Torgeir Bjørn (fødd 9. mars 1964) er ein norsk tidlegare langrennslaupar og seinare sportskommentator, fødd i Alvdal.[1] Han vart norsk meister i 3 x 10 km stafett med Bjerke IL i 1989 og 1990, samt med Nannestad SK i 1993. Individuelt vart han ikkje betre enn nummer 4 i noregsmeisterskap, noko han vart fem gonngar. Faren, Kristian Bjørn, var og ein merittert skilaupar med mellom anna bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid.

Torgeir Bjørn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1964 (60 år)
Alvdal
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1988

Langrennar endre

Torgeir Bjørn vart norsk juniormeister på 15 km i 1983 – saman med syskjenbarnet Jan Erik Bjørn vart det dobbeltsiger. Torgeir Bjørn var på landslaget i fleire år og gjekk inn til ellevteplass på 50 km fristil i OL i Calgary i 1988. I sin beste sesong, 1990-sesongen, kom han på 16. plass i verdscupen i langrenn.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Sportskommentator endre

Frå midten av 1990-talet har Bjørn vore sportskommentator for NRK både på TV og i radio.[2] I hovudsak kommenterer han langrenn, men også skiskyting.

Langrennstrenar endre

Etter 10 års samarbeid med trenaren Roger Grubben, innleidde skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen i 2010 eit samarbeid med Torgeir Bjørn som hovudtrenar.[3]

Kjelder endre

  1. «Torgeir Bjørn». sports-reference.com. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 2. januar 2010. 
  2. Bratland, Tore Ulrik (25. november 2020). «Drastiske NRK-grep». dagbladet.no (på norsk). Henta 14. mars 2021. 
  3. «Bjørndalen bryter med suksesstrener», av Andreas Budalen på nrk.no 20. juli 2010