Smash Hits6½/10[105]
Spin Alternative Record Guide6/10[106]
The Village VoiceB[107]

Trass i at albumet selde særs godt, fekk det blanda kritikk frå kritikarane, der meiningane varierte kring det kunstnariske innhaldet. I magasinet Musician kalla David Fricke det «Bowie på sitt beste».[32][99] I ein artikkel om Bowie for Time i juli 1983 skildra Jay Cocks albumet som «uforskamma kommersielt, melodisk alliterativt og lyrisk smart på same tid».[108] Robert Christgau meinte et hadde «ei ufarleg, profesjonell overflate», og at bortsett frå «Modern Love», som var «interessant», var albumet «behageleg meiningslaust».[107] Ken Tucker skreiv for Rolling Stone at albumet høyrdest flot tut med ein intelligent enkelheit og «overflatisk venleik», men at albumet totalt sett var «tynt og så smått irriterande», bortsett frå «Modern Love,» «Without You» og «Shake It», som var «somme av dei mest vågale songane Bowie har skrive i karrieren».[58] Carol Cooper i Record kalla albumet «Young Americans for 1980-åra» og meinte at rolla til Rodgers let Bowie få skine gjennom. Ho meinte likevel at alle songane var «heller smålåtne».[109] NME-skribenten Charles Shaar Murray roste albumet og kalla det «noko av den sterkaste, enklaste og minst kompliserte musikken Bowie har laga nokon gong.» Han skildra det vidare som «varmt, sterkt, inspirerande og nyttig,» og roste bidraga til Vaughan, som han skreiv gav songane ei meir «tradisjonell» kjensle.[110] Billboard roste òg albumet og skildra det som «den mest tilgjengelege musikken til Bowie på mange år», medan Commonweal kalla det «noko av den mest spanande R&B-baserte dansemusikken på mange år.»[86]

I ei seinare melding for AllMusic, meinte Stephen Thomas Erlewine at dei tre hitsinglane på albumet var fengande, men særeigne popsongar, medan resten av albumet var «uinteressant plastikksoul» som indikerte at Bowie «gjekk inn i dårlegare låtskrivingperiode».[38] Ed Power i Irish Examiner skreiv at Bowie «bad skamlaust om kjærleiken til massemarknaden» med albumet. Han sa vidare «tittelsporet var ganske bra funk-rock og Bowie gjorde ikkje skam på seg på singelen 'China Girl'. Elles hadde plata mykje til felles med Wham! og Phil Collins[111] BBC-skribenten David Quantick hylla den «perfekte» kombinasjonen av Bowie og Rodgers på tittelsporet, den «søte, romantiske» utgåva av «China Girl» og høgdepunktet «Criminal World» som «ein av dei beste songane». Ha sa «Let's Dance kan ha hatt ein banebrytande stil og ein popularitet som Bowie tydelegvis lengta etter, men det er ofte eit kvardagsleg album, sidan songar som 'Ricochet' og 'Shake It' fyller tid». Han sa at albumet var «bokstavleg talt malen for 80-tals Bowie – blond, dresskledd og smilande».[112] I 1995 skreiv Rob Sheffield i Spin Alternative Record Guide at albumet var eit døme på inspirasjonen frå New Romantic-rørsla på Bowie. Han hylla «Modern Love», men skildra dei andre songane på albumet som «meir tvilsam» men «mykje moro».[113]

I 2014 skildra Andy Greene i Rolling Stone Let's Dance som «konklusjonen av det som utan tvil er den beste 14 år lange rekkja i rockehistoria».[114] Same året skreiv Jeremey Allen i The Guardian at albumet hadde «vore ei tid i villmarka, avsvist av mange på grunn av 80-talsproduksjonen», men la til at «ei ny vurdering var alt anna enn uungåeleg og samanfalt med ein renessanse i karrieren til Rodgers og ein straum av kjærleik til den suksessfulle produsenten og gitaristen.»[115] Kritikaren Alexis Petridis i The Guardian sa i si melding av Bowie-karrieren i 2016 at Let's Dance «hadde sine augneblink», i motsetnad til etterfølgjaren, Tonight.[116]

Etter utgjevinga

endre

Let's Dance vart nominert til Grammyprisen for årets album i 1984, men tapte for Michael Jackson sitt Thriller (1982).[117] Sjølv om Bowie hadde henta inn Rodgers for å lage hittar for seg,[118] Bowie sa seinare «på den tida var ikkje Let's Dance mainstream. Det var i røynda ein ny type hybrid, som brukte bluesrockgitar mot eit danseformat. Det var ikkje noko anna som heilt høyrdest ut som det på den tida. Så det verkar berre kommersielt i ettertid fordi det selde så mykje. Det var flott på sin måte, men det pressa meg verkeleg opp i eit hjørne fordi det kødda med integriteten min.»[119] Bowie sa «Det var ei bra plate, men det var berre meint som eit eingangsprosjekt. Eg hadde all intensjon om å halde fram å gjere noko uvanleg etter det. Men suksessen til plata tvang meg verkeleg, på eit vis, til å halde fram udyret. Det var sjølvsagt mi eiga gjerning, men eg kjende at eg hadde blitt sitjande fast etter nokre år.»[120] Visconti sa i 1985 at «det var eit album han måtte lage».[86]

I 1987 hadde Bowie byrja å distansere seg sjølv frå plata. Han fortalte ein intervjuar at det var «meir Nile sitt album enn mitt», som Rodgers var usamd i då han vart spurt om dette i 1998.[86] Bowie sa seinare at suksessen til albumet fekk han til å treffe eit kreativt lågpunkt i karrieren som varte dei neste åra.[44][119] «Eg hugsar at eg såg ut på desse bølgjene av folk og tenkte 'eg lurer på kor mange Velvet Underground-album desse folka har i platesamlinga si?' Eg kjende meg brått særs skilt frå publiummet mitt. Og det var deprimerande, fordi eg visste ikkje kvar dei ønskte.»[119] Etter at oppfølgjaralbuma hans Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987) vart slakta av kritikarane,[121] skipa Bowie det tidlege grønsj-bandet Tin Machine i eit forsøk på å få attende den kunstnariske visjonen sin,[122] og avviste sidan denne perioden som «Phil Collins-åra» hans.[123]

Pegg reflekterte over Let's Dance og var samd med Bowie i at plata var det minst utfordrande albumet Bowie hadde gjeve ut til då. Han meinte at i motsetnad til Glass Spider-turneen og Tin Machine-tida, der Bowie var villig til å ta risiko og møte kritikken direkte, speler Let's Dance det trygt i alle aspekt, med melodiar som opphavleg var «røff i kantane» som så vart «slipt ned» og gjeven ein «høgglansa finish». Pegg skreiv òg at dei tre coversongane på plata synte at Bowie sleit med å vere like kreativ som før.[124] Spitz rekna på den andre sida Let's Dance som «like revolusjonerande» som Ziggy Stardust, Station to Station eller Low. Han meinte det var urettferdig å rekne det som albumet der Bowie «selde seg sjølv», og kalla det «eit like høgt konsept som dei kanoniserte 70-talsplatene hans».[125]

I 1989 vart albumet rangert på 83. plassen på lista til Rolling Stone dei 100 beste albuma i 1980-åra.[126] I 2013 rangerte NME Let's Dance på 296. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[127]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av David Bowie, except where noted.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Modern Love»4:46
2.«China Girl»5:32
3.«Let's Dance»7:37
4.«Without You»3:08
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Ricochet»5:14
2.«Criminal World»4:25
3.«Cat People (Putting Out Fire)»5:09
4.«Shake It»3:49
Total lengd:39:41

Nyutgjevingar

endre

I 1995 gav Virgin Records ut albumet på ny med «Under Pressure» som bonusspor.[11][128] EMI gav ut albumet i 1999 (med 24-bits digitalt ommastra lyd og ingen bonusspor).[129] Ei ny utgåve kom i 2003 då EMI gav ut albumet som ein hybrid stereo SACD/PCM CD.[130]

I 2018 vart albumet ommastra for plateboksen Loving the Alien (1983–1988) gjeve ut på Parlophone.[131] Det kom ut på CD, vinyl og digitale format, som ein del av denne samlinga og så separat året etter.[132]

Medverkande

endre

Medverkande i følgje plateomslaget.[133]

Musikarar
Produsent
Visuelt

Salslister

endre

Vekeslister

endre
1983–84 vekesliste for Let's Dance
Liste (1983–84) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[134] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[135] 2
Canada Top Albums/CDs (RPM)[136] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[137] 1
Den franske albumlista (SNEP)[138] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[139] 2
Den japanske albumlista (Oricon)[140] 6
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[141] 1
Norske album (VG-lista)[142] 1
Spanske album (PROMUSICAE)[143] 3
Svenske album (Sverigetopplistan)[144] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[145] 17
Britiske album (OCC)[83] 1
US Billboard 200[85] 4
21
2016 vekesliste for Let's Dance
Liste (2016) Plassering
Australske album (ARIA)[146] 37
Kanadiske album (Billboard)[147] 57
Italienske album (FIMI)[148] 78

Årslister

endre
1983 årsliste for Let's Dance
Liste (1983) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[134] 4
Austerrikske album (Ö3 Austria)[149] 9
Kanadiske album (RPM)[150] 2
Nederlandske album (Album Top 100)[151] 3
Den franske albumlista (SNEP)[152] 8
Tyske album (Offizelle Top 100)[153] 5
Den japanske albumlista (Oricon)[154] 22
UK Albums (OCC)[155] 2
US Billboard Pop Albums[156] 28
1984 årsliste for Let's Dance
Liste (1984) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[134] 72
Kanadiske album (RPM)[157] 69
US Billboard Pop Albums[158] 64

Sal og salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[159] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[160] 5× Platina 500 000^
Finland (Musiikkituottajat)[161] Gull 45,201
Frankrike (SNEP)[162] Platina 847,700[163]
Japan (Oricon Charts) 302,500[140]
Nederland (NVPI)[164] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[165] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[166] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[167] Platina 300 000^
Storbritannia (BPI)[168] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[169] Platina 1 000 000^
Jugoslavia 49,209[170]
Oppsummering
Verda 10,700,000[87]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. Buckley 2005, s. 321.
  2. 2,0 2,1 Pegg 2016, s. 662–664.
  3. Buckley 2005, s. 324–325.
  4. Pegg 2016, s. 665.
  5. Buckley 2005, s. 325.
  6. Pegg 2016, s. 57, 291–292.
  7. Doggett 2012, s. 389–390.
  8. Pegg 2016, s. 665–667.
  9. Pegg 2016, s. 667–670.
  10. Doggett 2012, s. 390.
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Pegg 2016, s. 400.
  12. Sandford 1997, s. 81.
  13. Pegg 2016, s. 400–401.
  14. 14,0 14,1 Doggett 2012, s. 389.
  15. Buckley 2005, s. 334–335.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Buckley 2005, s. 335–336.
  17. Spitz 2009, s. 320.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 18,7 18,8 Pegg 2016, s. 401.
  19. David Currie, red. (1985). David Bowie: The Starzone Interviews. (Interview). London: Omnibus Press. ISBN 978-0-7119-0685-3. 
  20. Buckley 2005, s. 337.
  21. Spitz 2009, s. 319.
  22. Buckley 2005, s. 337–338.
  23. Trynka 2011, s. 380–381.
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 24,5 Pegg 2016, s. 402.
  25. Buckley 2005, s. 335.
  26. 26,0 26,1 26,2 Trynka 2011, s. 382.
  27. 27,0 27,1 27,2 White, Timothy (May 1983). «David Bowie Interview». Musician (55): 52–66, 122. 
  28. Buckley 2005, s. 359.
  29. Buckley 2005, s. 340.
  30. Buckley 2005, s. 340–341.
  31. Edwards, Henry (1987). «The Return of the Put-Together Man». Spin 2 (12): 56–60. 
  32. 32,0 32,1 Fricke, David (December 1984). «David Bowie Interview». Musician (74): 46–56. 
  33. Pegg 2016, s. 400–402.
  34. 34,0 34,1 34,2 Buckley 2005, s. 341.
  35. Nixon, Bruce (June 1983). «Playing the Blues for Bowie». Record 2 (8): 21. 
  36. Patoski & Crawford 1993, s. 152.
  37. Pegg 2016, s. 670.
  38. 38,0 38,1 38,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Let's Dance – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 2. september 2021. 
  39. Erlewine, Stephen Thomas. «Black Tie White Noise – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 13. juli 2015. Henta 25. juni 2015. 
  40. «Let's Dance by David Bowie album review». Classic Rock Review. Arkivert frå originalen 1. september 2021. Henta 1. september 2021. 
  41. Kot, Greg (2. september 2021). «David Bowie: Highlights from the singer's discography». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 2. september 2021. 
  42. Goble, Blake; Blackard, Cap; Levy, Pat; Phillips, Lior; Sackllah, David (8. januar 2018). «Ranking: Every David Bowie Album from Worst to Best». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 5. januar 2021. Henta 22. august 2021. 
  43. Blackard, Cap; Graves, Wren; Manning, Erin (6. januar 2016). «A Beginner's Guide to David Bowie». Consequence of Sound. s. 8. Arkivert frå originalen 24. januar 2021. Henta 22. august 2021. 
  44. 44,0 44,1 Cohen, Scott (September 1991), «David Bowie Interview», Details: 86–97 
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 Buckley 2005, s. 342.
  46. 46,0 46,1 O'Leary 2019, s. 189–190.
  47. Thompson, Dave. ««Modern Love» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 23. januar 2021. 
  48. 48,0 48,1 Pegg 2016, s. 185.
  49. 49,0 49,1 49,2 Pegg 2016, s. 60–62.
  50. O'Leary 2019, s. 31–34.
  51. Quantick, David. «David Bowie Let's Dance Review». BBC. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 1. september 2021. 
  52. Pegg 2016, s. 157.
  53. Power, Ed (1. mars 2013). «David Bowie's return to the golden years?». Irish Examiner. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 1. september 2021. 
  54. 54,0 54,1 54,2 Pegg 2016, s. 158.
  55. 55,0 55,1 O'Leary 2019, s. 182–183.
  56. 56,0 56,1 Pegg 2016, s. 316.
  57. O'Leary 2019, s. 189.
  58. 58,0 58,1 58,2 Tucker, Ken (26. mai 1983). «Let's Dance». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. april 2011. Henta 16. august 2021. 
  59. 59,0 59,1 Pegg 2016, s. 226.
  60. O'Leary 2019, s. 192–193.
  61. Isler, Scott (1987). «David Bowie Opens Up – A Little». Musikar: 64. 
  62. 62,0 62,1 Pegg 2016, s. 66.
  63. 63,0 63,1 O'Leary 2019, s. 195–197.
  64. 64,0 64,1 64,2 Spitz 2009, s. 324.
  65. 65,0 65,1 Pegg 2016, s. 57.
  66. O'Leary 2019, s. 164–166.
  67. Pegg 2016, s. 240.
  68. O'Leary 2019, s. 191–192.
  69. Buckley 2005, s. 304–307.
  70. Buckley 2005, s. 342–343.
  71. Pegg 2016, s. 158–159.
  72. O'Leary 2019, s. 31–33.
  73. Buckley 2005, s. 343–344.
  74. Pegg 2016, s. 61.
  75. Buckley 2005, s. 344.
  76. O'Leary 2019, s. 182, 661.
  77. Buckley 2005, s. 344–345.
  78. Pegg 2016, s. 159.
  79. 79,0 79,1 79,2 Buckley 2005, s. 345.
  80. O'Leary 2019, s. 191.
  81. 81,0 81,1 Pegg 2016, s. 60–61.
  82. 82,0 82,1 82,2 O'Leary 2019, s. 661.
  83. 83,0 83,1 "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  84. Pegg 2016, s. 402–403.
  85. 85,0 85,1 "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  86. 86,0 86,1 86,2 86,3 86,4 Pegg 2016, s. 403.
  87. 87,0 87,1 Dee, Johnny. «David Bowie: Infomania». The Guardian. Arkivert frå originalen 8. januar 2014. Henta 2. september 2021. 
  88. Pegg 2016, s. 576.
  89. 89,0 89,1 Pegg 2016, s. 577.
  90. Buckley 2005, s. 349.
  91. Buckley 2005, s. 350.
  92. Pegg 2016, s. 578.
  93. 93,0 93,1 Buckley 2005, s. 351.
  94. Pegg 2016, s. 579.
  95. Pegg 2016, s. 580–582.
  96. Pegg 2016, s. 640.
  97. Pegg 2016, s. 582.
  98. Buckley 2005, s. 358.
  99. 99,0 99,1 Wolk, Douglas (June 2006). «David Bowie Part 2: The 1980s and Beyond». Blender (48). 
  100. Kot, Greg (10. juni 1990). «Bowie's Many Faces Are Profiled On Compact Disc». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 16. august 2021. 
  101. Larkin, Colin (2011). «David Bowie». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  102. O'Leary, Chris (20. oktober 2018). «David Bowie: Loving the Alien». Pitchfork. Arkivert frå originalen 20. oktober 2018. Henta 20. oktober 2018. 
  103. «David Bowie: Let's Dance». Q (112): 146. January 1996. 
  104. Sheffield, Rob (2004). «David Bowie». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 97–99. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  105. Bush, Steve (14–27. april 1983). «David Bowie: Let's Dance». Smash Hits: 25. 
  106. Sheffield 1995, s. 55.
  107. 107,0 107,1 Christgau, Robert (31. mai 1983). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Arkivert frå originalen 3. januar 2010. Henta 16. august 2021. 
  108. Cocks, Jay (18. juli 1983). «David Bowie Rockets Onward». Time. Arkivert frå originalen 24. mars 2016. Henta 2. september 2021. 
  109. Cooper, Carol (July 1983). «David Bowie: Let's Dance (EMI/America)». Record. Henta 2. september 2021 – via Rock's Backpages. 
  110. Murray, Charles Shaar (16. april 1983). «David Bowie: Let's Dance». NME. Henta 2. september 2021 – via Rock's Backpages. 
  111. Power, Ed (1. mars 2013). «David Bowie's return to the golden years?». Irish Examiner. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 1. september 2021. 
  112. Quantick, David. «David Bowie Let's Dance Review». BBC. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 1. september 2021. 
  113. Sheffield 1995, s. 56.
  114. Greene, Andy (11. august 2014). «20 Insanely Great David Bowie Songs Only Hardcore Fans Know». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 216. august 2021. Henta 2. september 2021. 
  115. Allen, Jeremy (3. desember 2014). «David Bowie: 10 of the best». The Guardian. Arkivert frå originalen 8. mars 2017. Henta 2. september 2021. 
  116. Petridis, Alexis (2. september 2021). «David Bowie: the man who thrilled the world». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 2. september 2021. 
  117. Pegg 2016, s. 404.
  118. Grow, Kory (14. april 2016). «How David Bowie, Nile Rodgers Made 'Let's Dance' a Hit». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. juli 2016. Henta 2. september 2021. 
  119. 119,0 119,1 119,2 Pond, Steve (March 1997). «Beyond Bowie». Live! Magazine: 38–41, 93. 
  120. Fricke, David (19. oktober 1995). «Art Crime». Rolling Stone (719): 148. 
  121. Barton, David (8. juni 1989). «David Bowie puts career on the line». Journal-American: D5. 
  122. Hendrickson, Mark (November 1995), David Bowie: Outside Looking in, arkivert frå originalen 2. september 2021, henta 2. september 2021 
  123. Gill, Andy (2. september 2021). «David Bowie: How the outsider's outsider proved himself far braver than the rock'n'roll mainstream». The Independent. Arkivert frå originalen 13. mai 2016. Henta 2. september 2021. 
  124. Pegg 2016, s. 403–404.
  125. Spitz 2009, s. 322.
  126. «100 Best Albums of the Eighties». Rolling Stone. 16. november 1989. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 3. september 2017. 
  127. «Rocklist.net....NME: The 500 Greatest Albums Of All Time : October 2013». Arkivert frå originalen 4. januar 2017. Henta 19. desember 2014. 
  128. Let's Dance (CD liner notes). David Bowie. US: Virgin Records. 1995. 7243 8 40982 2 3. 
  129. Let's Dance (CD liner notes). David Bowie. UK & Europe: EMI. 1999. 7243 521896 0 1. 
  130. Let's Dance (SACD liner notes). David Bowie. UK & Europe: EMI. 2003. 07243 543319 2 3. 
  131. «David Bowie Loving The Alien (1983–1988) due October». DavidBowie.com. 18. juli 2018. Arkivert frå originalen 19. juli 2018. Henta 14. januar 2019. 
  132. «Loving The Alien break-outs due February». DavidBowie.com. 7. januar 2019. Arkivert frå originalen 15. januar 2019. Henta 14. januar 2019. 
  133. Let's Dance (liner notes). David Bowie. UK: EMI Records. 1983. AML 3029. 
  134. 134,0 134,1 134,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  135. "David Bowie - Let's Dance" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  136. "Top RPM Albums: Nummer 6326a". RPM. Library and Archives Canada.
  137. "David Bowie – Let's Dance". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  138. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 2. september 2021.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  139. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Let's Dance" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  140. 140,0 140,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 978-4-87131-077-2. 
  141. "David Bowie – Let's Dance". Charts.org.nz. Hung Medien.
  142. "David Bowie – Let's Dance". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  143. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 978-84-8048-639-2. 
  144. "David Bowie – Let's Dance". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  145. "David Bowie – Let's Dance". Swisscharts.com. Hung Medien.
  146. "David Bowie – Let's Dance". Australiancharts.com. Hung Medien.
  147. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Bowie. Prometheus Global Media.
  148. "David Bowie – Let's Dance". Italiancharts.com. Hung Medien.
  149. «Austriancharts.at – Jahreshitparade 1983». Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. juli 2013. Henta 20. august 2021. 
  150. «RPM Top 100 Albums of 1983». RPM. Arkivert frå originalen 24. juli 2012. Henta 20. august 2021. 
  151. «Dutch charts jaaroverzichten 1983» (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 12. mai 2014. Henta 2. september 2021. 
  152. «Les Albums (CD) de 1983 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 2. september 2021. 
  153. «Top 100 AlbumJahrescharts – 1983» (på tysk). Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 22. januar 2016. . Offiziellecharts.de. GfK Entertainment.
  154. 年間アルバムヒットチャート 1983年(昭和58年) [Japanese Year-End Albums Chart 1983] (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 20. august 2021. 
  155. «Everyhit.com UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 20. august 2021. 
  156. «Billboard BIZ: Top Pop Albums of 1983». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 2. september 2021. 
  157. «RPM Top 100 Albums of 1984». RPM. Arkivert frå originalen 16. april 2015. Henta 12. mars 2012. 
  158. «Billboard BIZ: Top Pop Albums of 1984». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 2. september 2021. 
  159. «Gold & Platinum Awards 1987» (PDF). Music & Media: 42–46. 26. desember 1987. Henta 24. oktober 2020. 
  160. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Let's Dance». Music Canada. 
  161. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  162. «French album salstrofé – David Bowie – Let's Dance» (på fransk). InfoDisc.  Select DAVID BOWIE and click OK
  163. «Les Albums Platine» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 29. oktober 2012. Henta 2. september 2021. 
  164. «Dutch album salstrofé – David Bowie – Let's Dance» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  165. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – Let's Dance». Recording Industry Association of New Zealand. 
  166. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. 2005. ISBN 8480486392. Arkivert frå originalen 28. september 2013. Henta 2. september 2021. 
  167. «British album salstrofé – David Bowie – Let's Dance». British Phonographic Industry.  Enter Let's Dance in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  168. «British album salstrofé – David Bowie – Let's Dance». British Phonographic Industry.  Enter Let's Dance in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  169. «American album salstrofé – David Bowie – Let's Dance». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  170. Hudelist, Darko (1. oktober 1984). «Rang-lista licencnih izdanja». Yugopapir. Arkivert frå originalen 31. oktober 2019. Henta 4. november 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre