Touch Too Much
Singel av AC/DC
frå albumet Highway to Hell
B-side

«Live Wire» (live)
«Shot Down in Flames» (live)

Utgjeve Januar 1980 (Storbritannia)[1]
Innspelt Mars–april 1979
Studio Roundhouse (London)
Sjanger Hardrock
Lengd 4:26
6:34 (originalversjon)
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent Robert John «Mutt» Lange
AC/DC-kronologi 
«Girls Got Rhythm»
(1979)
Touch Too Much «You Shook Me All Night Long»
(1980)


«Touch Too Much» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han kom ut i 1979 på albumet deira Highway to Hell, og var den siste singelen deira med solovokalisten Bon Scott, som døydde året etter.

Oversikt

endre

Songen vart framført av Scott og AC/DC på BBC-musikkshowet Top of the Pops, 12 dagar før Scott døydde. Denne episoden, datert 7. februar 1980, vart gjenteken av BBC Four 19. februar 2015, på 35-årsdagen for dødsdagen til Scott.

Bandet hadde tidlegare spelt inn ein annan låt med ein heilt annan tekst og musikk med tittelen «Touch Too Much», men han vart aldri gitt ut. Den låten såg til slutt dagens lys i 1997 då han vart inkludert i Volts, ein del av plateboksen deira Bonfire.

Omslaget til singelen vart i mange land gitt ut med bandbiletet snudd horisontalt, noko som feilaktig viste Young og bassisten Cliff Williams som venstrehendte.

Musikkvideoen var ein øvingsopptreden på scenen frå If You Want Blood Tour 1978-1979, saman med «Walk All Over You» på DVD-samlinga Family Jewels.

Før han vart med AC/DC på Rock or Bust World-turneen sa Axl Rose at dette var hans favoritt AC/DC-låt. Låten vart første gong framført live den 22. mai 2016 i Praha.[2]

Mottaking

endre

Cash Box' kalla songen «høgspent rock ... med Bon Scotts grynete vokal og Angus Youngs skranglete sologitarspel», og roste riffet.[3]

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1980) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[4] 29
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[5] 13

Årslister

endre
Liste (1980) Plassering
Vest-Tyskland[6] 45

Medverkande

endre

Andre versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 3. ISBN 9780862415419. 
  2. {«Watch AC/DC Perform 'Touch Too Much' With Axl Rose». Ultimate Classic Rock. 
  3. «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 29. desember 1979. s. 24. Henta 16. juni 2023. 
  4. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  5. "Offiziellecharts.de – AC/DC – Touch Too Much". GfK Entertainment Charts. Henta 20. mai 2023.
  6. «Top 100 Single-Jahrescharts». GfK Entertainment (på tysk). offiziellecharts.de. Henta 20. mai 2023.