Torgeir Anderssen-Rysst

norsk politikar

Torgeir Anderssen-Rysst (9. august 18881958) var ein norsk embetsmann og politikar frå Ålesund. Han var stortingsreprsentant for Venstre i 20 år, og Noregs forsvarsminister i Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering 1928–31.

Torgeir Anderssen-Rysst
Fødd9. august 1888
Ålesund kommune
Død8. september 1958 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist, redaktør
EktefelleRuth Eugenie Rysst
Alle verv

Torgeir Anderssen, som han opphavleg heitte, var son til ein bakarmeister i Ålesund. Sjølv tok han offisersutdanning, steig til premierløytnant frå 1915. Han vart i 1913 uteksaminert cand.jur. frå universitetet i hovudstaden, og arbeidde ei tid hos byfogden i heimbyen Ålesund. 1918-28 var Anderssen-Rysst redaktør i Sunnmørsposten, og på ny 1931–34. Sidan var han skattefut og skifte- og auksjonsforvaltar i Ålesund frå 1934, og deretter generalkrigskommissær i Ålesund 1939–40. Etter 2. verdskrigen var han Noregs sendemann til Island frå hausten 1945 til han døydde i 1958.

Anderssen-Rysst reprsenterte dei tre byane i Møre og RomsdalStortinget frå 1925 til 1945, heile tida som medlem av Venstre. Då Johan Ludwig Mowinckel danna ny regjering i februar 1928, vart han utnemnd til statsråd og leiar av Forsvarsdepartementet. Han leia dette departementet til regjeringa gjekk av i mai 1931. I alle sine år på Stortinget var han medlem av utanriks- og konstitusjonskomiteen. Anderssen-Rysst var medlem av sentralstyret i Venstre frå 1933 til –36, samt medlem av Ålesund bystyre i mangfaldige år.

Kjelder endre