Torsken på Senja

tettstad på Senja
(Omdirigert frå Torsken i Senja)

Torsken er ein tettstad og eit fiskevær i Senja kommune i Troms og Finnmark. Tettstaden ligg ved Torskefjorden, sør for Midtertinden på Senja, og har 202 innbyggjarar per 1. januar 2017. På andre sida av fjellet ligg tettstaden Gryllefjord, som det er samband over skaret til via fylkesveg 86.

Torsken
tettstad
Torsken frå vest, med Skipstind i bakgrunnen
Land  Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Senja
Areal 0,26 km²
Folketal 202 (2017)
Folketettleik 777 / km²
Postnummer 9381 TORSKEN
Preposisjon i Torsken
Kart
Torsken
69°20′19″ N 17°6′19″ E
Wikimedia Commons: Torsken (village)

Midt i bygda ligg det eit grendehus, som er møtestad ved samkomer som 17. mai, julefeiring og bygdefestar. Huset har ein gymsal og var tidlegare lokale for lokal skole og barnehage. Torsken har i dag familiebarnehage, men skolebarn må fare over skaret til Gryllefjord med buss. Bygda har ein matbutikk og ein kiosk.

I Torsken står Torsken kyrkje, ei krosskyrkje frå 1784.

Kjelder Endra