Torsken på Senja
tettstad på Senja
Torsken (nordsamisk Doasku) er ein tettstad og eit fiskevær i Senja kommune i Troms. Tettstaden ligg ved Torskefjorden, sør for Midtertinden på Senja, og har 0 innbyggjarar per 1. januar 2023. På andre sida av fjellet ligg tettstaden Gryllefjord, som det er samband over skaret til via fylkesveg 86.
Torsken | |||
tettstad | |||
Torsken frå vest, med Skipstind i bakgrunnen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Senja | ||
Areal | 0 km² | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Folketettleik | Divisjon med null / km² | ||
Postnummer | 9381 TORSKEN | ||
Preposisjon | i Torsken | ||
Torsken 69°20′19″N 17°06′19″E / 69.3386°N 17.1053°E | |||
Wikimedia Commons: Torsken (village) |
Midt i bygda ligg det eit grendehus, som er møtestad ved samkomer som 17. mai, julefeiring og bygdefestar. Huset har ein gymsal og var tidlegare lokale for lokal skole og barnehage. Torsken har i dag familiebarnehage, men skolebarn må fare over skaret til Gryllefjord med buss. Bygda har ein matbutikk og ein kiosk.
I Torsken står Torsken kyrkje, ei krosskyrkje frå 1784.
Kjelder
endre- «Torsken» i Store norske leksikon, snl.no.