Torstein Torsteinson

Torstein (Louis) Torsteinson (fødd 23. mai 1876 i Oslo, død 16. mai 1966 i Asker) var ein norsk kunstmålar.

Torstein Torsteinson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1876
Oslo
Død

16. mai 1966 (89 år)
Asker

Yrke kunstmålar

Torsteinson byrja kunstmålarutdanninga si som tjueåring på den målarskulen, J.F. Eckersbergs malerskole i Oslo, som Knut Bergslien dreiv etter at Eckersberg døydde. Der studerte han frå 1896 til 1897, før han drog til København, slik mange andre norske kunstnarar gjorde i desse tidene, og studerte ved målarskulen til Kristian Zahrtmann vinteren 1898–1899. Men allereie våren 1899 reiste han til Paris og vart elev ved målarskulen til James Whistler ei stutt tid, og Wistlers måleri kom til å verte ei inspirasjonskjelde for han. I Torsteinsons portrett frå 1899 av målaren Anders C. Svarstad (no i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design (Nasjonalgalleriet) i Oslo) gjer denne inspirasjonen seg gjeldande.

Torsteinson har hatt ein rad separatutstillingar og teke del i mange kollektivutstillingar i både Skandinavia og Tyskland, og er representert i dei største musea i Noreg. Han har mellom anna vore medlem i Bildende Kunstneres Styre (1928-30) og Den faste Jury (1928), og dreiv samane med Søren Onsager eigen målarskule i Oslo frå 1926-29. Frå 1939 fekk han kunstnarløn frå staten.

Torsteinson budde i Paris frå 1908 til 1925, men var heime i Noreg med jamne mellomrom i samband med utstillingar. Fransk kunst fekk stor innverknad på hans kunstnarlege utvikling, og drag av impresjonismen og kubismen er å sjå i arbeida hans. Med verk av Paul Cézanne, Henri Matisse, André Derain og André Lhote som inspirasjonskjelder måla han landskapsbilete i stramme, enkle former, som Alléen frå 1919, og dessutan interiør og stilleben. Av arbeida frå denne perioden er han representert i Nasjonalgalleriet i Oslo med tre stilleben, to landskapsmåleri og det fargerike måleriet Interiør frå 1918. I ungdomen hadde han òg vorte fascinert av Edvard Munchs måte å måle på, slik det framgår av til dømes målarstykket Dobbeltakt frå 1906, som òg er i Nasjonalgalleriet. Han har vore oppteke av dei formale problema som komposisjonen, forma og fargen.

I 1925 reiste Torsteinson frå Paris til Noreg og slo seg ned i Asker kommune, der han hadde budd ei stutt tid tidlegare, og vart buande her resten av livet. I Asker måla han landskapsmåleri og portrett i ein stil som var lausare og mindre streng i forma. Etter fyrst å ha budd eit bel på garden Øvre Bleiker, deretter i Villa Sollys (som på folkemunne vart kalla «Amerikakufferten») ved Bondi og dessutan på Borgen, båe stadane i nærleiken av Asker sentrum, bygde familien seg i 1933 eit hus med atelier i Stasjonsveien på Billingstad, rett nedanfor Billingstad jarnbanestasjon. Der vart familien buande, og dit kom på vitjing gode vener som til dømes Aksel Sandemose, Gunnar Reiss-Andersen, Ståle Kyllingstad og Herman Wildenvey.

Torsteinson døydde i Asker i 1966.

Bakgrunnsstoff endre