Opna hovudmenyen

Ånon (Odd) Egeland (fødd 26. januar 1954) i Oslo) er ein norsk musikar og pedagog, cand.mag. ved Universitetet i Oslo. Han er mest kjend som spelemannhardingfele, munnharpe og fløyte (mellom anna beinfløyte, sjøfløyte, dobbel seljefløyte). Han er særleg kjend for si omfattande kunnskap om folkemusikken i Agder, og har lært av spelemenn som Andres K. Rysstad, Sigurd Fjeldstad, Trygve Eftestøl og Salve Austenå. Fleire av slåttane han har lært og ført vidare har gått inn i repertoaret til yngre spelemenn, og han har ein særleg høg status i det svenske folkemusikkmiljøet.

Ånon Egeland
Fødd26. januar 1954
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i folkemusikk

Han har fleire plateutgjevingar, konsertar og studioinnspelingar bak seg, og vann Spellemannprisen i 1977. I ein kvartett med Svein Westad, Rune Martinsen og Hallgrim Berg turnerte han med verket Partita for fire munnharper av Arne Nordheim (2004).

Egeland var sentral i etableringa av folkemusikklinja på folkehøgskolen i Fagernes, der han også underviste (1988-96). Han er i dag høgskolelektor ved Høgskolen i Telemark, institutt for folkekultur på Rauland i Vinje.

UtgjevingarEndra

  • I heitaste slåtten, med Per Midtstigen, Grappa Musikkforlag LP 1977; Heilo/Grappa CD HCD7071 1999
  • Norske strøk, med Per Midtstigen, Grappa Musikkforlag, HK7014, 1982
  • For borgere og bønder, med Hans Olav Gorset, Polygram NKFCD 50025-2, 1989
  • Höök, med Magnus Gustavsson, Mikael Marin, Susanne Rosenberg and Mads Olovsson. Drone DROCD007, 1995
  • Folk Music from Norway, m.fl. Grappa Musikkforlag HCD 7078, 1993
  • Musikk fra Christopher Hammers tid, med Lars Klevstrand, Knut Johannesen, L. Solberg o.a. Utgjeven med boka «Christopher Hammer Norsk Kogebog 1793», Hroar Dege Landbruksforlaget, 1994
  • Segner Syng, med Ragnhild Furholt, Grappa Musikkforlag HCD 7128, 1997
  • Norsk Folkemusikk 2 (Agder), Grappa Musikkforlag GRCD4062, 1997
  • Skjemt og sjanti, med Frode Nyvold, Grappa Musikkforlag HCD 7137, 1998
  • Ånon, Grappa Musikkforlag HCD 7136, 1999; NorthSide (USA) NSD6037, 1999
  • Slåtter på Vandring, m.fl. Musikk til «reisande spelemenn», dobbel-CD, 2002

UtmerkingarEndra