Store Torungen fyrstasjon
Store Torungen fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innløpet til Arendal i Agder.
| |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Arendal | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1844 | ||
Koordinatar | 58°23.7676′N 8°47.8161′E / 58.3961267°N 8.7969350°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 34,3 | ||
Form | Kvitt tårn med eitt raudt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Lysglimt kvart 20. sek. | ||
Lyshøgd | 43,3 moh. | ||
Lysvidde | 18,5 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 2004 | ||
Avfolka | 2004 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Store Torungen fyrstasjon 58°23′56″N 8°47′25″E / 58.3989°N 8.7902°E | |||
Fyrstasjonen er eit kystfyr som vart oppretta i 1844 samstundes med fyrstasjonane Lille Torungen og Sandvikodden. Store og Lille Torungen fyr vart bygd som tvillingfyr og derfor vart Arendal kalla «Byen med de tvende Fyrtårn».
Det første anlegget
endreDet første fyret på Stor Torungen vart bygd i tegl og lykta stod 42,5 meter over havnivå. Store og Lille Torungen vart bygd 1 100 meter frå kvarandre. Det vart oppført to tårn for å unngå forveksling med Oksøy i vest og Jomfruland i aust. Det vart bygd større fyrvaktarbustad enn vanleg med eit lite rom der assistenten kunne ha tøyet sitt og vere for seg sjølv. Store Torungen vart tent 1. september 1844
Dagens anlegg
endreRelativt tidleg fekk ein problem med å vedlikehalde dei to fyra og det kom òg etter kvart krav om kraftigare lys. I 1914 vart eit nytt støypejernstårn bygd og teglsteinstårnet vart rive ned. Støypejernstårnet er 34,3 m høyt og har eit eldre, fransk linseapparat av 2. orden. Tårnet på Lille Torungen vart bevart etter initiativ frå innbyggjarane i Arendal.
På fyrstasjonen finn ein maskinhus, bustader, uthus og ei gammal smie. Det er òg båtlanding med naust, tufter etter tegltårnet og tidlegare bustader og uthus, hagar og spor etter eldre hagar og mindre jordbruksdrift.
Klima
endreDet står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt på Torungen med synopnummer 1465. Han ligg 12 meter over havet og har vore i drift sidan juli 1867.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | -0,3 | -0,8 | 1,3 | 4,4 | 9,4 | 13,7 | 15,5 | 15,3 | 12,5 | 9,1 | 4,6 | 1,6 | 7,2 |
Nedbør (mm) | 74 | 48 | 57 | 42 | 59 | 54 | 66 | 82 | 96 | 112 | 105 | 75 | 870 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Store Torungen fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2008.
Andre kjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Store Torungen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- De tvende fyr[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Sjømerke i Arendal Arkivert 2007-08-10 ved Wayback Machine.
- Store Torungen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren