Hårteigen er eit av dei høgaste fjellaHardangervidda etter Sandfloegga, Nupsfonn og Hardangerjøkulen. Toppen ligg i Ullensvang kommune i Vestland. Fjellet er det mest karakteristiske landemerket på vestvidda og er synleg over store område. Det vert derfor kalla kongen av Hardangervidda. Frå toppen (1690 moh.) er det i klårvêr godt utsyn til mange landemerke som Folgefonna (i vest), Gaustatoppen (søraust) og Fravikbreen (nord). Botanikaren Christen Smith, J. Fr. Schouw og prost Niels Hertzberg frå Ullensvang gjekk til toppen av Hårteigen 18. august 1812.

Hårteigen
fjell
Hårteigen sett frå Grytenuten i søraust
Land  Noreg
Område Ullensvang (Vestland)
Fjellområde Hardangervidda
Høgd 1 690 moh.
Primærfaktor 480 m
Førstestiging Christen Smith, J. Fr. Schouw og Nils Hertzberg (1812)
Koordinatar 60°11′35″N 07°04′09″E / 60.19306°N 7.06917°E / 60.19306; 7.06917
Kart
Hårteigen
60°11′43″N 7°04′06″E / 60.195402777778°N 7.0683611111111°E / 60.195402777778; 7.0683611111111
Wikimedia Commons: Hårteigen
Hårteigen

Den karakteristiske hatteforma skuldast at Hårteigen er ein rest av et overskjøve lag av gammal havbotn frå den kaledonske fjellkjedefoldinga. Denne skjedde som resultat av ein kollisjon mellom Grønland og Noreg for omkring 400 mill. år sidan i overgangen mellom silur og devontida. På grunn av sterk heving av vestvidda er store delar av dette dekket seinare erodert bort. Hårteigen, Hallingskarvet og grunnen under Hardangerjøkulen er døme på gjenverande delar. Grunnen rundt Hårteigen er eldre sediment som ligg over grunnfjell (gneis). Harde bergarter over sediment gjev ofte opphav til toppar med bratte sider.

Til toppen tar ein gjerne utganspunkt ved Torehytta: Avkøyring frå Rv7 ved Øvre Eidfjord til parkering ved Hjølmo. Deretter til Vivelid og DNT-sti merka til turisthyttene Hedlo (har77), Hadlaskard (har78) og Torehytta (har62) på 1330 m, totalt ein 6–8 timar. Deretter mot turisthytta Litlos (motsett har61/60) til austsida av Hårteigen om lag 1 time. Her er den enklaste oppstiginga (merket, ikkje DNT) opp eit gjel (ofte på snø), og til høgre ved toppen av gjelet på hyller i nordaustveggen (tau og vaier). Etter veggen er det kort veg til toppen mot sørvest.

Bakgrunnsstoff endre