Tor Homleid
Tor Homleid (1917–2002) var ein spelemann og folkedansar frå Drangedal i Telemark. Han var son av spelemannen Hans Homleid.
Tor Homleid | |||
Fødd | 1917 | ||
---|---|---|---|
Død | 2002 (85 år) | ||
Verka som | musikar |
Tor Homleid var fødd i bygda Tørdal i øvre Drangedal, på grensa til Kviteseid i Telemark. Han byrja å spele i ung alder og lærde fyrst frå far Hans Homleid og seinare Martinius Jansen, søsterson av faren. Seinare lærde han av framståande spelemenn i Bø, han la seg særleg etter spelet til Jens Amundsen og hadde mange slåttar etter han. Han var òg hos Johannes Dale i Tinn og lærte. Tor Homleid var aktiv på kappleikar frå 50-talet og spela seg opp i A-klassa på landskappleiken på Voss i 1960. Etter han vart pensjonist vann han både spel og dans i D-klassa på landskappleiken. Tor Homleid var aktiv dansespelemann, i seinare år mykje nytta i Fossegrimen folkemusikklag, der han var æresmedlem. Han var også på konsert-turné i USA i lag med Bjarne Herrefoss. I dag er han mest interessant som kjelde for særmerkte slåttar frå Drangedal, som i seinare år har blitt spela inn av mellom anna Ånon Egeland.
I 2018 vart det gjeve ut ei arkivplate med Tor Homleid på plateselskapet Ta:lik. Denne vart nominert til Folkelarmprisen i klassa dokumentasjon same år.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |