Highway to Hell
Studioalbum av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 27. juli 1979[1]
Innspelt Desember 1978 til april 1979
Studio
Sjanger
Lengd 41:38
Selskap
Produsent Robert John «Mutt» Lange
AC/DC-kronologi 
If You Want Blood You've Got It
(1978)
Highway to Hell Back in Black
(1980)


Singlar frå Highway to Hell
  1. «Highway to Hell»
    Utgjeve: 27. juli 1979
  2. «Girls Got Rhythm»
    Utgjeve: Oktober 1979
  3. «Touch Too Much»
    Utgjeve: Januar 1980 (Storbritannia)[3]

Highway to Hell er det sjette studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, gitt ut 27. juli 1979. Det er det første av tre album produserte av Mutt Lange, og det siste albumet med vokalisten Bon Scott, som døydde 19. februar 1980.

Bakgrunn endre

I 1978 hadde AC/DC gitt ut fem album internasjonalt og turnert mykje i Australia og Europa.[4] I 1977 landa dei i USA og byrja å opparbeida seg ein live-tilhengjarskare, nesten utan radiostøtte. Det siste albumet til bandet, live-albumet If You Want Blood, hadde nådd 13. plassen i Storbritannia, og på dei to tidlegare albuma, Let There Be Rock frå 1977 og Powerage frå 1978, hadde bandet funne fram til sitt rasande, bluesbaserte hardrock-sound. Sjølv om den amerikanske avdelinga av Atlantic Records hadde avvist Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976, meinte dei no at bandet var klare til å slå gjennom i USA viss dei berre kunne jobba med ein produsent som kunne gi dei eit radiovenleg sound.[5] Sidan den australske debuten High Voltage i 1975 hadde alle AC/DC-albuma vorte produsert av George Young og Harry Vanda.[6] Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll var ikkje bandet begeistra for ideen, spesielt ikkje gitaristane Angus Young og Malcolm Young, som kjende ein sterk lojalitet til den eldre bror sin George:

Det var ille nok å bli fortalt kva dei skulle gjera, men det som verkeleg gjorde Malcolm og Angus forbanna var at dei følte at George vart behandla respektlaust av Atlantic, som ein amatør utan særleg erfaring når det gjaldt produksjon. Malcolm verka mindre fornøgd med situasjonen og gjekk så langt som til å seia til Radio 2JJ i Sydney at bandet nærast hadde vorte «tvinga» til å velja ein ekstern produsent. Å mista Harry var éin ting. Å mista George var nesten bokstaveleg talt som å mista ein sjette medlem av bandet, og mykje meir.[7]

Produsenten Atlantic sette bandet saman med var Sør-Afrika-fødde Eddie Kramer, mest kjent for det banebrytande arbeidet sitt som lydteknikar for Jimi Hendrix, men òg for megabanda Led Zeppelin og Kiss. Kramer møtte bandet i Criteria Studios i Miami, men etter alt å dømma kom dei ikkje overeins.[8] Geoff Barton siterer Malcolm Young i magasinet Guitar Legends: «Kramer var litt av ein idiot. Han såg på Bon og sa til oss: 'Kan fyren din syngja?' Han sat kanskje bak knappane for Hendrix, men han er absolutt ikkje Hendrix, så mykje kan eg seia.» Tidlegare AC/DC-manager Michael Browning fortel i boka Highway to Hell: The Life and Times of AC/DC Legend Bon Scott, «Eg fekk ein telefon frå Malcolm i Florida som sa: 'Denne fyren er håplaus, gjer noko, han prøver å overtala oss til å spela inn den Spencer Davis-songen, 'Gimme Some Lovin',' 'I'm a Man,' eller kva det no var.»[9] Browning vende seg til den Zambia-fødde produsenten Robert John «Mutt» Lange. Lange var mest kjent for å ha produsert Boomtown Rats-hitten «Rat Trap»[10] og post-pub-rockband som Clover,[11] City Boy,[12] og Graham Parker.[13] I 1979 sa vokalist Bon Scott til magasinet RAM: «Tre veker i Miami, og me hadde ikkje skrive noko med Kramer. Så ein dag sa me til han at me skulle ta ein fridag og ikkje bry oss om å komma inn. Det var ein laurdag, og me sneik oss inn i studioet og skreiv ned seks låtar, sende lydbandet til Lange og spurde: 'Vil du jobba med oss?'». Bandet hadde òg fått nytt management, sparka Michael Browning og tilsett Peter Mensch, ein aggressiv amerikanar som hadde vore med på å utvikla karrierane til Aerosmith og Ted Nugent.

Innspeling endre

Innspelinga starta i Roundhouse Recording Studios i Chalk Farm nord i London i mars 1979. I boka Highway to Hell skriv Clinton Walker: «Bandet flytta praktisk talt inn i Roundhouse Studios i Chalk Farm og var det meste av tre månader der. Det var til å byrja med eit sjokk for AC/DC, som aldri tidlegare hadde brukt meir enn tre veker på eit album. Innspelingane for albumet – 15 timar om dagen, dag ut og dag inn, i over to månader - var slitsamt. Songar vart omarbeidde og omarbeidde.» Lange si kompromisslause tilnærming vart verdsett av bandet, som sjølv alltid hadde hatt ein solid arbeidsmoral. I ein artikkel av Mojo-skribenten Sylvie Simmons uttalte Malcolm Young at Lange «likte enkelheita i eit band. Me var alle minimalistar. Me følte at det var den beste måten å vera på. Han visste at me alle var dedikerte, så han skjønte det på ein måte. Men han sørgde for at spora var solide, og han kunne høyra om ei skarptromme berre gjekk av.» I same artikkel legg Angus Young til: «Han var veldig nøye med lyden, med å finna rette gitarar og trommer. Han kunne nullstilla seg - og han var òg god på vokalsida. Sjølv Bon var imponert over korleis han fekk stemma si til å høyrast ut.» Turnémanageren Ian Jeffery, som var til stades under innspelingane, fortel:

Mutt tok dei gjennom så mange endringar. Eg hugsar ein dag Bon kom inn med teksten til «If You Want Blood». Han byrjar å syngja han og slit, skjønner du? Det var meir pust enn stemme som kom ut. Mutt seier til han: «Høyr her, du må koordinera pusten din.» Bon sa: «Du er så jævlig god, di fitte, gjer det sjølv!» Mutt sat i setet sitt og gjorde det utan å reisa seg! Det var då alle tenkte: «Kva faen er det me har med å gjera her?»[14]

I AC/DC: Maximum Rock & Roll skriv Arnaud Durieux at Lange, som var utdanna songar, viste Scott korleis han skulle pusta for å bli ein teknisk betre songar på songar som «Touch Too Much», og at han sjølv var med på korvokal og måtte stå på den andre sida av studioet fordi hans eiga stemme var så markant. Den melodiske korvokalen var eit nytt element i lydbiletet til bandet, men poleringa Lange tilførte, gjekk ikkje på kostnad av den karakteristiske knasinga til bandet, noko som gjorde både bandet og Atlantic Records nøgde på same tid.

Lange gav òg Angus nokre nyttige leksjonar og instruerte han i å spela soloane sine medan han sat ved sida av produsenten. Jeffrey hugsar: «Mutt sa: 'Sett deg her, så skal eg seia kva du skal spela'. Men han sat ved sida av Mutt, og Mutt tvinga han ikkje, han berre peika på gripebrettet og sa: 'Her, dette...' og 'Hold den...' og 'Gå inn i den...'. Det var soloen frå 'Highway To Hell'. Det var fantastisk! Og det fekk dei verkeleg til å bli merksame på Mutt òg. Han bad dei ikkje om å gjera noko han ikkje kunne gjera sjølv, eller gjekk i rette med dei og sa at det har vore feil tidlegare, ikkje noko sånt. Han masserte dei verkeleg inn i det som vart albumet.»

Songar endre

Den mest kjende låten på albumet er tittelsporet. Heilt frå starten av mislikte Atlantic Records ideen om å bruka låten som albumtittel, noko Angus seinare sa til Guitar World-skribenten Alan Di Perna:

Berre fordi du kallar eit album «Highway to Hell», får du mykje pepar. Og alt me hadde gjort var å skildra korleis det er å vera på vegen i fire år, slik me hadde vore. Mykje av tida var buss- og bilturné, utan pause. Du kryp av bussen klokka fire om morgonen, og ein journalist som skriv ei sak, spør: «Kva ville du kalla ein AC/DC-turné?». Vel, det var ein motorveg til helvete. Det var det verkeleg. Når du søv med sokkane til vokalisten fem centimeter frå nasen, er det ganske nær helvete.[15]

.

I eit intervju med Bill Crandall frå Rolling Stone i 2003 fortalde Angus om korleis songen vart til:

Me var i Miami og var heilt blakke. Malcolm og eg spelte gitar i eit øvingsstudio, og eg sa: «Eg trur eg har ein god idé til ein intro», som var byrjinga på «Highway to Hell». Han hoppa opp på trommesettet og banka rytmen for meg. Det var ein fyr der inne som jobba saman med oss, og han tok med seg kassetten me hadde han på heim og gav han til ungen sin, og ungen hans øydela han [ler]. Bon var flink til å reparera øydelagde kassettar, og han limde han saman igjen. Så me mista i alle fall ikkje melodien.

Orda til «Highway to Hell» fekk ein ny klang då Scott drakk seg i hel i 1980. Steve Huey frå AllMusic observerte det:

Teksten viste ein kraftig, sta sjølvstende i hans val av livsstil («Askin' nothin', leave me be»; «nobody's gonna slow me down»), men ikkje eigentleg einsemd (om helvete: «goin' down! party time! my friends are gonna be there too»). Det er ironisk at Scott verkar mest levande når han ser døden i auga med den fryktlause bravaden i «Highway to Hell», men det er unekteleg sant, særleg med tanke på den fullstendig vanvitige framferda hans. Den uskulerte styggheita i vokalen hans, det lekne med korleis han brukte dette til sin fordel, jamringa, knurringa, skrika og skrapinga - alle desse kvalitetane er med på å gi songen ein uhemma entusiasme, som han utan dette kanskje ville verka ambivalent.[16]

Tekstane til Scott på Highway to Hell handlar for det meste om begjær («Love Hungry Man», «Girls Got Rhythm»), sex («Beating Around the Bush», «Touch Too Much», «Walk All Over You») og festing på byen («Get It Hot», «Shot Down in Flames»). I sine memoarar om bandet frå 2006 avslører Murray Engelheart at Scott meinte at tekstane i songar som «Gone Shootin'» frå den førre Powerage var «rett og slett for alvorlege.»

«Touch Too Much» vart første gong spelt inn i juli 1977 med eit radikalt annleis arrangement og tekst enn på Highway to Hell. Den endelege versjonen vart framført av Scott og AC/DC på BBC-progammet Top of the Pops nokre dagar før songarne døydde i 1980. Låten «If You Want Blood (You've Got It)» lånte tittelen på livealbumet til bandet frå året før og stammar frå svaret Scott gav til ein journalist på Day on the Green-festivalen i juli 1978: På spørsmål om kva dei kunne forventa seg av bandet, svarte Scott «Blood».

Det innleiande gitarriffet i «Beating Around the Bush» har vorte omtalt av journalisten Phil Sutcliffe som «nesten ein hyllest... ein refleksjon, eg nølar med å sei ein kopi av «Oh Well» av Fleetwood Mac.[17][18][19]

På spørsmålet «Kva er den verste plata du nokosinne har laga?», svarte Angus i 1998: «Det er ein song på Highway to Hell som heiter 'Love Hungry Man' som eg må ha skrive etter ein kveld med dårleg pizza – det kan du klandra meg for.»[20]

Den kanskje mest berykta låten på plata er «Night Prowler», hovudsakleg på grunn av assosiasjonen til seriemordaren Richard Ramírez. I 1985 byrja ei mykje omtalt drapssak å dreia seg om Ramírez, som var ansvarleg for meir enn 15 brutale drap, og dessutan ei rekkje valdtekter og drapsforsøk, i Los Angeles. Ramírez, som fekk tilnamnet «Night Stalker», var fan av AC/DC, spesielt «Night Prowler», og politiet hevda at han hadde late etter seg ei AC/DC-hue på ein av åstadene. Under rettssaka ropte Ramírez «Hail Satan» og viste fram eit pentagram rissa inn i handflata med tala 666 under.[21] Dette førte til ekstremt dårleg publisitet for AC/DC, der foreldre i Los Angeles protesterte mot konsertar og album av bandet.[22] I episoden av VH1-programmet Behind the Music om AC/DC hevda bandet at låten hadde fått ein mordarisk konnotasjon av Ramírez, men at han eigentleg handlar om ein gut som snik seg inn på soverommet til kjærasten om natta medan foreldra søv, trass i tekstar som «And you don't feel the steel, till it's hanging out your back». [23] Dei siste orda som Scott seier i songen, og dermed på albumet, er «Shazbot, na-nu na-nu», frasar uttalt av hovudpersonen Mork (eit vitjande romvesen spelt av Robin Williams) i den populære amerikanske situasjonskomedien Mork and Mindy.

 
Den tidlegare vokalisten Bon Scott (i midten) i lag med gitaristen Angus Young (til venstre) og bassisten Cliff Williams (bakarst) på Ulster Hall i august 1979

Utgjeving endre

Highway to Hell vart opphavleg gitt ut 27. juli 1979 av Albert Productions, som lisensierte albumet til Atlantic Records for utgiving utanfor Australia, og det vart gitt ut på nytt av Epic Records i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien. I Australia vart albumet opphavleg gitt ut med eit litt annleis plateomslag, med flammar og ei teikning av ein bassgitarhals lagt over det same biletet av bandet som vart brukt på det internasjonale omslaget. AC/DC-logoen er òg ein mørkare nyanse av raudbrun, men aksentane er litt lysare. Utgivinga i Aust-Tyskland hadde eit anna og mykje enklare design på framsida og baksida av albumet, tilsynelatande fordi styresmaktene ikkje var fornøgd med omslaget slik det vart gitt ut andre stader.

«Highway to Hell» er med i filmen Final Destination 2 frå 2003 og Percy Jackson & the Olympians: The Lightning Thief frå 2010. «If You Want Blood (You've Got It)» er med i filmane Empire Records (1995), The Longest Yard (2005), The Dukes of Hazzard (2005), Shoot 'Em Up (2007) og Final Destination 5 (2011). «Walk All Over You» er med i 2010-filmen Grown Ups. «Touch Too Much» er med på soundtracket til videospelet Grand Theft Auto IV: The Lost and Damned, og han var òg temalåten for World Wrestling Federation Summarslam-arrangement i 1998.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [24]
Blender     [25]
Classic Rock     [26]
Encyclopedia of Popular Music     [27]
The Great Rock Discograhy8/10[28]
MusicHound Rock4.5/5[29]
Rolling Stone     [2]
Smash Hits3/10[30]
Spin Alternative Record Guide7/10[31]
The Rolling Stone Album Guide     [32]

Albumet vart den første plata til AC/DC som nådde topp 100 på den amerikanske Billboard 200-lista, til slutt på 17. plassen, og det førte bandet inn i toppen blant hardrock-gruppene. Det er det nest mest selde AC/DC-albumet (etter Back in Black) og blir generelt rekna som eit av dei beste hardrockalbuma nokosinne. Den 25. mai 2006 vart albumet sertifisert med 7× platinaplate av RIAA.[33]

Om albumet skreiv Greg Kot i Rolling Stone: «Låtane er meir kompakte, refrenga er feita opp av rugbylagharmoniar. Den beste augneblinken: Scott avsluttar den hoftevridende 'Shot Down in Flames' med ei kakling som er Wicked Witch of the West verdig.»[2] I ein artikkel i Rolling Stone frå 2008 skreiv David Fricke: «Superprodusenten 'Mutt' Lange forma AC/DCs røffe granittrock til hitliste-smart boogie på dette albumet.» AllMusic kalla låten «Highway to Hell» for «ein av tidenes hardrock-anthems.»[24] Albumet vart rangert på 199. plassen lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003.[34] Det var på 200. plassen på den reviderte lista frå 2012.[35] Boka The 100 Greatest Australian Albums frå 2010 inkluderte Highway to Hell på topp 50 (Back in Black var nr. 2).[36]

I 2013 gjekk AC/DC-fansen Steevi Diamant og Jon Morter (som stod bak ein Rage Against the Machine-kampanje på Facebook i 2009) i spissen for ein Facebook-kampanje for å gjera «Highway to Hell» til ein julesingle på UK Singles Chart, for å feira AC/DC sitt 40-årsjubileum og for å hindra at The X Factor skulle få endå ein nummer éin-hit.[37] Kampanjen samla inn pengar til Feel Yourself, ein testikkelkreft-medvitsorganisasjon.[38] Songen nådde fjerdeplass på Official Singles Chart for juleveka det året, noko som gjorde han til den første britiske topp 10-singelen nokosinne.[39]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Highway to Hell»3:29
2.«Girls Got Rhythm»3:24
3.«Walk All Over You»5:10
4.«Touch Too Much»4:28
5.«Beating Around the Bush»3:55
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Shot Down in Flames»3:23
2.«Get It Hot»2:35
3.«If You Want Blood (You've Got It)»4:38
4.«Love Hungry Man»4:18
5.«Night Prowler»6:13

Medverkande endre

AC/DC

Teknisk

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1979-1981) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[40] 13
Canada Top Albums/CDs (RPM)[41] 40
Nederlandske album (MegaCharts)[42] 14
Tyske album (Offizielle Top 100)[43] 7
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[44] 46
Norske album (VG-lista)[45] 38
Svenske album (Sverigetopplistan)[46] 24
Britiske album (OCC)[47] 8
US Billboard 200[48] 17
Liste (2007-2009) Plassering
Australske album (ARIA)[49] 27
Austerrikske album (Ö3 Austria)[50] 38
Finske album (Suomen virallinen lista)[51] 37
Italienske album (FIMI)[52] 81
Spanske album (PROMUSICAE)[53] 67
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[54] 57
Liste (2011) Plassering
Franske album (SNEP)[55] 135
Liste (2020) Plassering
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[56] 156

Årslister endre

Liste (1980) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[57] 4

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[58] Gull 30 000x
Australia (ARIA)[59] 5× Platina 350 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[60] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[61] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[62] Platina 400 000*
Italia (FIMI)[63] Platina 100 000*
Polen(ZPAV)[64] Gull 50 000*
Spania(PROMUSICAE)[65] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[66] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[67] Platina 300 000^
USA (RIAA)[68] 7× Platina 7 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «BPI Salstrofé for AC/DC». 
  2. 2,0 2,1 2,2 Kot, Greg (25. februar 2003). «Highway to Hell». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. juni 2017. Henta 20. juni 2012. 
  3. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 3. ISBN 9780862415419. 
  4. {«Tour History 1973-2016». ac-dc.net. Arkivert frå originalen 24. juni 2022. Henta 17 Aug 2022. 
  5. Wall, Mick (15. april 2016). «AC/DC: Back In Black & For Those About To Rock We Salute You». loudersound. Arkivert frå originalen 18. september 2021. Henta 17 Aug 2022. 
  6. Kreps, Daniel (23. oktober 2017). «George Young, Easybeats Guitarist and AC/DC Produsent, Dead at 70». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. april 2022. Henta 28. mai 2023. 
  7. Engleheart, Murray (2008). AC/DC : maximum rock & roll. New York. s. 257. ISBN 9780061133923. 
  8. {Wall, Mick (6. november 2013). «AC/DC: The Making Of Highway To Hell». loudersound. Arkivert frå originalen 26. mars 2019. Henta 27. mars 2019. 
  9. Polcaro, Rafael (31. januar 2022). «Hvorfor AC/DC valgte å ikke ha Eddie Kramer som Highway To Hell-produsent». Rock And Roll Garage. Arkivert frå originalen 1. februar 2022. Henta 28. mai 2023. 
  10. Griffiths, Daniel (18. desember 2020). «5 spor produsents need to hear by... Mutt Lange». MusicRadar (på norsk). Arkivert frå originalen 25. september 2021. Henta 28. mai 2023. 
  11. {{«History». Clover. Arkivert frå originalen 28. mai 2023. Henta 28. mai 2023. 
  12. {{«City Boy». renaissancerecordsus.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2023. Henta 28. mai 2023. 
  13. «Graham Parker & the Rumour, Graham Parker - Heat Treatment Album Reviews, Songs & More». allmusic. Arkivert frå originalen 22. april 2022. Henta 28. mai 2023. 
  14. Louder, Mick Wall2013-11-06T18:00:00 309Z (6. november 2013). «AC/DC: The Making of Highway To Hell». loudersound. Arkivert frå originalen 26. mars 2019. Henta 28. mai 2023. 
  15. Di Perna, Alan (6. februar 2008). «AC/DC: Hard As A Rock». Guitar World. 
  16. Huey, Steve. «Highway to Hell - Song Review». Allmusic. 
  17. {«ACDC - Highway To Hell. A Classic Album Under Review (Part 6 of 8)». YouTube. 15. februar 2013. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. 
  18. Archived at Ghostarchive and the Wayback Machine: «Fleetwood Mac - Oh Well (Part 1 & 2)». YouTube. Henta 18. april 2021. {
  19. {«YouTube». YouTube. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 18. april 2021. 
  20. Sheppard, David (February 1998). «Famous last words: Angus Young». Q. #137: 178. 
  21. «FindLaw's Supreme Court of California case and opinions.». Findlaw (på engelsk). Arkivert frå originalen 18. april 2021. Henta 11. mars 2021. 
  22. {«AC/DC The Case of the Night Stalker». Crabsody in Blue. Arkivert frå originalen 3. mai 2010. Henta 25. mai 2010. 
  23. «Metal made me do it». Revolver. 1. september 2007. Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 25. mai 2010. 
  24. 24,0 24,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Highway to Hell – Allmusic». AllMusic. Arkivert frå originalen 22. juli 2011. Henta 20. mai 2023. 
  25. Twist, Carlo. «Highway to Hell». Blender. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. Henta 20. mai 2023. 
  26. Rock, Classic (26. juli 2019). «AC/DC: Highway To Hell album review». Loudersound. Arkivert frå originalen 27. juli 2019. Henta 3. oktober 2019. 
  27. Larkin, Colin (2011). «AC/DC». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  28. Strong, Martin C. (2004). «AC/DC». The Great Rock Discograhy (7th utg.). Canongate U.S. ISBN 1841956155. 
  29. Graff, Gary, red. (1996). «AC/DC». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  30. Starr, Red (August 23 – 5. september 1979). «AC/DC: Highway to Hell album review». Smash Hits (Peterborough: EMAP National Publications, Ltd.) 1 (19): 25. ISSN 0260-3004. 
  31. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «AC/DC». Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. ISBN 0-679-75574-8. 
  32. Kot, Greg (25. februar 2003). «Highway to Hell». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. mars 2012. Henta 24. april 2019. 
  33. {«Gold & Platinum - March 20, 2010». RIAA. Arkivert frå originalen 25. juli 2013. Henta 20. mars 2010. 
  34. {«199 Highway to Hell». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 9. januar 2022. 
  35. {«500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Arkivert frå originalen 31. mars 2019. Henta 18. september 2019. 
  36. {O'Donnell, John; Creswell, Toby; Mathieson, Craig (oktober 2010). The 100 Greatest Australia Albums. Prahran i Victoria: Hardie Grant Books. ISBN 978-1-74066-955-9. 
  37. «Hvorfor AC/DC bør bli julens nummer 1 i 2013». Officialcharts.com. Arkivert frå originalen 12. november 2014. Henta 18. april 2021. 
  38. {JustGiving. «Les Jons historie». Arkivert frå originalen 21. desember 2013. Henta 17. desember 2013. 
  39. Lane, Dan (22. desember 2013). «X Factor's Sam Bailey crowned 2013 Official Christmas Number 1». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 22. desember 2013. Henta 23. desember 2013. 
  40. Kent, David (1993). Australske Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australske Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  41. "Top RPM Albums: Nummer 9462a". RPM. Library and Archives Canada.
  42. "AC/DC – Highway to Hell". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  43. "Offiziellecharts.de – AC/DC – Highway to Hell" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  44. "AC/DC – Highway to Hell". Charts.org.nz. Hung Medien.
  45. "AC/DC – Highway to Hell". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  46. "AC/DC – Highway to Hell". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  47. "AC/DC | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  48. "AC-DC Album & Song Chart History" Billboard 200 for AC-DC. Prometheus Global Media.
  49. "AC/DC – Highway to Hell". Australiancharts.com. Hung Medien.
  50. "AC/DC - Highway to Hell" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  51. "AC/DC: Highway to Hell" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  52. "AC/DC – Highway to Hell". Italiancharts.com. Hung Medien.
  53. "AC/DC – Highway to Hell". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  54. "AC/DC – Highway to Hell". Swisscharts.com. Hung Medien.
  55. "AC/DC – Highway to Hell". Lescharts.com. Hung Medien.
  56. "AC/DC – Highway to Hell" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  57. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1980. Arkivert frå originalen 220. mai 2023. Henta 2. april 2022. 
  58. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 21. februar 2013. 
  59. «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  60. «Austrian album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter AC/DC in the field Interpret. Enter Highway to Hell in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  61. «Canadian album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». Music Canada. 
  62. «French album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  63. «Italian album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter AC/DC in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  64. «Polish album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  65. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 953. ISBN 84-8048-639-2. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2021. Henta 23. august 2019. 
  66. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (AC/DC; 'Highway to Hell')». Hung Medien. 
  67. «British album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». British Phonographic Industry.  Enter Highway to Hell in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  68. «American album salstrofé – AC/DC – Highway to Hell». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH