Torbjørn Løkken

Torbjørn Løkken (fødd 28. juni 1963) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».

Torbjørn Løkken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1963 (60 år)
Gjøvik kommune
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1988

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje

Karriere endre

Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.

Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.

Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.[1]

Verdscupsigrar endre

# Dato Sted
1 13. desember 1986   Canada Canmore
2 17. januar 1987   Frankrike Autrans
3 6. mars 1987   Sverige Falun
4 9. januar 1988   Sveits St. Moritz
5 18. mars 1988   Noreg Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.

Kjelder endre

  1. ANDRESEN, GORM S. (23. november 2007), «Drikking, piller, narkotika og kjøring i rus», dagbladet.no (på norsk), henta 12. desember 2022 

Bakgrunnsstoff endre